Magnetterapi

Denne artikkelen handlar om magnetterapi som alternativmedisinsk behandling av helseproblem.
Image
Bilde av hånd og nedre del av arm med magnetarmbånd i metall rundt håndletted
Foto: Colourbox.com
  • Alternativmedisinsk magnetterapi kan gå føre seg som eigenbehandling med armband, innleggssolar, madrass/ underlag eller andre produkt som inneheld magnetar;
    eller ved å vitje behandlarar som har utstyr som lagar elektromagnetiske felt.
  • Magnetterapi er kjent nytta ved ei rekkje helseplagar og sjukdomar, men og for å utvikle og betre fysiske prestasjonar, musklar, styrke og liknande. Det vert brukt åleine, eller som tilleggsbehandling i manuelle/ fysikalske behandlingar.
  • Det er gjort noko forsking på magnetterapi, men kvaliteten på dokumentasjonen varierar, og resultata sprikar.
  • I skulemedisinen og helsetenesta brukar ein magnetar som eksperimentell behandling (transkraniell magnetisk stimulering (TMS) og repetert transkraniell magnetisk stimulering (rTMS)) for visse tilstandar. 

Interessa for magnetisme som mogleg behandling for helseproblem botnar i dei elektromagnetiske felta som ein veit finst i og kring kroppen. Det er semje om at til dømes signaloverføringar i nervesystemet og muskelsamantrekkingar er knytt til magnetisk aktivitet; at hjartet lagar det største magnetfeltet i kroppen, og at eksponering for ytre elektromagnetiske felt (frå magnetar) kan gi fysiologiske endringar i til dømes bein, i sentralnervesystemet og i utsondring frå kjertlar. I skulemedisinen brukar ein denne kunnskapen til å målretta påverke kroppen med terapeutiske magnetar, med ein styrke på 200-10.000 gauss.

På den alternativmedisinske marknaden forklarar og tilrår ein magneter som gunstige for ei lang og breid rekkje av helseproblem, der ikkje alle kan knyttast til det ein veit om kroppen sine reaksjonar på magnetiske felt, og om grunnane til sjukdom: 

Magnetterapi er kjent brukt ved muskel-, ledd- og skjelettsmertar, stiv nakke/ nakkesmertar, smertar etter operasjon, trøytte, fibromyalgi, revmatiske lidingar, CFS/ ME, beinbrot og forstrekkingar, migrene og hovudverk, bekkenplagar, tinnitus, kreft/ kreftrelaterte plager, MS, Parkinsons, psykiske plager som t.d. angst, depresjon, schizofreni, tvangsliding (OCD) og post-traumatisk stress (PTSD), epilepsi, heitetokter og overgangsplager, hjernebløding, inkontinens, sår som ikkje vil gro, blødinger etter fødsel, somnplager som insomnia og søvnapnè, seksuelle plager, med meire.

Det er gjort forsking på mange, men ikkje alle kjende bruksområde.

Ved søk i juli 2020 etter oppsummert forsking på magnetterapi fann vi fylgjande i kjeldene våre

I ei Cochrane-oppsummering frå 2014 gjekk forfatterne gjennom 21 studiar på ikkje-kirurgiske behandlingar mot kroniske bekkensmerter. Dei konkluderte med at dokumentasjonen var av låg til moderat kvalitet, og at magnetterapi ikkje såg ut til å ha nokon verknad mot denne typen plager.

Ein gjennomgang frå 2012 av 16 studiar på ulike alternative behandlingar ved slitasjegikt (osteoartrose), fann sprikande funn av verknad. Resultata varierte så mykje at forfattarane meinte dei ikkje kunne nyttast til å dra slutningar om det verkar eller ikkje. I den same gjennomgangen vurderte forfattarane også kva studiane sa om leddgikt (revmatoid artritt). Oppsummert ga studiane ikkje støtte til å seie at magnetterapi verkar mot smertar eller rørsle ved leddgikt, men forfattarane meinte det såg ut til å kunne hjelpe slike pasientar å leve betre med denne sjukdomen.

Ei anna Cochrane-oppsummering (2010) av 16 studiar på ulike ikkje-hormonelle behandlingar mot heitetokter hjå brystkreftoverleverar. Forfattarane konkluderte med at studiane ga dokumentasjon nok til å kunne seie at magnetterapi truleg ikkje har noko betyding for frekvensen, styrken eller lengda på heitetokter.Ei oppsummering frå 2009 konkluderte på basis av 112 studiar på ulike behandlingar av lokale smertar, sårheit, stivheit og nedsett funksjon ved myofascielt syndrom at magnetterapi såg ut til å kunne gi ei viss, men kortvarig lindring av slike symptom. 

I ei oppsummering frå 2009 av 23 studiar på ulike alternative behandlingar av vanlege symptom ved fibromyalgi, fann forfattarane at resultata synte ein viss verknad av magnetterapi, men at kvaliteten på studiane var generelt låg. Difor rådde dei til meir og betre forsking for å kunne avgjere om det verkar. 

Ei oppsummering frå 2008 av femti studiar på bruk av magnetar på den kinesiske læra sine aku-punkt ved ei rekkje helseproblem og lidingar, fann at dei fleste av studiane synte verknad. Forfattarane vurderte kvaliteten på studiane som generelt låg, og det var ikkje mogleg å slå saman resultata korkje per helseproblem, behandlingspunkt på kroppen, forskingsmetode og kva målepunkt (endepunkt) som var sett. Forfattarane konkluderte med at funna var interessante, men at ein ikkje kan nytte dei til å seie at magnetbehandling av noko aku-punkt gjev nokon helsegevinst.

Ei tredje Cochrane-oppsummering frå 2003 av 21 studiar på ulike ikkje-kirurgiske behandlingar av karpaltunnelsyndrom, konkluderte med at magnetterapi ikkje såg ut til å gi nokon verknad ut over placebo.

Andre helseproblem: 
Det er gjort forsking - av ulike typar - på magnetterapi brukt ved fleire bruksområde, sjukdomar og lidingar, men her manglar det kunnskapsoppsummeringar i kjeldene våre. Etter våre kriterie manglar vi då generelt dokumentasjon av god nok kvalitet til å kunne seie noko om behandlinga har verknad eller ikkje.

For magnetterapi gjeld dette: forbetring av styrke og fysiske prestasjonar, muskelstyrke og gripeevne, senebetenning (tendinopati), nakke- og ryggsmertar, diabetisk nevropati, kraftige menstruasjonssmertar (dysmenorè), fibromyalgi, heiling av beinbrot, somnplager, tinnitus, migrene og hovudverk, MS, tannkjøtsjukdom, post-polio syndrom, blødingar hjå kvinner etter fødsel, seksuelle problem, opptrening etter hjernebløding, inkontinens/ urinlekkasje, sårheiling.

Magnetterapi ser ut til å være trygt for dei fleste. Gjennom forskinga er det rapportert om nokre relativt milde, forbigåande uønska verknadar etter bruk av både magnetprodukt og magnetfeltbehandling hjå behandlar: sterkare menstruasjon (smertar og bløding, svimle, kvalme, auka kjensle i huden og konsentrasjonsproblem. Det er enno uklart i kva grad desse faktisk skuldast magnetterapien/ magnetismen som ein vert eksponert for. I nokre tilfelle brukast magnetterapi ved at magnetar vert teipa fast på kroppen. Det er rapportert at slik teip har gitt kløe, utslett og andre allergiske reaksjonar. 

Ein bør likevel vere klar over det fylgjande: 

  • Det ein veit om magnetane og magnetiske felt sitt potensiale for verknad på menneskekroppen, famnar og lågare produksjon av melatonin, kromosom-forandringar, endra enzymaktivitet, endringar i elektroencefalografi (EEG) og redusert immunrespons. Saman med observasjonar gjer dette at forskarar åtvarar mot lang tids eksponering for sterke magnetfelt, fordi dei fryktar at dette kan gi høgre risiko for t.d leukemi og brystkreft hos både menn og kvinner.
  • Potensialet for endring av kromosoma og observasjonane av økte blødingar hjå kvinner gjer at forskarane rår gravide til vere på den sikre sida, inntil ein veit meir om moglege samanhengar.
  • Personer som har fått operert inn elektrisk medisinsk utstyr generelt og pacemaker særskilt, bør drøfte bruk av magnetterapi med lækjaren sin før dei eventuelt prøvar magnetterapi. Dette gjeld og personer med epilepsi.

Alle som vil kan kalle seg magnetterapeut og gje slik behandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan magnetterapi eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvaret som autorisert helsepersonell har. 

Den største risikoen ved magnetterapi er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli dårligare fordi pasienten sjølv og/ eller terapeuten feiltolkar eller overser viktige symptom som krev undersøkjing og behandling, og viktig behandling vert forseinka. Denne risikoen gjeld ved alle typar alternativ behandling.

Generelle tryggingsreglar

Det er vanskeleg å seie eksakt når ein byrja å bruke magnetar med helserelaterte mål. Magneter har vore brukt slik i Hellas, Egypt og Kina i over 2000 år. Ordet magnetisme kjem truleg av Magnesia, som er namnet på staden i Hellas der ein byrja å utvinne  magnetsteinar. På den tida meinte ein at slike steinar hadde magiske evner.

Ein tidleg teori gjekk ut på at slike steinar kunne trekkje sjukdom ut av kroppen, omtrent som når magnetar trekk til seg jernspon. Ein seinare forklaring var at visse helseproblem skuldast svikt eller feil i kroppen sine magnetiske felt, og at magnetar då kunne korrigere desse felta slik at ein vart frisk. I dag vert den alternativmedisinske magnetterapien ofte forklart med at magnetar korrigerer ubalansar, fremjer kroppens si evne til å helbrede seg sjølv, styrkjer immunforsvaret, og/ eller verkar rensande ved å auke utskiljinga av avfall, tungmetall og andre farlege stoff. Nokon meinar at magnetane kan nyttast i staden for nåler på aku-punkta i den kinesiske læra. Desse forklaringane har ikkje støtte i vitskapen. 

I magnetterapi frå ein behandler nyttar ein ofte større og kraftigere magnetar enn dei som er meint for eigenbehandling (armband osb). Slike behandlar kallar ofte tilbodet sitt magnetfeltterapi. Under slik behandling vil pasienten oftast opphalde seg heilt eller delvis inne i en magnettrommel, der det vert skapt eit elektromagnetisk felt. Behandlaren vil regulere styrkjen og frekvensen på dette feltet alt etter det han meiner er gunstig for det helseproblemet som pasienten søkjer behandling for.

Slik magnetfeltterapi vert gitt av alternative behandlarar som både hoved- og tilleggsbehandling, og av autorisert helsepersonell som tilleggsbehandling.

Andre namn og variantar

Variantar/ andre norske namn: magnetfeltterapi/ behandling, elektromagnetisk terapi/ behandling, magnettrommel, -plaster, -armbånd, -halsbånd, -madrass, -teppe, -underlag, -solar.

Utanlandske namn: Aimant, Aimant Statique, Biomagnetism, Biomagnétisme, Bracelet Magnétique, Collier Magnétique, Electromagnetic Therapy, Magnet, Magnetic, Magnetic Bands, Magnetic Bracelet, Magnetic Mattress, Magnetic Necklace, Magnetic Stimulation,  Magnetism, Magnétisme, Magnetoterapia, Magnétothérapie, Magnets, Matelas Magnétique, PEMF, PEMFT, PEMT, Pulsed Electromagnetic Therapy, Pulsed Electromagnetic Field Therapy, Repetitive Magnetic Stimulation, Static Magnet, Static Magnet Therapy, Stimulation Magnétique, Stimulation Magnétique Transcranienne, Terapia con Campos Magnéticos, Thérapie par Champ Électromagnétique, Thérapie par Champ Électromagnétique Pulsé, Thérapie Électromagnétique, Thérapie Magnétique.

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: