Åndelig baserte behandlingar

I åndeleg baserte behandlingar har utøvarane ofte ei meir passiv og avgrensa rolle enn i andre terapiar: Dei meiner at dei kan vende seg til ånder, guddomar eller andre makter og be om hjelp på vegne av pasienten; men at dei berre fungerer som ein kanal for hjelpa frå desse maktene.
Bilete
Person som sitter i lotusstilling

Mange slike behandlingar har opphavet sitt i folkemedisinske tradisjonar, der ein ofte finn konsept frå folketrua om mektige naturkrefter som kan gjere livet lettare eller vanskelegare for ein. Andre "gode krefter" spring tydeleg ut av gudsforståinga i etablerte religionar.

I nokre åndelege behandlingar meiner utøvarane at dei kan kontakte pasienten si eiga ånd. Dei forklarar behandlinga si med at dei vender seg til denne ånda for å be om og hjelpe ho til å verke optimalt. Dette kan sjåast i lys av sjølvutviklinga og andre sentrale konsept som vi finn i nyreligiøsitet.

(For enkeltheits skuld kallar vi dei ulike åndene, guddomane og maktene/kreftene innan slike behandlingar her for «den gode krafta», og gjer merksam på at «åndeleg» ikkje betyr det same som «religiøs»).

Her er dei åndeleg baserte behandlingane som vi hittil har omtale av:

Korleis slike krefter skal kunne ha gunstig verknad på helseproblem blir forklart på ulike måtar: ut frå medisinske forståingar og omgrep om at dei verkar ved å styrkje kroppen sine sjølvhelbredande krefter eller immunforsvaret; at dei i tråd med den tradisjonelle kinesiske medisinen sine konsept fjernar blokkeringar og gjenopprettar balanse i kroppen sitt indre energikretsløp, til det overnaturlege der krafta er grunnleggjande god, medviten, allvitande og allmektig; som kan og vil hjelpe ved alt som ikkje er godt, men menneska er ikkje i stand til å forstå korleis

I dette perspektivet framstår det òg uklart kvifor slike krefter treng ein «hjelpar» som kanal for å kunne verke.

At nokre pasientar ikkje erfarer verknad, blir derimot forklart på ulike vis: Den gode krafta verkar alltid, men pasienten er ikkje «klar for» behandling enno; er ikkje «open nok», eller at den gode krafta har valt å gje pasienten eit helseproblem som ei prøving eller høve til ny innsikt, å skape meining av det og å kunne endre livet sitt.

Andre behandlarar innan desse tradisjonane – til dømes læsarane innan den samiske folkemedisinen – er tydelege på at dei skal prøve å kontakte den gode krafta, men at dei verken lovar betring eller kan gje noka forklaring dersom verknaden uteblir.

Det varierer korleis slike behandlingar blir utøvd i praksis:

Nokre utøvarar rører ved stader på kroppen der pasienten opplyser å ha eit problem, medan andre meiner det er tilstrekkeleg å halde hendene sine over pasienten sin kropp for å «skanne» etter sjukdom og verke som ein kanal medan den ytre krafta skal verke. Nokre utøvarar meiner òg at slik behandling kan gjevast som fjernbehandling, det vil seie at pasient og behandlar ikkje treng å vere på same stad.

Nokre utøvarar lærer pasientane ritual som dei skal bruke til dagleg eller ved behov, eller utstyrer dei med symbol (medaljongar/amulettar og liknande) som skal hjelpe dei til å fokusere på eller kunne «ta inn» den gode krafta.

Andre namn og nemningar:

Holistisk behandling/holisme, Metaphysical healing, New age health healing, Spiritual healing/prayer, Spirituell behandling.

Verkar det?

Verken dei nemnde ytre, helbredande kreftene eller ei eiga indre, helbredande livsenergi i mennesket som utøvarane meiner dei kan kontakte og påverke, er påvist. Det finst ikkje vitskapleg dokumentasjon på at medaljongar/amulettar og liknande har helsebringande effekt på kroppslige symptom.

NAFKAM meiner det er problematisk å forske på mogleg klinisk effekt av å vende seg til og få hjelp frå «gode krefter», fordi eksistensen og anvendelegheita av slike er metafysiske faktorar som det ikkje kan kontrollerast for i klinisk forsking.

At utøvarar av åndeleg baserte behandlingar rører ved pasientane sine, kan ha avspennande, beroligande og lindrande effekt til dømes mot smerter, på linje med enkelte fysikalske behandlingar.

Som i andre terapiar der utøvarane bevisst brukar tid til å spørje ut og snakke med pasienten – ofte om meir enn kroppslige symptom – kan det tenkjast at åndeleg baserte behandlingar kan ha effekt på linje med kognitive terapiar som samtale/psyko- og uttrykksterapiar.

Opplevinga av det å bli sett, høyrt og behandla av eit anna menneske eller ei «god kraft», kan ha beroligande verknad og gjere at ein kjenner seg betre. Slik avslapping og ro er kjent frå psykofysiologien og psykosomatikk til å kunne ha betydning for korleis sjukdom utviklar seg.

Placeboeffekten

Som med all anna behandling kan òg åndeleg baserte behandlingar ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane ein har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.

Er det trygt?

I utgangspunktet er det lite sannsynleg at behandlingar som baserer seg på eksistensen av ytre, overnaturlege krefter ber med seg direkte risiko for å forverre nokon si helse, så lenge ein ikkje erstattar nødvendig medisinsk behandling med åndeleg baserte behandlingar. 

Den største risikoen er truleg knytt til behandlaren sine kunnskapar om kropp og sjukdom: dersom desse ikkje er tilstrekkelege, kan behandlaren oversjå eller feiltolke pasienten sine symptom, og dermed bidra til at viktig undersøking og verksemd behandling blir forseinka, slik at pasienten si helse blir forverra. 

Dersom behandlaren foreslår andre tiltak enn det reint åndelege, bør ein ta forholdsreglar og sjekke risikoen ved desse. Til dømes inneheld enkelte former for sjamanisme råd om å bruke giftige eller psykoaktive urter, å utsetje seg for giftige bitt frå dyr eller insekt, eller å gjere allment kjende risikofylte handlingar – forklart med at den gode krafta si styrke, vilje og klarsyn vil ivareta pasienten sin tryggleik. NAFKAM rår alle som vurderer slik behandling til å bruke sunn fornuft og ikkje utsetje seg for allment kjende risiki for liv og helse.

Forklaringar av manglande verknad med at pasienten ikkje er «open nok» eller «klar» for behandlinga, at sjukdomen er ei meiningsfull prøving eller liknande, kan bli ei ekstra belastning for pasienten ved at ein får skuldkjensle eller føler eit unaturlig stort ansvar for å ha pådrege seg sjukdomen, eller ikkje prøver hardt nok å bli frisk igjen.

Tilknytinga mellom den gode krafta, dagens åndelege behandlingar og religiøse aspekt varierer. Om pasienten må identifisere seg med utøvaren sitt trusgrunnlag og livssyn for å oppnå effekt av behandlinga, varierer òg. Dette kan i si ytterste konsekvens ha negative følgjer for pasienten sitt trusliv og sjølvoppfatning.

Det kan vere vanskeleg å trekkje opp grensa mellom element i åndeleg baserte behandlingar og religiøse ritual. For å sikre at pasientar ikkje let seg behandle ut frå feil føresetnadar, krev regelverket for marknadsføring av alternativ behandling at behandlaren skal opplyse om eventuelle religiøse element, forklaringsmodellar eller verkelegheitsoppfatningar som inngår i eller ligg til grunn for behandlinga.

Vurderer du alternativ behandling?

Les då pasientrettleiinga vår, med generelle forsiktighetsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Kjelder

Other websites from NAFKAM: