Chakra (sjakra)

I teorigrunnlaget for mellom anna yoga, healing og meditasjonsteknikkar snakker ein om chakra som "energisenter" på ulike stadar i kroppen, som ein skal kunne påverke for å betre eller oppretthalde helsa.

Etter gamal hinduistisk og buddhistisk lære og (seinare) den ayurvediske medisinen, finst det spesifikke energisenter i menneskekroppen, så kalla energihjul. Disse vert kalla chakra, og er sentrale i teorigrunnlaget for mellom anna yoga, healing og meditasjonsteknikkar

Ifylgje dei ulike tradisjonene har kroppen ei rekkje slike energihjul, med ulike roller og funksjonar. Det verkar å vere semje om sju fylgjande hovedchakra:

  • Rotsenteret: lokalisert nedst i ryggrada, på undersida av torsoen.
  • Bekkensenteret: lokalisert nokre centimeter nedanfor navlen. Vert og kalla Harachakra eller Sakralchakra.
  • Navlesenteret: lokalisert litt nedanfor brystbeinet. Vert og kalla Solar Plexus.
  • Hjartesenteret: lokalisert midt på kroppen på høgde med hjartet.
  • Halssenteret: lokalisert i halsgropa.
  • Pannesenteret: lokalisert mellom augebryna. Vert og kalla Pineal, Kunnskapens auge, Visdomens auge, Det indre auget, Det tredje auget.
  • Kronesenteret: vert og kalla Den tusenblada lotusen, lokalisert øvst i hovudet.
Siluett av kropp sittende i lotusposisjon med sju markerte chakraer.
Illustrasjon: Dorota Filipczak/mostphotos.com

Nokre behandlarar seier at dei kan sjå, eller på andre måtar, sanse energisentra dine. Utsjånaden og korleis eit chakra oppfører seg, skal etter læra gje dei informasjon om helsetilstanden din. I denne forståinga er eit chakra rundt i forma, og roterar om lag som eit hjul.

Andre behandlarar nyttar seg av objekt for å få informasjon om tilstanden din: dei nyttar såkalla healingstavar (Chakra massage wands) til å "skanne" kroppen, auraen og energisentra dine. Dei seier at dette hjelp dei med å finne kvar du har problem, og deretter til å reinse og behandle chakra dine for problema dei finn. 

Når behandlaren seier at eit chakra er «ope», meiner hen at det roterar og verkar slik det skal. Opne chakra tyder etter læra at du er frisk og i balanse: Hvis eit chakra er underaktivt, vert andre overaktive, og dette fører til ubalanse. Lista over kva dette skal kunne føre til dette er lang; frå negative tankemønster, traume eller fortrengde kjensler, for lite eller mykje kvile eller mosjon, dårleg eller feil kosthald med meir.

Chakra-læra er kompleks. Ho famnar teoriar om mange, intrikate samanhengar mellom dei spesifikke chakra, kroppen, sjela og universet, karaktertrekka dine, kroppslege styrkar og behov, intellektet og kjenslelivet ditt, samt reaksjonane dine på andre menneske, hendingar og utfordringar, natur og miljø, mat og drykkje med meir.

Framfor å tale om konkrete symptom og sjukdomar, nyttar behandlarane ofte heilskaplege talemåtar: til dømes om chakra som «verkty for å frigjere tanke og kropp» eller til å «endre og utvikle personlege trekk, evner og helsetilstanden din». 

Konseptet om chakra er tilstades i ei rekkje alternative behandlingsformer, i ulik grad og på ulike måtar. Måla med slike  behandlingar vert ofte beskrive som å stimulere energiflyten, løyse opp blokkeringar, rette opp ubalansar og å hjelpe kroppen til å lækje seg sjølv. Dette finn vi mellom anna i den tradisjonelle kinesiske medisinen (TKM), men chakra-læra fokuserar meir på dei ulike chakra framfor TKM sine konsept om meridianar og akupunkturpunkt

Innan til reiki-healing kan utøvarar rette behandlinga spesifikt mot eit chakra, ved å leggje hendene sine på eller halde dei rett over staden der dette skal vere. 

Chakrabalansering er ei beslekta form, der utøvarane på ulike vis søkjer å harmonisere og balansere det dei meiner er mishøve mellom pasienten sine ulike energisenter.

I Chakra-massasje masserar terapeuten deg på staden for det chakra hen meiner treng behandling. Til dette kan terapeuten nytte både hendene sine, lydkjelder (frekvensterapi), eller eteriske oljar som vert smurt på huda der chakraet ifylgje læra ligg. 

Varianten chakra-punktur er ei krysning av healing og akupunktur, der terapeuten set nåler kring eller ved dei chakra som behandlaren meiner treng justering eller balansering. Etter læra skal nålene kunne «re-starte» eit chakra, og ein slik re-start vere helsebringande.

The Chakra Connection er ein sjølvhjelpsteknikk der pasienten ved hjelp av fysiske øvingar, rørsler og stillingar sjølv skal kunne opne chakra og hjelpe livsenergien å strøyme optimalt. 

I teknikkar innanfor yoga, meditasjon og visualisering nyttar ein chakra som konkrete fokuspunkt både for kroppen, spesifikke kroppsfunksjonar, kjensler, tankar med meire: du skal rette merksemda di mot eit chakra og freiste å justere eller balansere det ved hjelp av pust og tanke. 

Det finst og ei rekkje produkt og gjenstandar på marknaden som meiner å påverke energisentra dine gunstig: medaljongar, smykke eller armband til å ha på seg, pyntegjenstandar for heimen laga av spesifikke steinsortar og metall, røykjelse og duftlys, meditativ musikk og lydar, bilete og plakatar med spesifikke symbol og fargar, pakningar med farga sand, spesiell te, aromaterapeutiske oljar for duft og massasje, pledd, yogamatter og teppe med spesifikke fargar og mønster, esoteriske gjenstandar som pendelar, draumefangarar og solfangarar, med meire.

Eksistensen av chakra og teorien om dei spesifikke funksjonane dei har, er teoretiske konsept som ikkje er prova etter allmene vitskaplege prinsipp og metodar. Terapiar som byggjer på desse konsepta kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan dette forklarast ut frå kunnskap frå fysiologien, og korleis samtale og styrte tankar kan hjelpe ved angst, smerter, uro og liknande. 

Risikoen ved chakra-baserte behandlingar er mest truleg låg, så lenge du ikkje droppar fagleg undersøkjing og naudsynt verksam behandling. Dette gjeld alle former for alternativ behandling. 

Undersøkjing og behandling av rotchakra kan føre til at behandlaren ser eller rører ved klienten sitt underliv. Det vanlege er derfor at behandlaren ber om løyve til dette før behandlinga byrjar. Det har vore saker i rettssystemet om tilfelle av uønska seksuell tilnærming ved ulike former for massasje. For å medverke til trygg og profesjonell behandling har fleire behandlarorganisasjonar vedteke yrkesetiske reglar for kroppskontakt. 

Chakra vert også skrive «sjakra».

Kjelder

NAFKAM -

Norway's National Research Center in Complementary and Alternative Medicine

We work to give you facts about complementary and alternative medicine, so that you can make safer choices for your health.

Read more about NAFKAM

Other websites from NAFKAM: