Gestaltterapeutar legg vekt på korleis menneske reagerar i relasjon med andre og korleis det tilpassar seg omgjevnadane i ulike situasjonar. I gestaltterapien legg ein stor vekt på korleis situasjonen mellom klient og behandlar utspeler og utviklar seg "her og no". Behandlinga har fokus på å auke klienten si merksemd om korleis ein opptrer og reagerar i relasjonar med andre; med mål om å hindre uønska reaksjonsmåtar og -mønster.
Gestaltterapi er ei form for psykoterapi, som vart bevisst utvikla som eit alternativ til psykoanalysen si hermeneutiske (tolkande) tilnærming til psykiske lidingar, til ei meir erfaringsbasert og estetisk tilnærming der sansane kan gjere ein medviten og støtte sjølvreguleringa når ein er ilag med andre. Dette vert og kalla "kreativ tilpassing"; som ifylgje teroein bak behandlinga opptrer på meir eller mindre hensiktsmessige måtar.
I gestaltterapien spelar behandlaren ei viktig rolle, hovudsakeleg ved å skape tillit og ei ikkje-dømande atmosfære, slik at klienten kan få uttrykkje seg og kjenslene sine trygt, fritt og uhemma. Gestaltterapeuten skal ikkje fortolke klienten sin helsetilstand. Dette forklarar utøverforbundet Norsk gestaltterapeutforening med at kategorisering av personar som "friske", "sjuke", "forstyrra" eller liknande, identifiserar klienten for sterkt med kjende normar og omgrep. Dette meiner dei kan hindre ein god relasjon mellom klient og behandlar, og at behandlaren i å forstå godt nok klienten si historie.
Basert på ideen om at heilskapen er større enn summen av delane, har gestaltterapeutane utvikla fleire faste prinsipp eller "lover" for korleis sansing (persepsjon) går føre seg - altså korleis menneske sansar, set saman og grupperer stimuli til heilskap som gir meining for dei. Gestaltterapien inneheld også fleire faste teknikkar og aktivitetar, som er laga for å få fram spontane kjensler og sjølvmedviteog fremje vekst av personlegdomen. Eksempler på slike teknikkar er rollespel, Den tomme stolen og hot-seat-teknikken.
Ved søk i kjeldene våre i januar 2024, fann vi ingen systematiske oppsummeringar av studiar på gestaltterapi. Etter kriteria våre ligg det då ikkje føre solid nok dokumentasjon til å kunne seie noko om gestaltterapi har verknad eller ikkje mot kjende helseproblem.
Tryggleiken ved gestaltterapi er lite undersøkt, og det ligg få eller ingen rapportar føre om negativ helseutvikling ved bruk av behandlinga.
Det er likevel rimeleg å anta at bearbeiding av traume ved hjelp av gestaltterapi kan gje same slag reaksjonar som ein kjenner fra forskinga på andre psykoterapiar: Ifølge Linden og Schermuly-Haupt (2014) samt Klatte mfl sin protokoll fra 2018 for ei planlagt systematisk oppsummering, kan negative verknadar av psykoterapi famne auka symptom som angst, uro eller depressivitet; forverring av helsetilstanden (psykose, falske minne, etc) samt uheldige endringar i livsstil og livssituasjonen. Alvorsgraden av disse kan variere.
Personar med alvorlige psykiske lidingar eller -sjukdomar
Utviklinga og alvorsgraden av psykisk liding/ sjukdom vert generelt rekna som krevjande å vurdere og avgjere. Behandling av alvorleg sjukdom krevjer generelt jfr alternativ behandlings-lova §7 autorisasjon som helsepersonell, eller at slik behandling skjer i samarbeid med pasienten sin lege.
Graviditet og amming
Ved søk i januar 2024 etter informasjon om tryggleiken ved gestaltterapi for disse gruppene i kjeldene Natural Medicines og Lactmed, fann vi ingen omtale av dette.
Generelle tryggingsreglar
- Snakk med legen din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke.
- Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få det klårt for deg korleis behandlinga skal kunne vere til hjelp for degp.
- Gjer deg og kjend med den juridiske tryggleiken din, og med pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
- Denne artikkelen og dei andre omtalane på denne nettstaden av terapiar er meint som opplysing; ikkje som noka offentlig kvalitetssikring eller godkjenning av behandlgar eller utøvarar. NAFKAM tek ikke ansvar for pasienter sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av informasjon vi tilbyr eller manglar. Les meir om grensen for NAFKAM si vierksemd her.
Gestaltterapi er ei form for psykoterapi (samtaleterapi). Terapien går ut på å gjere menneske medvitne om kjenslene, reaksjonane og handlingane deira for at dei skal få eit tydeligare bilete av seg sjølv og valga dei tek.
Gestaltterapien er basert på tre hovudkjelder: Den freudianske psykoanalysen sine hovudprinsipp om det indre liv; på ideane om personlege erfaringar og kvardagslivet som ein finn i ei rekkje humanistiske, holistiske, fenomenologiske og eksistensielle skrifter; samt på gestaltpsykologien, med sitt fokus på interaksjon, prosess og menneskeleg erfaring.
Gestaltterapien vart hovudsakeleg utvikla av dei tyske psykoterapeutane Lore (Laura) og Frederick Salomon (Fritz) Perls. I 1933 forlot dei den veksande nazismen i Vest-Europa og emigrerte til Sør-Afrika, der dei praktiserte fram til 2.verdskrigen var slutt. Så flytta dei til USA, der gestaltterapien vart videreutvikla og etablert som eit studie.
Frå forskinga veit ein at gestaltterapi vert brukt både for å bearbeide traumatiske opplevingar, livskriser og vanskelege situasjonar i familie- og arbeidslivet, samt som grunnlag for sjølvutvikling. Gestaltterapeutisk behandling vert gitt både som individuell terapi, parterapi, familieterapi og gruppeterapi. I behandlinga brukar ein både samtale og eksperimentelle teknikkar.
Gestaltterapeuter prøvar ikkje nødvendigvis å få klientane sine til å handle annleis. Terapeutane trur på det dei kallar "forandringa sitt paradoks". Dei mener at sjølv om klienten ikkje vel annleis, kan bevisstgjeringa av valga deira gjere det lettare for hen å leve i ein vanskeleg situasjon. Gestaltterapien har likevel ein del sentrale målsetjingar frå gestaltpsykologien; mellom anna det å ope og direkte kunne gi uttrykk for kjenslene ein har utan å bli manipulerande; å kunne ta ansvar for handlingane, tankane, meininger og kjensler; samt det å setje egne grenser og ha respekt for andre sine grenser.
Gestaltterapien har blitt kritisert for å vere for individualistisk orientert, og å oppmuntre til egoistisk oppførsle, ved at terapien legg størst vekt på å forstå seg sjølv enn det å forstå andre. I tillegg har terapien sine prinsipp og "lover" om sansing blitt kritisert som uvitenskapelige, vage og tvetydige utan praktisk relevans.
I Norge finst det fleire variantar av behandlinga og ulike grupperingar som tilbyr gestaltterapi. Nokre av dei kallar seg terapeutar, andre kallar seg gestaltvegleiarar eller gestaltcoachar. Yrkestitlane dei brukar, er ikkje beskytta.
Frå undersøkjingar veit vi at gestaltterapi vert tilbydd og utøva både innafor og utafor den offentlege helsetenesta, av både autorisert helsepersonell og ikkje-autoriserte, alternative behandlarar.
- Søk etter systematiske kunnskapsoppsummeringar i The Cochrane Library, EMBASE, PubMed, Web of Science og CAM-Cancer den 04.01.24 ga 0 treff.
- Søk etter informasjon om tryggleik ved bruk under graviditet og amming vart gjort i januar 2024, i Drugs and Lactation Database (LactMed) [Internet]. Bethesda (MD): National Library of Medicine (US); 2006- (02.10.21), og i Natural Medicines Comprehensive Database
- Malt, Ulrik; Mørch, Willy Tore: Gestaltterapi i Store norske leksikon på snl.no (Hentet 04.07.22)
- Norsk gestaltterapeutforening: Hva er gestaltterapi (hentet 04.07.22)
- International Association for the Advancement of Gestalt Therapy (IAAGT): Origins and development of gestalt therapy (Hentet 04.07.22)
- American Psychological Association (APA): Gestalt therapy (Hentet 04.07.22)
- Orfanos, Petros. (2021). A Critical Perspective of the Gestalt Therapeutic Approach. International Journal of Humanities and Social Sciences. 13. 108-118. 10.26803/ijhss.13.2.7.
- Raffagnino, R. (2019) Gestalt Therapy Effectiveness: A Systematic Review of Empirical Evidence. Open Journal of Social Sciences, 7, 66-83. doi: 10.4236/jss.2019.76005.
- Klatte R, Strauss B, Flückiger C, Rosendahl J. Adverse effects of psychotherapy: protocol for a systematic review and meta-analysis. Syst Rev. 2018 Sep 8;7(1):135. doi: 10.1186/s13643-018-0802-x. PMID: 30193585; PMCID: PMC6128985.
- Roubal J, Francesetti G, Gecele M. Aesthetic Diagnosis in Gestalt Therapy. Behav Sci (Basel). 2017 Oct 17;7(4):70. doi: 10.3390/bs7040070. PMID: 29039752; PMCID: PMC5746679.
- Linden M, Schermuly-Haupt ML. Definition, assessment and rate of psychotherapy side effects. World Psychiatry. 2014 Oct;13(3):306-9. doi: 10.1002/wps.20153. PMID: 25273304; PMCID: PMC4219072.
- Hostrup, Hanne (2009): Gestaltterapi: Indføring i gestaltterapiens grundbegreber Hans Reitzels forlag, København. Utgitt første gang i 1999.
- Nelson, W.M., Groman, W.D. The meaning of here-now, there-then in gestalt therapy. Am J Psychoanal 34, 337–346 (1974). https://doi.org/10.1007/BF01254129
- Perls, Frederick S: Ego, Hunger and Aggression. Vintage/Random House (NY) 1942