Unani-medisinen byggjer på konseptet om balanse og ubalanse: Når kroppen klarar å handtere ulike belastingar og påkjenningar er du frisk og i balanse. Men dersom dei sjølvhelbredande kreftane sviktar eller vert hemma, så kjem du i ubalanse; som gir seg uttrykk i symptom på sjukdom. Dette konseptet er tilstades i mange alternativmedisinske behandlingar.
Det kan ifylgje unani-læra vere mange og samansette grunnar til slik ubalanse. Unani byggjer blant på den hippokratiske medisinforståinga, der læra om balanse mellom dei fire kroppsvæskene er sentral, og systemet er også påverka av ayurveda og islamsk helseforståing.
I unani-medisinen veljer ein behandlingsteknikk ut frå fleire faktorar; såsom livsstil, kosthald og behovet for balanse mellom aktivitet og kvile. Behandlarane -hakimane - meiner å kunne undersøkje pasienten sin tilstand og behandlingsbehov med mange teknikkar; så som å undersøkje pasienten sitt blod, urin eller avføring, såvel som ut frå å samtale om kosthald og livsstil.
Sentrale behandlingstiltak er endring av kosthaldet for å påverke forbrenninga; livsstilsendringar med fysisk aktivitet, trening og frisk luft; bruk av mineral og urter; meditasjon, pusteøvingar og kvile. Også terapi med oljemassasje, sveitting med varme bad og badstove, healing med edelsteinar/krystallar, samt kopping, årelating og bruk av materiale frå dyr inngår i systemet. I tillegg vert det rekna som terapeutisk i seg sjølv å oppsøkje og få unani-behandling frå ein utøvar - ein hakim.
Det er semje om at menneskekroppen har sjølvhelbredande krefter, og at luftkvalitet, temperatur, kosthald, fysisk aktivitet og balanse mellom kvile og aktivitet er viktige faktorar for god helse. Pasientar sitt blod, urin og avføring kan undersøkast og brukast til å seie noko om visse helsetilstandar og behandlingsbehov.
Men den samla kunnskapen vi har om desse faktorane, om kroppen og sjukdom gir ikkje støtte for alle teoriane i unani-medisinen om kva konkrete symptom og sjukdomar kjem av, eller korleis desse kan påvisast og behandlast.
Nokre av urtene som vert brukte i unani-medisinen har vist seg å innehalde bioaktive stoff som har verknad på organismen. Nokre av dei har òg vist effekt i forsking, når dei vert testa mot dei plagene som unani-medisinen tilseier. I dag vert fleire av desse urtene nytta som råstoff i plantebaserte legemiddel.
Ved søk i august 2023 etter forsking i kjeldene våre på behandling med unani som system, fann vi ingen oppsummeringar.
Etter våre kriterium finst det då ikkje nok dokumentasjon til å kunne seie noko om effekt.
Som med anna behandling, kan òg unani-behandling ha placeboeffekt. Dette er ein effekt som vert utløyst av pasienten sine forventningar til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.
Det er generelt vanskeleg å vurdere tryggleiken ved medisinske behandlingssystem som dette, fordi dei er samansette av mange og ulike behandlingsformer med ulik risikoprofil. Generelt kan ein seie at jo fleire behandlingskomponentar som vert brukte samtidig, jo større er risikoen for biverknadar og andre ikkje-ønska effektar. Difor bør du setje deg inn i risikoen ved dei spesifikke teknikkane som vert nytta.
Unani-medisinen omfattar mange urter og andre naturmiddel. Nokre middel som vert brukte i unani-medisinen inneheld giftige stoff som kvikksølv, kvikksølvklorid, arsenikk og jernoksid (rust). Desse kan føre til alvorleg forgifting og bør ikkje brukast som medisin.
Det å skjere eller stikke hol i huda, samt å føre inn biologisk materiale frå dyr i menneskekroppen, medfører risiko for infeksjon og andre helserisikoar, som kan vere svært alvorlege. Dersom behandlaren ikkje har helsefagleg autorisasjon, kan slik behandling vere i strid med §5 i lov om alternativ behandling, som regulerer medisinske inngrep eller behandling som kan medføre alvorleg helserisiko.
Diagnosemetodane i unani-medisinen for å tolke symptom, fastslå sjukdom og behandlingsbehov vert ikkje rekna som pålitelege.
Graviditet og amming
På søketidspunktet inneheldt verken Natural Medicines eller Lactmed informasjon om tryggleik og risiko ved bruk av unani-medisin for desse gruppene.
Vurderer du alternativ behandling?
Då bør du lese pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
I dag vert unani-medisinen hovudsakleg praktisert i Asia, særleg i India. Sjølve ordet «unani» er arabisk og tyder bokstaveleg talt «gresk».
Utviklinga vert knytt til medisinske filosofar som grekarane Hippokrates, Pythagoras, Aristoteles, Discorides, Galen og Rhazes, samt uzbekaren Hakim Ibn Sina (Avicenna), som rundt år 1000 samla observasjonane sine om unani-praksis i eit skrift kalla Al-Qanoon-fit-Tibb (Canon of Medicine). Avicenna vert òg rekna som den som introduserte unani til Midtausten og vidare til India. Utøvarar av unani-medisinen vert òg kalla hakimar, etter han.
Ifølgje unani-læra er ein ved god helse når det er balanse mellom elementa luft, jord, vatn og eld, samt kroppsvæskene blod, slim, gul og svart galle. Konseptet om dei fire ytre elementa står sentralt i ayurvedisk medisin, medan kroppsvæskene (humorane) stammar frå gresk medisin (humoralpatologien).
I unani avgjer forholdet mellom desse faktorane både normaltilstanden din (balansen), kva slags mennesketype du er, kva som gjer deg sjuk og kva som kan gjere deg frisk. Ifølgje læra vert balansen mellom desse faktorane stadig utfordra av endringar i kroppen, sinnet og miljøet rundt deg.
Eit anna viktig prinsipp i unani-læra er rolla og kompetansen til utøvaren: Det å oppsøkje og få behandling frå ein hakim har terapeutisk verdi i seg sjølv.
Hakimen har mange teknikkar å velje mellom for å stille diagnose og behandle. Unani-behandling startar ofte med tiltak for å normalisere og balansere ytre faktorar som luft, vatn og mat. Difor vil hakimen ofte først tilrå eit spesifikt kosthald som behandling. Dersom dette ikkje verkar, vil hakimen tilrå bruk av spesifikke urter i kosten.
Dersom heller ikkje dette har effekt, vil hakimen føreslå bruk av spesielle unani-medisinar. Desse omfattar meir enn 2000 preparat av spesifikke urter, mineral og dyr. Ifølgje læra er slike medisinar meir miljøvenlege, skånsame og verksame enn andre typar medisin. Hakimen skal ifølgje læra først prøve å gi slike medisinar enkeltvis, og eventuelt seinare kombinere fleire dersom effekten uteblir.
Dersom heller ikkje dette verkar, tilseier læra at det ikkje er ytre faktorar som er problemet, men eitt eller fleire sjuke organ hos pasienten som treng behandling. Då vil hakimen prøve å finne ut kva organ som er sjukt, og vurdere ei form for organterapi:
Denne behandlinga går ut på at sjuke organ hos mennesket kan bli friske ved hjelp av vev frå det tilsvarande organet frå eit sunt og friskt dyr. Hakimen vil då skjere i pasienten sin kropp for å plassere inn vev frå dyret på organet.
Ifølgje læra kan pasienten sitt problem òg vere at hen har for mykje eller «sjukt» blod, som må tappast ut. Hakimen vil då bruke kopping, årelating eller iglar til dette føremålet.
Forsking syner at unani-teknikkar vert brukte ved ei rekkje ulike helseplager – frå vanlege og forbigåande kvardagsplager til kroniske lidingar og alvorleg sjukdom. I dag er unani-medisinen truleg mest utbreidd i India.
Andre navn:
Arabisk medisin, Gresk-arabisk medisin, Islamsk medisin, Tibb, Unaani, Unani Healing/therapy, Yunâni
Søk i august 2023 etter oppsummert forsking i PubMed, The Cochrane Library, Web of Science, Embase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Natural Medicines og Drugs and Lactation Database (LactMed)
- Abbas Zaidi SM, Jameel SS, Jafri K, Khan SA, Ahmad E. Ilaj bil hijamah (cupping therapy) in the Unani system of medicine: anecdotal practice to evidence based therapy. Acta Med Hist Adriat. 2016 Aug;14(1):81-94. PMID: 27598955.
- Akhlaq S, Ara SA, Ahmad B, Fazil M, Akram U, Haque M, Khan AA. Interventions of Unani medicine for maintenance of health with special reference to air quality: an evidence-based review. Rev Environ Health. 2021 Dec 10;38(1):85-96. doi: 10.1515/reveh-2021-0116. PMID: 34883008.
- Alam MA, Quamri MA, Sofi G, Tarique BM. Understanding hypothyroidism in Unani medicine. J Integr Med. 2019 Nov;17(6):387-391. doi: 10.1016/j.joim.2019.05.006. Epub 2019 May 23. PMID: 31164280.
- Alam MA, Quamri MA, Sofi G, Ayman U, Ansari S, Ahad M. Understanding COVID-19 in the light of epidemic disease described in Unani medicine. Drug Metab Pers Ther. 2020 Sep 24;35(4). doi: 10.1515/dmpt-2020-0136. PMID: 34704695.
- Aleem M. Phytochemistry and pharmacology of Celastrus paniculatus Wild.: a nootropic drug. J Complement Integr Med. 2021 Sep 15;20(1):24-46. doi: 10.1515/jcim-2021-0251. PMID: 34529902.
- Anand U, Tudu CK, Nandy S, Sunita K, Tripathi V, Loake GJ, Dey A, Proćków J. Ethnodermatological use of medicinal plants in India: From ayurvedic formulations to clinical perspectives - A review. J Ethnopharmacol. 2022 Feb 10;284:114744. doi: 10.1016/j.jep.2021.114744. Epub 2021 Oct 14. PMID: 34656666.
- Arunachalam K, Yang X, San TT. Tinospora cordifolia (Willd.) Miers: Protection mechanisms and strategies against oxidative stress-related diseases. J Ethnopharmacol. 2022 Jan 30;283:114540. doi: 10.1016/j.jep.2021.114540. Epub 2021 Sep 9. PMID: 34509604.
- Bhat SA, Rather SA, Islam N. An overview of benign prostatic hyperplasia and its appreciation in Greco-Arab (Unani) system of medicine. Asian J Urol. 2022 Apr;9(2):109-118. doi: 10.1016/j.ajur.2021.05.008. Epub 2021 May 29. PMID: 35509487; PMCID: PMC9051355.
- Britannica.com: Unani medicine
- Bruset S. og Poleszynski D. (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste, Oslo.
- History of Islamic Medicine. International Institute of Islamic Medicine, 1998. Available at: http://www.iiim.org/iiimim.html.
- Jabin F. A guiding tool in Unani Tibb for maintenance and preservation of health: a review study. Afr J Tradit Complement Altern Med. 2011;8(5 Suppl):140-3. doi: 10.4314/ajtcam.v8i5S.7. Epub 2011 Jul 3. PMID: 22754067; PMCID: PMC3252723.
- Jamaldeen FN, Sofi G, Fahim MFM, Aleem M, Begum EMGKN. Shahatra (F.parviflora Lam)- a comprehensive review of its ethnopharmacology, phytochemistry and pharmacology. J Ethnopharmacol. 2022 Mar 25;286:114839. doi: 10.1016/j.jep.2021.114839. Epub 2021 Dec 8. PMID: 34896208.
- Khan F, Ansari AN, Nayab M. Rationalistic approach in COVID-19 prevention through intervention of Unani medicine prevalent in epidemic - A review. J Herb Med. 2021 Dec;30:100515. doi: 10.1016/j.hermed.2021.100515. Epub 2021 Oct 26. PMID: 34722133; PMCID: PMC8547781.
- Makbul SAA, Jahan N, Ahmad G. Hajrul yahood (Lapis judaicus): An important mineral drug of Unani system of medicine for the management of urolithiasis. J Ethnopharmacol. 2018 Aug 10;222:165-170. doi: 10.1016/j.jep.2018.04.047. Epub 2018 May 5. PMID: 29733943.
- Maseehullah MD, Zakir M, Anas M, Kazmi MH. Ethno-pharmacology of Asaroon (Asarum europaeum L.) with special reference to Unani System of Medicine. J Complement Integr Med. 2021 Aug 12;19(2):181-192. doi: 10.1515/jcim-2021-0021. PMID: 34388332.
- Mohd M, Sofi G, Jahan N, Baig Z. Approaches for preparation methods of Murakkab, an Unani formulation. J Ayurveda Integr Med. 2019 Oct-Dec;10(4):302-307. doi: 10.1016/j.jaim.2017.04.008. Epub 2018 Aug 16. PMID: 30122597; PMCID: PMC6938876.
- National Health Portal of India: Unani
- Natural Medicines: Unani medicine (henta 25.02.22, krevjer abonnement)
- Nikhat S, Fazil M. History, phytochemistry, experimental pharmacology and clinical uses of honey: A comprehensive review with special reference to Unani medicine. J Ethnopharmacol. 2022 Jan 10;282:114614. doi: 10.1016/j.jep.2021.114614. Epub 2021 Sep 8. PMID: 34508800.
- NOU 1998:21 Om alternativ behandling av sykdom
- Pandey V, Swami RK, Narula A. Harnessing the Potential of Roots of Traditional Power Plant: Ocimum. Front Plant Sci. 2021 Nov 1;12:765024. doi: 10.3389/fpls.2021.765024. PMID: 34790216; PMCID: PMC8591311.
- Riyazuddin M, Shahid A, Nagaraj RB, Alam MA. Migraine (Shaqeeqa) and its management in Unani medicine. Drug Metab Pers Ther. 2021 Aug 13;37(1):1-5. doi: 10.1515/dmpt-2021-0146. PMID: 35385897.
- Sheehan, H. E., & Hussain, S. J. Unani Tibb: History, Theory, and Contemporary Practice in South Asia. The ANNALS of the American Academy of Political and Social Science, 2002:583(1);122-135