Behandlingssystem

Eit behandlingssystem er ein nøye samansett "pakke" av fleire, ofte ulike behandlingstiltak. Det kan favne terapiar som utøveren gjev pasienten sin fysisk, samtaleterapi, råd om kosthald og livsstil, bruk av urter og kosttilskot, trening og fysiske øvingar, opplæring i sjølvhjelp og mentale teknikkar, med meire.
Bilete
Bilde 1: Svart/hvitt av en kvinne i nedadgående hundestilling. Bilde 2: Akupunktuør setter akupunkturnål i en hånd. Bilde 3: Et målebånd på en vekt omrunget av joggesko og frukt. Bilde 4: En apotekerflaske.
Collage: Colourbox.com og Infogram.com.

Det er mogleg å forske på den samla effekten (systemeffekten) av eit behandlingssystem, men når ein gir fleire former for behandling samtidig – og gjerne med individuelle tilpassingar til den einskilde pasienten – blir det fort utfordrande å undersøke og slå fast kva som gir kva slags effekt. Dette skil seg frå det å forske på éi enkelt og avgrensa behandlingsform, som til dømes eit spesifikt legemiddel.

Randomiserte kontrollerte studiar (RCT-ar) blir rekna som gullstandarden innan medisinsk effektforsking. Slike studiar er ofte utforma for å undersøke éi enkelt og standardisert form for behandling, under kontrollerte forhold. Når det gjeld samansette system, er det vanskeleg å standardisere behandlinga og samtidig ta omsyn til dei individuelle tilpassingane som terapiane ofte krevjer. Dette gjer det utfordrande å få forskingsresultat som kan generaliserast, og det kan vere vanskeleg å finne ei tilstrekkeleg passande kontrollbehandling å samanlikne resultata med.

Enklare sagt: dei effektane og biverknadene som ein kan oppleve som pasient i eit slikt behandlingssystem, kan skuldast eitt enkelt element eller ein kombinasjon av fleire. Det er vanskeleg å isolere og skilje desse frå kvarandre når ein forsker, og kontrollere dei mot placebo.

Som med all anna behandling, kan også behandling med eit behandlingssystem ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir utløyst av forventningane pasienten har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.

Dette betyr at det generelt er vanskeleg å slå fast om slike komplekse behandlingssystem verkar. Det kan finnast forsking på dei enkelte behandlingsformene som eit slikt system består av, som kan seie noko om verknader og biverknader ved dei ulike komponentane. Her finn du oversikt over alle dei alternative behandlingane vi har omtalt.

(Også konvensjonelle, "skulemedisinske" praksisar kan vere samansette. På same måte som forsking på alternativ behandling, handlar forsking på effekt av konvensjonelle behandlingsformer vanlegvis ikkje om effekten på heile systemet, men om effekten av spesifikke behandlingar, som til dømes eit legemiddel eller eit kirurgisk inngrep. Med slike effektmål står ein overfor dei same utfordringane innan konvensjonell medisin, til dømes innan medisinsk rehabilitering eller sjukepleie, sett som samla system.)

Av dei same grunnane som nevnt over, er det vanskeleg å seie noko overordna om risiko og tryggleik ved eit behandlingssystem.

I nokre behandlingssystem blir forverring av symptoma ein har, oppfatta som eit teikn på at behandlinga byrjar å verke. Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden eller helseskade kan oppstå, dersom symptom blir tolka feil eller oversett av pasienten og/eller behandlaren, slik at naudsynt behandling blir forseinka. Dette gjeld alle typar alternativ behandling, men særleg i behandlingsformer der pasienten blir rådd til å "vente og sjå" før ein eventuelt kontaktar lege.

Gjer deg kjent med kva forskinga seier om risiko og tryggleik ved dei enkelte terapi-elementa som inngår i behandlingssystemet. Dette finn du i kapitla Er det trygt? i terapiartiklane våre.

Hugs at "naturleg" ikkje er det same som "ufarleg". På same måte som med medisinar, bør urter, naturmiddel og kosttilskot berre brukast i tråd med pakningsvedlegget.

Vurderer du alternativ behandling?

Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Other websites from NAFKAM: