Holotropisk terapi

Holotropisk terapi består hovudsakeleg av fastsette pusteøvingar, som skal hjelpe mot både fysiske og psykiske problem ved å løfte pasienten til eit høgare nivå av medvite.
Image
Bilde av kvinne i hijab som gjør pusteøvelse med hav i bakgrunnen.
Illsutrasjonsfoto: Colourbox.com

Holotropisk terapi er beskrive som ein metode for å utforske og auke sjølvinnsikten sin, og som terapi for å frigjere vonde opplevingar og minne slik at ein kan oppleve ein gunstig vekst både fysisk og psykisk.

Den holotropiske terapien er sett saman av fleire element. Ein skal puste raskt og djupt med attletne auge, medan ein lyttar til høg musikk og gjer spesifikke kroppsrørsler. Hjå ein behandlar eller i ein workshop med fleire pasientar tilstade, er det vanleg at terapeuten eller ein medpasient tek på pasienten for å roe og støtte han/ ho under desse øvingane.

Samtidig skal pasienten konsentrere seg om det terapien kallar interne prosessar, og prøve å knytte saman innpust og utpust til ein vedvarande heilskap. Målet er å utvikle seg til stadig høgre nivå av medvite; der vonde minne, opplevingar og stressfaktorar ikkje lenger løyser ut negative kjensler og reaksjonar, og muskelspenningar og andre kroppslege symptom skal forsvinne. 

Terapien har vore særleg promotert for rusavvenning, med at høgre nivå i sinnet og medvitet kan opplevast gjennom hyperventilering istadenfor med rusmiddel.

Det er semje om at traume og undertrykte kjensler kan påverke korleis ein reagerar både fysisk og mentalt, og at korleis ein har det psykisk kan føre til stressreaksjonar så som spente musklar, smerter, med meire. Det er også god dokumentasjon for at konsentrerte avspenningsøvingar generelt - herunder kontrollert pusting - kan verke positivt. 

Fokus på eit fysisk rituale eller på ein konkret aktivitet (som t.d pustinga) og medviten auke i respirasjonsfrekvens kan i teorien mellombels svekke dei psykologiske forsvarsmekanismane våre, og opne for nye oppfatningar av både gamle minne og nosituasjonen. Ein veit også at musikk kan verke både beroligande og bidra til ein meditativ tilstand. "Høgre nivå av medvitet" er derimot eit teoretisk konsept, der rørsle (eller ikkje rørsle) mellom ulike tenkte nivå ikkje let seg påvise med objektive målemetodar. 

Ved søk i kjeldene våre i juli 2020 etter oppsummert forsking på holotropisk terapi, fann vi fylgjande:

Rusavvenning

I ei oppsummering frå 2019 gjekk Nardini-Bubols med fleire gjennom forskinga på ulike transpersonlege psykologiske behandlingar for styrt avvenning frå narkotiske stoff. Forfattarane fann at mange av studiane synte  ulike framsteg i avvenninga; opplevingar av auka livskvalitet, ro og velvere, samt mindre psykisk og fysisk smerte hjå deltakarane. Dei konkluderte med at desse funna treng støtte frå meir og betre forsking før ein kan slå det fast at behandlinga verkar.

Sjølvinnsikt

Miller og Nielsen gjekk i 2015 gjennom forsking på behandlinga for auka sjølvinnsikt. Dei fann at behandlinga ser ut til å hjelpe folk med å handtere temperamentet og å utvikle ulike måptar å reagere på. Pasientane opplevde seg sjølve som mindre krevjande, dominerande og mindre fiendtleg innstilte.

Pusteøvingar vert generelt rekna som trygt for dei fleste, med få vanlege eller alvorlege biverknadar.

I forskinga som er gjort på holotropisk terapi vert nokre grupper likevel rådde til varsemd. Grunnane til dette er hovudsakleg at intens pusting (hyperventilering) teoretisk kan forverre visse helseproblem og -tilstanden, samt at slik pusting under visse høve kan medføre smittefare. Grupper som vert rådd til aktsemd er:

Personar med glaukom; astma; osteoporose; hjarte-/ karsjukdom; netthinneløysing; utposing på blodårer; krampelidingar; dei som er nyopererte; stomi-opererte; dei som har alvorlege psykiske sjukdomar, brukar sterke medisinar; har smittsame sjukdomar, og/ eller kvinner som er gravide.

Forskinga peikar også på at helsetilstanden for personar med psykiske lidingar kan bli verre når ein medvite fokuserer på vonde minne og opplevingar, og at ein då kan trenge hjelp og oppfølging frå fagfolk.

Pasientar som ikkje opplever betring eller som ikkje når "høgre nivå av medvitet", kan oppleve at dei feilar i ansvaret for eiga betring. Dette kan medføre ekstra belastning i ei tung tid.

I Noreg kan alle som vil kalle seg holotropisk terapeut og gje slik behandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan holotropisk terapi eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvaret som autorisert helsepersonell har. 

Den største risikoen ved holotropisk terapi er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli dårlegare fordi pasienten sjølv og/ eller terapeuten feiltolkar eller overser viktige symptom som krev undersøkjing og behandling, og viktig behandling vert forseinka. Denne risikoen gjeld ved alle typar alternativ behandling.

Generelle tryggingsreglar

Holotropisk terapi vart utvikla av den tsjekkiske psykiataren Stanislav Grof og kona hans. Behandlinga vert beskrive som både ein terapi ved og mot konkrete helseproblem, og som ein teknikk for sjølvutvikling og andeleg vekst. Grof var oppteken av å finne alternativ til psykiatrisk behandling med psykedeliske stoff så som LSD, då han meinte at den viktigaste grunnen til betring hjå pasientar med psykiske lidingar var at dei sjølv vaks gjennom ny sjølvinnsikt og forståing av seg sjølve på andre plan. 

Behandlinga byggjer på tanken om at traumer og undertrykte kjensler gir seg utslag i psykiske forstyrringar og fysiske symptom så som muskelspenningar. Slike vert i behandlinga kalla "emosjonelle og bioenergetiske blokkeringar".  Metoden vert tilbydd både som behandling åleine, og vert nytta som teknikk innan fleire samtale/ psykoterapeutiske behandlingar. Metoden vert og lært bort til pasientar for eigenbehandling og sjølvutvikling imellom behandlingstimane.

Ordet "holotropisk" kjem frå gresk og tyder heil (holos) og å røre seg framover (trepein). Holotropisk terapi er ei form for transpersonleg psykologi, der ein legg særleg vekt på dei andelege aspekta ved sinnet. Ei grunnforståing innan dette er at mennesket har eit såkalla holotropisk sinn, med ubegrensa potensial for å vekse og utvikle seg til stadig høgre nivå av medvite, innsikt og forståing av plassen/ funksjonen sin i relasjonar og samfunnet.

Slik indre vekst betyr ifylgje denne læra færre og mindre problem, både psykiske og fysiske. Det finst ei rekkje teknikkar og metodar for sjølvutvikling og eigenbehandling som kviler på dette. Grensa mellom sjølvutvikling og eigenbehandling av helseproblem er ofte flytande.

Den holotropiske terapien er samansett av fleire element, og byggjer på fleire idear både om kva som skaper sjukdom og korleis den kan behandlast. Eksempelvis skal pasienten sitje eller ligge og gjere bestemte visualiseringsøvingar (gjerne av geometriske former og mønster), medan behandlaren eller ein annan pasient tek forsiktig på pasienten for å støtte han/ ho, og det vert spelt høg, intens musikk som skal støtte den holotropiske opplevinga - stemninga og den auka innsikta pasienten skal få.

Terapeutane beskriv og formålet til å vere å frigjere fortrengde kjensler og på den måten løyse opp muskelspenningar. Behandlinga vert ofte nytta ved rusavvenning og ved vanlege psykiske plager, så som ved lav sjølvkjensle, angst/ depresjon, tvangshandlingar, ved aggresjonsproblem, sjølvskading, dårleg kommunikasjon i nære relasjonar, med meire.

Nokre utøvarar legg stor vekt også på gruppeprosessen, der medpasientar lærer av å sjå på og å hjelpe/ støtte kvarandre; og på teikning og tolking av opplevingar ein har hatt under behandlinga. 

Utøvarar av holotropisk terapi forklarar gjerne behandlinga som ein metode for eigen/ indre healing, gjennom samansmelting av kunnskap om medvitet, antropologi, forskjellige former for psykologi, austleg spirituell praksis og universelle mysterietradisjonar. Behandlinga har vorte kritisert mellom anna for å få pasientar til å hallusinere gjennom suggesjon, og at behandlinga blandar saman religion (New age), paranormalitet, sjamanisme og sjølvhjelp med behandling av helseproblem.

Andre namn

Andre norske namn/ nemningar: Holotropisk behandling, -andedrettsterapi, -respirasjon.

Utanlandske namn/ nemningar: Holotropic Breathwork, Grof therapy, Grof Transpersonal Training, Groffing, Rebirth.

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: