Samtaleterapi (psykoterapi)

Samtaleterapi, eller psykoterapi, er ei behandlingsform der terapeuten prøver å hjelpe pasienten med å setje ord på tankar og kjensler. Målet er å gi pasienten verktøy til å forstå seg sjølv betre og skape positive endringar i livet.
Bilete
Kvinnelig samtaleterapeut. Mannlig pasient. Illustrasjon fra Colourbox.com
Illustrasjon: Colourbox.com

Kva er samtaleterapi?

Samtaleterapi, eller psykoterapi, er ei behandlingsform der terapeuten prøver å hjelpe pasienten med å setje ord på tankar og kjensler. Målet er å gi pasienten verktøy til å forstå seg sjølv betre og skape positive endringar i livet.

Terapeuten stiller vanlegvis spørsmål som får pasienten til å reflektere, slik at ein gjennom samtalen utforskar det som er viktig eller vanskeleg i pasienten sitt liv. Samtaleterapi inneber ofte òg at pasienten set seg mål og lagar planar for å nå dei.

Samtaleterapi blir ofte brukt ved utfordringar knytte til angst, depresjon, traume, stress og liknande.

Andre måtar å uttrykkje seg på

Nokre gonger blir samtale kombinert med andre teknikkar.

For somme kan det vere vanskeleg å setje ord på problema sine og det som er viktig for dei. Då kan ein ha nytte av andre uttrykksmåtar. Nokre terapeutar let derfor pasientar uttrykkje seg gjennom å teikne, måle, lage keramikk, syngje, spele instrument, framføre drama eller skodespel, eller gjennom andre former for uttrykk.

Denne typen teknikkar blir òg brukte for å lære pasientar å roe ned kroppen eller bli betre kjende med sine eigne kjensler.

Ulike former for samtaleterapi

Det finst mange variantar av samtaleterapi. Vi har beskrive nokre av dei, og i desse blir det både brukt samtale og andre teknikkar:

Verkar samtaleterapi?

Dei ulike typane samtaleterapi har sine eigne modellar og teoriar om kva som forårsakar lidingar og symptom. Dei har òg ulike teoriar om korleis terapi kan hjelpe. Dette handlar om korleis pasientar kan få færre symptom, betre fungering og høgare livskvalitet. I tillegg bruker dei ulike teknikkar for å oppnå dette.

Difor er det ikkje lett å gi eit klart svar på om samtaleterapi verkar. Det finst likevel forsking på effekten av enkelte slike terapiformer. I artiklane våre som vi har lenkja til ovanfor, finn du eigne avsnitt som forklarer kva forskinga seier om effekten av den spesifikke terapien. Der kan du òg lese meir om dei ulike teoriane som behandlarane byggjer på.

Forsking viser likevel at det finst nokre faktorar som kan vere avgjerande for om samtaleterapi har effekt:

Alliansen mellom pasient og behandlar

Forsking viser at god kontakt og godt samarbeid mellom pasienten og behandlaren kan vere heilt avgjerande for om behandlinga har effekt. Dette blir òg kalla alliansen mellom pasient og behandlar. Alliansen består vanlegvis av:

  • Semje om mål: At begge partar har ei felles forståing av kva ein arbeider for å oppnå.
  • Semje om oppgåver: At dei er einige om korleis dei skal jobbe for å nå måla.
  • Den emosjonelle relasjonen: Tillit, respekt og opplevinga av å bli forstått.

Andre faktorar som ofte blir trekt fram som avgjerande, er pasienten sine eigne ressursar, behandlingsteknikkar og placeboeffekten.

Placeboeffekten

Som med anna behandling, kan òg samtaleterapi ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane pasienten har til behandlinga. Du kan lese meir om dette i artikkelen vår om Placeboeffekten og alternativ behandling.

Følg lenkjene ovanfor for opplysingar om status i forsking på spesifikke former for samtaleterapi.

Er det trygt å bruke samtaleterapi?

Å ta tak i problem og angst gjennom samtaleterapi kan vere ei påkjenning, og kan påverke forholdet ditt til andre menneske negativt. Det er viktig at du snakkar ope med terapeuten din om utfordringar som dukkar opp medan du går i samtaleterapi.

Vi veit ikkje kor stor risikoen er for negative effektar av samtaleterapi. For mange terapiformer finst det lite forsking å vurdere dette frå. I tillegg skildrar forskarar ofte negative effektar på så ulike måtar at det er vanskeleg å få eit samla bilete av kva forskinga seier.

Forskarar peikar òg på at det er vanskeleg å måle negative effektar. Ei årsak til dette, er at det ikkje alltid er klart kva som blir rekna som ein negativ effekt. Til dømes kan sorg vere eit teikn på framgang dersom pasienten bearbeider gamle kjensler. Samstundes kan sorg vere ein negativ effekt, dersom ho blir så sterk at pasienten slit i kvardagen.

Sjølv om det manglar forsking, har ein etter kvart fått betre innsikt i kva slags negative effektar samtaleterapi kan ha. Forskarar skil mellom biverknadar av samtaleterapien (direkte risiko) og negative effektar som kan knytast til andre sider ved behandlingssituasjonen (indirekte risiko):

Direkte risiko

Sjølv når behandlinga blir utført korrekt, kan samtaleterapi gi biverknadar. Døme på slike kan vere:

  • Forverring av symptom
  • Emosjonell smerte
  • Avhengnad av terapeuten
  • Akutte kriser som krev sjukehusinnlegging

Indirekte risiko

Negative effektar kan òg skuldast andre forhold enn samtaleterapien i seg sjølv, til dømes dersom:

  • behandlaren stiller feil diagnose
  • behandlaren bruker terapeutiske teknikkar feil
  • behandlaren bryt etiske prinsipp

Korleis kan samtaleterapi bli tryggare?

Forskarar meiner at informasjon om biverknader kan hjelpe pasientar til å ta betre val om behandling.

Nokre alternative behandlarar ser imidlertid ikkje på forverringar som biverknader, men som eit teikn på at behandlinga verkar. Dette gjeld òg blant behandlarar som tilbyr samtaleterapi.

Forskarar rår til at samtaleterapeutar reduserer risikoen ved behandlinga dei tilbyr, ved å:

  • ha ein open dialog om ubehagelege opplevingar
  • bruke spørjeskjema for å følgje opp pasientane sine
  • lage system for å rapportere uønskte hendingar, slik at behandlarar kan fremje ein tryggleikskultur og lære av kvarandre sine feil

Bakgrunn

Samtaleterapi i Noreg

I Noreg blir samtaleterapi tilbydd både innanfor og utanfor helsevesenet, av både autorisert helsepersonell og altrenative behandlarar. Det finst ingen krav til utdanning for å kunne tilby samtaleterapi.

Viktig: Det er berre autorisert helsepersonell som har lov til å behandle alvorleg sjukdom, inkludert alvorlege psykiske lidingar. Dette er regulert i lov om alternativ behandling av sjukdom m.m.

Verna titlar

Berre autorisert helsepersonell kan bruke titlar som:

  • Psykolog
  • Psykiater
  • Psykologspesialist

Andre titlar som er i bruk på dette området - som til dømes «samtaleterapeut», «terapeut» og «coach» - er ikkje verna og kan brukast av kven som helst.

Her er ei oversikt over alle kategoriane av alternativ behandling som vi har beskrive.

Kjelder

  • InformedHealth.org [Internet]. Cologne, Germany: Institute for Quality and Efficiency in Health Care (IQWiG); 2006-. In brief: Cognitive behavioral therapy (CBT) [Updated 2025 Aug 21]. Available from: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK279297/
  • Rosendahl, J., Klatte, R., Frenzl, D. et al. Contextualizing the negative effects of psychotherapy. Nat Rev Psychol 4, 559–575 (2025). https://doi.org/10.1038/s44159-025-00472-8
  • Flückiger, C., Del Re, A. C., Wampold, B. E., & Horvath, A. O. (2018). The alliance in adult psychotherapy: A meta-analytic synthesis. Psychotherapy, 55(4), 316–340. https://doi.org/10.1037/pst0000172
  • Lambert, M. J. (1992). Psychotherapy outcome research: Implications for integrative and eclectic therapists. In J. C. Norcross & M. R. Goldfried (Eds.), Handbook of psychotherapy integration (pp. 94–129). New York: Basic Books.
  • Lovdata: Lov om alternativ behandling av sykdom mv. 

Other websites from NAFKAM: