Synske evner

Synskheit er ei antatt evne til å kunne sjå eller fornemme ting som er «gøymde» for andre og for dei vanlege sansane til mennesket. Helserelatert bruk handlar om at behandlaren meiner å kunne "sjå" kva som feiler pasienten og kva som er årsak til helseproblemet.
Bilete
Glasskule i naturen.
Foto: Colourbox.com

Nokre behandlarar nyttar andre omgrep enn «synskheit» om slike evner:

  • Nokre seier dei har eit slags «røntgensyn», som gjer at dei i møte med pasientar kan «sjå» inn i kroppen og finne ut kva som feilar dei.
  • Andre meiner dei kan bruke hendene som ein «skannar», for å lese av og sanse kvar i kroppen problemet ligg.
  • Nokre forklarer evnene som ei form for å sjå og analysere «energifelt» hos pasienten (som aura eller chakra), og at helseproblem viser seg i desse. Dette finn ein ofte innan åndelege behandlingar, som til dømes healing.

Det finst òg døme på behandlarar som meiner dei kan gje pasientane synske evner sjølve: Dei nyttar hypnose eller sjamanistiske teknikkar for å setje pasientar i ein form for transe, der dei skal kunne sjå og oppleve situasjonar langt tilbake i livet – til dømes då dei låg i mors liv, eller til og med frå liv dei skal ha ha levd tidlegare. Innsikta som pasienten får i transen skal så kunne brukast som grunnlag for å finne og bearbeide årsaka til problema hen opplever i dag.

Andre namn: 

Klarsyn, parapsykologi, synskheit, clairvoyance, health reading, parapsychology, past life regression.

Eksistensen av synske evner er ikkje støtta av allmenne dokumentasjonsprinsipp, og synskheit vert rekna som overnaturleg.
Diagnosemetodar som legg til grunn slike evner vert ikkje rekna som eigna til å påvise helseproblem eller tilrå behandling ut frå.

Ideen om at menneske lever fleire liv er heller ikkje støtta av allmenne dokumentasjonsprinsipp. Men konseptet med å setje seg inn i andre livssituasjonar, livsvilkår og rammer for å sjå eit problem og utfordringar frå andre perspektiv, er ein kjend teknikk som vert brukt i fleire kognitive behandlingsformer – som til dømes gestaltterapi.

Ved søk i kjeldene våre i september 2022 fann vi ingen oppsummert forsking som støttar at synske evner gir pålitelege diagnosar, eller at behandling ut frå slik diagnose har effekt på kroppsleg sjukdom.


Som med all anna behandling kan også denne typen behandling ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som vert utløyst av forventningane ein har til behandlinga.Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling

Synskheit og andre overnaturlege evner vert ikkje rekna som eigna til å påvise helseproblem, tilrå behandling frå eller til å måle korleis helsa utviklar seg.
Dersom ein utset eller vel bort naudsynt medisinsk behandling til fordel for slik behandling, kan helsetilstanden bli forverra. 

Manglande helbreding etter bruk av behandling basert på synskheit kan for nokre pasientar vere ei ekstra belastning i ei vanskeleg tid.

Dersom behandlaren nyttar andre teknikkar i tillegg, kan også andre tryggingsreglar gjelde. Til dømes avheng tryggleiken ved bruk av hypnose av kven som gjev behandlinga og kva tilstandar som vert behandla.

Terapi som baserer seg på å avdekke fortrengde minne og årsakar til problem langt tilbake i tid, inneber ein viss risiko for falske minne.

Vurderer du alternativ behandling? 

Les då pasientrettleiinga vår, med generelle forsiktighetsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Søk den 11.06.21 etter systematiske kunnskapsoppsummeringer i CAM CancerCochrane LibraryOvid EMBASEPubMed og Web of Science

Other websites from NAFKAM: