- Makrobiotikk er eit kosthaldsprogram som har opphavet sitt i japanske og kinesiske tradisjonar.
- Det blir brukt ved mange ulike helseplager.
- Ut frå kriteria våre ligg det ikkje føre solid vitskapleg dekning for å hevda at makrobiotikk verkar slik det blir promotert.
- Det ligg ikkje føre nokon dokumentasjon om tryggleiken ved makrobiotikk i kjeldene våre.
I mars 2015 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar om makrobiotikk. Det betyr at det etter kriteria våre ikkje finst solid vitskapleg dekning for å hevda at slik behandling verka.
Generelle tryggingsreglar
- Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke.
- Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søkjer hjelp for. Få det klart korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp.
- Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
- NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av omtalen vår eller mangel på omtale av ein spesifikk terapi.
- Sjekk om behandlaren står i Registeret for utøvere av alternativ behandling.
Makrobiotikk er både ein livsfilosofi og ei kosthaldsretning, som har opphavet sitt i japanske og kinesiske tradisjonar. Eit makrobiotisk kosthald baserer seg på teorien om yin og yang, som handlar om å oppnå balanse mellom det rolege, fredelege, kreative og det aktive og energiske.
I metoden blir personlegdommane til klientane og ulike matsortar delte inn i yin og yang: Personar som ifølgje teorien er "utprega yin", bør eta meir yang-mat - og omvendt. Utøvarane meiner at dette bidreg til balanse mellom yin og yang. Dei meiner også at kosthaldsbehovet til klienten vil variera etter klima, årstid, kjønn, personlegdom, aktivitet, og helsetilstand.
Behandlingsforma blir knytt til det utøvarane kallar kvar enkelt klient sin grunnstamme i kosthaldet. Ifølgje teorien er denne i Europa havre, rug, bygg og kveite, i Midtausten hirse, i Austen ris, medan han i Amerika er mais. Makrobiotisk diett er heilt eller delvis fri for alkohol, kaffi, te, mjølkeprodukt, sukker, sjokolade, raffinert mjøl, kjøtt og egg.
Metoden vart introdusert i Vesten som ein streng diett i 1950-åra, av japanaren George Oshawa. I dag blir det gjerne halde kurs i metoden, der utøvarane/ kurshaldarane føreslår metoden som behandling ved mange ulike helseplager og sjukdomar.
- Bruset S. og Poleszynski D. (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste, Oslo.
- NOU 1998:21 Alternativ medisin, Makrobiotikk
Les også
- Kvalitetssikring av våre artikler
- Om bransjen
- Sjekk om din behandler står i Registeret for utøvere av alternativ behandling i Brønnøysund.