Kvantemedisin vert skildra i forskingslitteraturen som ei behandling der utøvarane brukar apparat som skal kunne sende ut elektromagnetiske signal med ulike frekvensar for å undersøkje kroppen for ubalansar. Apparata skal òg kunne sende gunstige frekvensar som hjelper kroppen med å gjenopprette harmoni og balanse.
Utøvarforbundet Norske KvanteMedisinere (NKM) seier på nettsidene sine at kvantemedisin hjelper til med å redusere stress, korrigere ubalansar og fjerne blokkeringar. Dei opplyser òg at ein ved hjelp av desse apparata kan oppdage og behandle alle typar ubalansar og blokkeringar i kroppen, anten årsaka er fysisk, mental eller emosjonell.
«Stress», «ubalanse» og «blokkeringar» har ikkje faste eller eintydige medisinske definisjonar. Innan alternativ medisin vert desse orda ofte brukte når behandlarar forklarer kva dei meiner er dei underliggjande årsakene til pasienten sine symptom og dei diagnosane som legar set.
Kvantemedisinarane opplyser òg at teknologien som vert brukt i behandlinga deira, byggjer på prinsipp frå kvantefysikk og bioenergetikk. Med bakgrunn i at kvantemedisin baserer seg på frekvensar og energi, kallar dei òg behandlinga for energimedisin, informasjonsmedisin, frekvensmedisin, bioenergetisk medisin og avansert biofeedback. Dei opplyser òg at behandlinga på engelsk vert kalla quantum biofeedback.
Samanhengen mellom kvantefysikk og bioenergetikk framstår likevel som uklar, og den antatte verknadsmekanismen ved kvantemedisin vert ikkje støtta av naturvitskapen.
Utøvarane samanliknar apparata dei brukar med medisinske verktøy som er etablerte i helsevesenet. Dei trekkjer parallellar til diagnoseverktøy som EMG (som måler elektrisk aktivitet i musklane), EEG (som måler elektrisk aktivitet i hjernen) og EKG (som måler elektrisk aktivitet i hjartet). Dei viser òg til etablerte behandlingsmetodar i helsevesenet der det vert brukt straum, som til dømes ECT (elektrosjokkbehandling for depresjon) og pacemakere (som hjelper hjartet å slå regelmessig).
Det er viktig å understreke at verknaden og tryggleiken for medisinsk utstyr som vert brukt i helsevesenet er grundig testa og dokumentert for spesifikke helseproblem. Det same kan ikkje seiast om kvantemedisinske apparat, som manglar slik dokumentasjon.
I artikkelen Kan kvantemedisin virke? (2006) gjekk ein fysikkprofessor og ein professor i strålingsbiologi gjennom teorien og apparata som kvantemedisinarane brukar. Dei fann at:
- Det finst ingen truverdig vitskapleg dokumentasjon på at apparata kan diagnostisere og behandle sjukdom.
 - Påstandane om «riktige frekvensar» byggjer på hypotesar som ikkje er testa eller stadfesta.
 - Kvantefysikken spelar ei større rolle i marknadsføringa enn i sjølve behandlingsmetoden.
 
Det er seinare gjort noko innleiande forsking på kvantemedisin for:
- Autisme og andre nevroutviklingsforstyrringar
 - Stress og mentale helseproblem som angst og depresjon
 - Nevroplastisitet, – som er hjernen si evne til å endre og tilpasse seg ved å danne nye koplingar
 
Søk i våre kjelder gjort i september 2025 gav likevel ingen treff på forsking som oppfyller våre kriterium for å kunne seie om kvantemedisin verkar.
På same måte som ved andre former for behandling, må ein rekne med at pasientar kan oppleve ein placeboeffekt av kvantemedisin. Dette kan forklare at pasientar, trass i manglande støtte frå forskinga, likevel opplever effekt av behandling med kvantemedisinske apparat.
Vi har ikkje funne forsking som seier noko om korleis kroppen reagerer på kvantemedisin, eller som seier noko om kor trygt eller utrygt det er å bruke slik behandling.
Forbundet NKM opplyser at det ikkje har blitt rapportert inn kritiske effektar eller biverknader til forbundet sidan det starta i 2007. Dei opplyser vidare at:
- Apparata som terapeutane brukar, har innebygde tryggingsmekanismar som skal hindre overbehandling.
 - Etter behandlinga kan ein oppleve sterke reaksjonar i kroppen som følgje av avgifting. Dei seier desse reaksjonane er forbigåande, men kan kjennast som ekstrem trøytte eller ubehag.
 - Behandling av personar som er transplanterte og brukar immundempande medisinar må gjerast med særleg omsyn, for å unngå å stimulere immunsystemet hjå desse pasientane.
 - For personar med metallprotesar eller større metall i kroppen, kan og skal behandlaren ta høgde for hindra signalstraum under behandlinga.
 - For personar med pacemaker vert behandlinga tilpassa ved at ein ikkje brukar harness (den innretninga som vert festa på pasienten for å sende frekvensar inn i kroppen, red.anm.)
 
NAFKAM har ikkje lukkast med å få meir klarheit i kvifor og korleis desse tilpassingane vert utførte.
Det er ukjent kor mange i Noreg som utøver kvantemedisin utan å vere medlem i NKM, og som dermed ikkje må følgje dette forbundet sine reglar. Alle utøvarar av alternativ behandling må likevel opptre ansvarleg og følgje Lov om alternativ behandling av sykdom mv.
Vi har òg fått opplyst at det er vanleg at kvantemedisinarar kombinerer slik behandling med andre former for alternativ behandling, som til dømes:
- Akupunktur
 - Bachs blomstermedisin
 - Biopati
 - Bowenteknikken
 - Ernæringsterapi
 - Homøopati
 - Kinesisk medisin
 - Mørkefeltsmikroskopi
 - Samtaleterapi/ psykoterapi
 - Soneterapi
 - Vitaminar og mineral
 - Øyreakupunktur
 
Kvar av desse behandlingane kan gi biverknader og er knytt til ulike former for risiko. Sjå "Er det trygt?"-kapitla i desse artiklane.
Vurderer du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle åtvaringar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
I skrivinga av faktaartiklar om alternativ behandling samarbeidar vi, så langt det let seg gjere, med forbund for utøvarar av den aktuelle terapien for å hente inn opplysningar om kva terapien går ut på, kva behandlinga vert brukt for og korleis ho vert gjennomført. I dette samarbeidet kan det oppstå usemje om språkbruk, fokus og framstilling. Les meir om dette her. I dette tilfellet stiller ikkje forbundet Norske Kvantemedisinere (NKM) seg bak artikkelen.
- Shoar, P., Jafari, N. (2025). The Impact of Quantum Biofeedback in Reducing Stress-Related Anxiety and Promoting Neuroplaticity: An Investigative Review. Psychological Applications and Trends.
 - Jana, S., Trivedi, M.K., Trivedi, D. (2024). Quantum Biofield Energy Therapy for Psychological and Mental Health Problems. In: Bennett, G., Goodall, E. (eds) The Palgrave Encyclopedia of Disability. Palgrave Macmillan, Cham.
 - Marianna Stavropoulou, Maria Tsilingiri, Alexandra Hristara Papadopoulou, Ioannis Xinias and Vaios Dafoulis, 2023. “The impact of quantum biofeedback on children with autism and neurodevelopmental disorders”. International Journal of Development Research, 13, (10), 63932-63935.
 - Forskning.no: Kan kvantemedisin virke? (hentet 31.10.25)
 - Lovdata.no: Lov om alternativ behandling av sykdom mv.
 - Norske KvanteMedisinere (NKM) (hentet 31.10.25)
 - Store norske leksikon:
 - Søk i september 2025 etter oppsummert forsking i: