Kiropraktikk

Kiropraktikk er ei form for manuell/ fysikalsk behandling, som i Noreg fram til 1989 vart regulert som alternativ behandling.
Image
Bilde av mann som ligger på behandlingsbenk og får behandling av nakke og rygg
Foto: Colourbox.com

"Kiropraktor" har vore ein beskytta tittel øyremerkja autorisert helsepersonell sidan 1989, då yrkesgruppa vart inkludert i helsepersonellova (lenke til lovdata). Kiropraktikk har sidan då vore å rekne som skulemedisinsk behandling - ikkje som alternativ behandling. Spørjeundersøkingar har likevel vist at mange framleis trur at kiropraktikk blir rekna som og handtert som alternativ behandling.

Dei fleste kiropraktorar i Noreg arbeidar på private klinikkar, sjølv om dei representerer og er ein del av den offentlege (spesialist-) helsetenesta. I Noreg kan ein oppsøke kiropraktor direkte, eller via tilvising frå lækjar. Det offentlege dekkjer noko av kostnadane ved kiropraktisk behandling.

Kiropraktorane kan tilvise pasientane sine vidare, og dei har også rett til å sjukemelde pasientane sine. Du kan lese meir om dette hjå Helsenorge.no.  

Dersom det skjer feil eller skade som følgje av kiropraktisk behandling hjå ein kiropraktor i Noreg, har pasienten rettar ifylgje pasient- og brukarrettsloven (lenke til lovdata.no). Som autorisert helsepersonell er kiropraktorane også underlagde fagleg tilsyn og klagebehandling hjå Helsetilsynet.

Vurderer du å oppsøke kiropraktor i utlandet, bør du vera merksam på at regelverket varierer. Til dømes har om lag ein tredel av dei europeiske landa inga spesifikk regulering av kiropraktikk - det vil seie at kven som helst kan tilby og praktisere det, utan krav til dokumentert kompetanse eller offentleg autorisasjon/ lisens. Dermed varierer også den profesjonelle parten sitt ansvar, og tryggleiken din som pasient. 

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: