Den antroposofiske medisinen er eit omfattande behandlingssystem der ein integrerer tankar frå ånds-vitskap, alternative behandlingsformer og konvensjonell medisin (skulemedisinsk behandling).
Ein sentral idé her er å sjå mennesket som samansett av kropp, sjel og ånd, og å leggje vekt på balanse mellom desse aspekta – også i helsemessige samanhengar. Terapeutisk kan behandlaren velje mellom eit breitt spekter av ulike terapiar, inkludert:
- Urte- og mineralbaserte midlar (nokre gonger framstilt i homeopatisk fortynning, andre ikkje)
- Kunstterapi, eurytmi (rørsleterapi), massasje og samtaleterapi
- Konvensjonell medisinsk behandling ved behov
Ifølgje Norske legers forening for antroposofisk medisin (NLFAM) blir antroposofisk medisin i Noreg praktisert hovudsakleg av legar, eller av alternative behandlarar som rådfører seg med og samarbeider med legar.
Antroposofiske legar brukar same framgangsmåte som andre legar for å stille diagnose, men utvidar dette med antroposofien si forståing av sjukdom og helse, samt særlege behandlingsmetodar frå antroposofien. Dei ser på sjukdom som eit resultat av ein lengre prosess der kroppen har blitt påverka av fleire faktorar som har ført til ubalanse. Slik ubalanse har ikkje fast eller eintydig medisinsk definisjon. I alternativmedisinen vert "ubalanse" ofte brukt når behandlarane forklarar kva dei meiner er underliggande årsakar til pasienten sine symptom og dei diagnosane som legen har gitt.
Forkjemparar for antroposofisk medisin har stor tru på menneskekroppen si evne til å lækje seg sjølv. Å styrkje slike evner er derfor eit sentralt mål i antroposofisk medisin.
Det er generelt vanskeleg å forske på og avgjere kva som eventuelt skapar effekt i behandlingssystem som er sett saman av fleire behandlingar, slik det er i antroposofisk medisin.
Antroposofien si forståing og vektlegging av pasienten sine psykiske og mentale forhold går ut over det ein vanlegvis reknar med at slike forhold kan ha å seie ved kroppslig sjukdom.
Dei antroposofiske legemidla blir som dei homøopatiske midla, sagt å skulle verke ved å stimulere pasienten sin motstandskraft og livsprosessar, i tillegg til at dei skal ha direkte effekt på sjølve sjukdomen. Når antroposofiske middel er fortynna etter homøopatisk teori, passerer dei grensa for det naturvitskapen reknar for å kunne ha innhold av biologisk verksame stoff.
Som med all anna behandling, kan også denne behandlinga ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane som ein har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår om Placebo og alternativ behandling.
Ved søk i kjeldene våre i juli 2021 fann vi ingen oppsummert forsking på effekt av antroposofisk medisin. Det betyr at dokumentasjonen av slik behandling, etter våre kriterium, ikkje er tilstrekkeleg til å kunne seie om ho verkar eller ikkje.
(Artiklane våre om homøopati, misteltein og plantebaserte legemiddel, hydroterapi, massasje og kunstterapi gir informasjon om forskingsstatus og generell kunnskap om desse, men går ikkje nærare inn på korleis dei blir brukte særskilt innan antroposofisk medisin).
Kjeldene våre oppgir ingen felles tryggingsinformasjon for antroposofisk medisin som behandlingssystem.
Når antroposofiske legemiddel er fortynna etter homøopatisk teori, reknar ein det som usannsynleg at dei kan gi uheldige/ uønska verknadar (biverknadar), og at risikoen ved bruk av dei dermed er lav. Antroposofiske legemiddel som ikkje er like fortynna, kan framleis innehalde spor av verkestoff. Slike kan i teorien framkalle allergiske reaksjonar eller påverke effekten av medisinar, urter og kosttilskot som blir brukte samtidig.
Alle som vil, kan tolke symptom og foreslå behandling av helseproblem i tråd med teorien i antroposofisk medisin, utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.
Ein må vere lege for å kunne skrive ut reseptpliktige legemiddel - også dei som blir knytte spesielt til antroposofisk medisin. Alle legar er underlagt Helsepersonellova og har same ansvar for å gi pasientane best mogleg behandling, overvake helsetilstanden deira og eventuelle verknader og biverknader av behandlingar som blir gitt. Dette omfattar også legar si eventuelle tilråding av ikkje-skulemedisinske behandlingstiltak såsom antroposofiske, plantebaserte og homøopatiske legemiddel.
I dei einskilde artiklane som er nemnt over, finn du informasjon om tryggleik og kjend risiko ved vanlege behandlingstiltak innan den antroposofiske medisinen.
Vurderer du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helsevalg.
Den antroposofiske medisinen er utvikla frå den antroposofiske filosofien. Behandlingssystemet vart skapt av Rudolf Steiner og legen Ita Wegman på byrjinga av 1900-talet. Dei meinte at vestleg medisin var for avgrensa i måten ein forstår mennesket på, og at skulemedisinen fokuserte for mykje på pasienten sin kropp og fysiske symptom. Dei ønskte eit medisinsk system som la meir vekt på det antroposofien kallar mennesket sine levande, sjelelege og åndelege dimensjonar.
I utviklinga av den antroposofiske medisinen henta Steiner i tillegg idéar frå teosofien, astrologi og alkymien. Seinare har fleire antroposofiske legar medverka til å utvikle behandlingssystemet slik det framstår i dag, der det byggjer på fire hovudelement: Konvensjonell medisinsk behandling ("skulemedisin"), antroposofiske midler og terapiar, homøopati og plantebaserte legemiddel (fytoterapi).
Kjende antroposofiske middel og behandlingsteknikkar
Antroposofiske legemiddel:
Det er utvikla fleire antroposofiske legemiddel. Desse er baserte på stoff frå mineral-, plante- og dyreriket, og blir framstilte etter ein særskild ”Anthroposophic Pharmaceutical Codex”. Om lag ein fjerdedel av dei antroposofiske legemidla blir gitt som injeksjonar. Blant anna er antroposofiske legar kjende for å bruke misteltein-preparat i behandling av kreftpasientar. Desse preparata er reseptpliktige i Noreg, og behandling eller innførsel av misteltein krev alltid samarbeid med lege.
Andre antroposofiske legemiddel blir selde på apotek, under same reglar som homøopatiske legemiddel. Antroposofiske legar er ofte tilbakehaldne med bruk av antibiotika og vaksinar, og vil heller forsøke andre behandlingstiltak først. Dette er mellom anna fordi dei ønskjer å unngå dei moglege biverknadane som konvensjonelle medisinar kan medføre.
Antroposofisk kunstterapi:
Her blir kreative teknikkar som teikning, modellering og måling nytta. Terapeutane meiner at sjukdom har røtene sine i mennesket si sjel. Gjennom kunstnarisk arbeid meiner dei at sjela kan uttrykkje seg og få moglegheit for vekst, harmoni, balanse og likevekt. Dei meiner dette vil ha positiv verknad på både kroppslige, vitale, sanselige og åndelege funksjonar.
Dei ulike teknikkane i kunstterapien blir hevda å ha ulike effektar. Til dømes skal det å teikne strekar (brutte linjer) med blyant skjerpe intellektet og objektiv tenking utan vekt på kjensler. Konsentrerer ein teikninga på kontrastar og djupn – som lys, mørke og skuggar – meiner utøvarane at ein i sterkare grad kommuniserer med kjenslene sine. Måling – primært med vassfargar – blir også brukt. Utøvarane meiner dei kan "lese" fargar og på den måten kommunisere utan ord med pasienten og sjukdomen.
Antroposofisk fysioterapi:
Her inngår trening og fysiske øvingar, samt massasje. Massasjen blir utført med vekselvis stramme og lause grep, ikkje ulik rytmen i pulsen eller hjarteslaga. Ifølgje antroposofisk medisin skal dette stimulere livsprosessane i vevet og styrkje kroppen si sjølvhelbredande evne.
Det er også vanleg å nytte ulike former for hydroterapi, bad, omslag, kompressar og eteriske oljer. Utøvarane meiner dette har positiv effekt på vitale funksjonar som pust, sirkulasjon og forbrenning, samt produksjon og distribusjon av varme i kroppen.
Eurytmisk terapi:
Denne terapiforma har som utgangspunkt at ein kan styrkje mennesket sine indre mentale og helbredande krefter gjennom kroppsbevegelse, rørsle, musikk, tale, tone og song. I eurytmien er det utvikla bestemte rørsler som er knytte til dei ulike vokalane og konsonantane: Vokalar blir sett på som mennesket sin indre respons på omgjevnadene, medan konsonantar blir knytte til dei ytre naturkreftene.
I eurytmisk terapi blir konsonantar og vokalar derfor valde medvitent, med tilhøyrande øvingar ut frå det som blir sett på som gunstig for den enkelte pasienten sine behov og utfordringar.
Eurytmisk terapi omfattar også musisering med bruk av spesifikke intervall og tonar, samt rørsle til rytme, musikk og poesi. Ifølgje antroposofisk teori bidreg slike øvingar til harmoni – både i mennesket sjølv og i relasjonane til omverda. Antroposofiske legar meiner at desse teknikkane kan nyttast til å påverke kroppens funksjonar og prosessar, samt pasienten sine mentale, emosjonelle og vitale sider.
Samtaleterapi og livsstilsråd:
I tillegg til å behandle påvist sjukdom, har antroposofisk medisin også eit særleg fokus på å førebyggje sjukdom og fremje god helse. Her er det viktig å få pasienten til å forstå situasjonen dei er i, kva ressursar dei har og korleis dei kan nytte desse til å handtere situasjonen.
Denne teorien om fysisk og psykisk helse, som fokuserer på kva som fremjar god helse og gir pasienten auka meistring og velvære, blir kalla salutogenese. Salutogenesen vart utvikla som eit motstykke til patologien, som vektlegg kva som årsakar sjukdom. Eit salutogenetisk tankesett ligg også til grunn for andre pasientbehandlingar, spesielt innan psykologi.
Søk den 15.07.21 i CAM Cancer, Cochrane Library, Ovid EMBASE, PubMed og Web of Science
- AntroMedLibrary (henta 19.03.13)
- Antroposofi i Norge (henta 05.03.13)
- Büssing A, Edelhäuser F, Weisskircher A, Fouladbakhsh JM, Heusser P. Inner Correspondence and Peacefulness with Practices among Participants in Eurythmy Therapy and Yoga: A Validation Study. Evid Based Complement Alternat Med. 2011;2011:329023. doi: 10.1155/2011/329023. Epub 2010 Sep 7. PMID: 20953427; PMCID: PMC2952301.
- Det norske medicinske selskab: Michael (henta 19.03.13)
- Hermes Health (henta 19.03.13)
- IVAA (Internasjonal forening av antroposofiske legeforeninger), The System of Anthroposophic Medicine (henta 05.03.13)
- Kienle GS, Kiene H, Albonico HU. Anthroposophische Medizin: Health Technology Assessment Bericht - Kurzfassung [Anthroposophic medicine: health technology assessment report - short version]. Forsch Komplementmed. 2006;13 Suppl 2:7-18. German. doi: 10.1159/000093481. Epub 2006 Jun 26. PMID: 16883076.
- LactMed (Henta 12.12.19)
- Langer, Jerk W. (2004):. Alternativ Behandling. Metoder og virkninger. J. W. Cappelen Forlag AS, Oslo.
- Natural Medicines (Henta 12.12.19)
- Norske legers forening for antroposofisk medisin (henta 05.03.13)
- NOU 1998:21, Alternativ medisin, punkt 6.3.2
- Steiner, Rudolf (1991): Hva kan legekunsten vinne ved en åndsvitenskapelig betraktning? En innføring i antroposofisk medisin. Vidarforlaget, Oslo.
- Store Norske leksikon, Antroposofisk medisin og Rudolf Steiner (henta 20.03.13)
- Tidsskrift for den norske legeforening (henta 19.03.13)
- Vidarkliniken (henta 05.03.13)