Årelating

Årelating er ein folkemedisinsk behandlingsmetode der ein tapp­ar blod frå pasienten. Tanken bak dette er at blodet kan bli «sjukt» eller at ein kan ha for mykje blod, og at dette skaper sjukdom og symptom.
Bilete
Grønn sirkel med en stilisert hånd med en sneppert mot håndleddet, en mørk blå sirkel med en stilisert pekende hånd hvor det drypper en dråpe blod, og en gul sirkel med en stilisert hånd som holder en skalpell.
Illustrasjon: Mostphotos.com/ Ruslan Nesterenko/ Tine Lillegård Bergli, NAFKAM

 Årelating er kjent som behandlingsform frå fleire kulturar sin folkemedisin. I Noreg er det kjent at metoden har vore brukt heilt tilbake til mellomalderen, som behandling for ei rekkje sjukdomar.

Forsking viser at årelating har vore brukt ved ulike helseproblem, som hudutslett (herpes), hevingar, blåmerke, blodsjukdomar, høgt blodtrykk, øyre-/nase-/halsproblem, infertilitet, psykiske plager, ammeproblem og meir.

På eit tidspunkt vart årelating også gitt som behandling av legar, men dette er i dag ikkje lenger ei anerkjend form for helsehjelp. Berre ved nokre heilt spesielle tilstandar blir det i dag tappa blod frå pasientar i helsetenesta for behandlingsformål. Slik behandling krev helsefagleg autorisasjon og blir berre gitt innanfor helsevesenet.

Ved årelating blir det tradisjonelt gjort eit inngrep der ei blodåre (vene) hos pasienten blir opna for å tappe ut blod. Tradisjonelt brukte ein ein spesiell kniv kalla «sneppert» til dette. Tapping av blod kan også inngå som del av andre behandlingsformer, som i kopping (wet cupping) og i ein variant av akupunktur (blood-letting acupuncture, der behandlaren brukar ei spesiell nål med tre kantar/stikkpunkt). Ideen bak dette ser ut til å vere at sjølve perforeringa av hud og tappinga av blod skal gi ein ekstra effekt på heling og tilfrisking.

Verkar det?

Forskinga som er gjort på årelating gir ikkje støtte til teorien om verknadsmekanisme, eller til påstandar om at årelating er ein effektiv behandling av dei helseproblema det er gitt for.

På same måte som med annan behandling kan også denne metoden gi ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane ein har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.

Er det trygt?

Årelating er forbunde med ein viss risiko: det er høg risiko for infeksjon dersom hygienen ikkje blir ivareteken godt nok. Å skjere i hud og kroppsvev krev generelt visse kunnskapar og ferdigheiter for å unngå forbløding og/eller skade på kroppen. Den som utfører årelating i Noreg utan helsefagleg autorisasjon, kan etter nærare vurdering bli ansvarleg for brot på alternativ behandlingslova §5 – medisinske inngrep eller behandling som kan medføre alvorleg helserisiko.

Vurderer du alternativ behandling?

Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggleiksreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Kjelder

Other websites from NAFKAM: