Eit øyrelys er ei tynn, hul kjegle av bomullsstoff som har blitt sett inn med bivoks eller parafin, og deretter tørka slik at ho har stivna. Øyrevoks (cerumen) er det mjuke, brungule og voks-aktige stoffet som vert naturleg skilt ut av kjertlar i den ytre øyregangen. Sjå kapitlet Bakgrunn for meir om dette.
Under øyrelysbehandling ligg pasienten på sida, medan enden av øyrelyset vert ført inn i øyreopninga og sett fyr på. Nokre behandlarar drypper og litt eterisk olje på lyset før dei set fyr på det, fordi dei meiner dette kan forsterke verknaden av behandlinga. Etter ei stund skal varmen frå det brennande lyset gjere at øyrevoksen smeltar og kjem ut.
Ifylgje nettstaden behandler.no er det vanleg å kombinere øyrelysbehandling med andre terapiar, så som øyreakupunktur, urteterapi, kopping og massasje.
Øyrelys er truleg fyrst og fremst kjent brukt med formål om å reinse øyra hjå personar som har mykje øyrevoks, tette øyregangar eller nedsett hørsel. Ein veit og at det er brukt mot tett nase ved allergi, forkjøling, influensa med meire, bihuleplagar, tinnitus, kløe i øyra, migrene og hovudverk, svimmelheit (vertigo) og balanseproblem, høgt blodtrykk, samt det har vore brukt i folkemedisinen mot svikt i kognitive funksjonar og kreft.
Vidare har det blitt brukt som ein metode for avgifting og indre reinsing av heile kroppen (detox). Det har og vore reklamert for som eit naturleg og ufarleg behandlingsalternativ for born som har ofte øyrebetennelse.
Tilhengarar av øyrelysbehandling meiner at for mykje øyrevoks er årsak til alle desse helseproblema og plagene, og at fjerning av øyrevoks med øyrelysbehandling difor hjelp mot desse.
Det er fagleg semje om at mykje øyrevoks kan gi nedsett hørsel, øyresus og kløe i øyret. Opphoping av øyrevoks er ein av dei vanlegaste øyretilstandane som fastlegar ser, og fjerning av øyrevoks er ein av dei vanlegaste øyre-, nase- og halsprosedyrene som vert utført i helsetenesta.
Etter øyrelysbehandling er det vanleg å sjå ein brun, voksaktig substans som sit att i lysestubben. Behandlarane meiner at dette er ei blanding av øyrevoks, avfallsstoff frå kroppen og bakteriar som behandlinga har fjerna; og at dette provar at behandlinga har verka slik ho skal. Gransking av substansane i lysrestane har synt at desse ikkje er øyrevoks, men lysvoks og aske frå øyrelyset.
Det finst fleire teoriar om korleis øyrelys skal verke, men ingen av dei har støtte frå vitskapen. Les kapitlet Bakgrunn for opplysingar om desse. Helsevitskapen stør heller ikkje teorien om at øyrevoks er årsaka til alle helseproblema behandlinga vert brukt for, eller om at spesifikke eteriske oljar har verknad mot spesifikke helseproblem.
Det er generelt forska lite på øyrelysbehandling. Per mai 2024 inneheldt kjeldene våre verken kunnskapsoppsummeringer eller randomiserte kliniske studiar (RCT-ar) på øyrelysbehandling.
Som med anna behandling, kan også denne behandlinga ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane pasienten har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.
Utøvarane seier at behandlinga er naturleg, smertefri, ufarleg og utan biverknadar, men rår den som har akutt øyrebetennelse eller har fått sett inn dren i øyra til å ikkje nytte behandlinga. Dei rår generelt pasientane sine til å drikke nokre glas vatn etter behandling. Det er ikkje klårt kvifor dette skal vere bra.
Det er fagleg semje om at ein generelt bør vere varsam med å reinse øyra for øyrevoks, fordi dette kan forverre helseproblem som ein har eller gi nye. Sjå kapitlet Bakgrunn for meir om dette.
Det er rapportert om at folk med skade på trommehinna har fått forverra tilstanden sin etter øyrelysbehandling, fordi smelta lysvoks har dryppa ned i øyregangen.
Andre personar har rapportert om midlertidig dårlegare hørsel fordi smelta voks har tetta øyregangen meir.
Det er og rapportert om brannskade og infeksjon etter uhell der hår, klede eller andre brennbare stoff har blitt antent av øyrelyset; og om at varm voks eller aske frå lyset har dryppa ned på huda til pasienten.
Ein annan risiko ved øyrelysbehandling er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli dårligare fordi pasienten sjølv og/ eller behandlaren feiltolkar eller overser viktige symptom som krev undersøkjing og behandling, og viktig behandling vert forseinka. Denne risikoen gjeld ved alle typar alternativ behandling.
I oversikta si, reknar Natural Medicines øyrelysbehandling som utrygt og utan verknad, og rår difor folk til å ikkje bruke øyrelysbehandling.
Også US Food and Drug Administration (FDA) og Health Canada rår frå å nytte øyrelysbehandling, på grunn av risikoen for alvorleg skade frå slike hendingar som er nemnt over. I Canada er det ulovleg å selje og importere øyrelys.
Graviditet og amming
På søketidspunktet fann vi ingen særskilt informasjon i Natural Medicines og Lactmed om tryggleik og risiko ved øyrelysbehandling for gravide og kvinner som ammar, men også desse gruppene vert famna av dei generelle åtvaringane og råda om å ikkje bruke øyrelysbehandling.
Vurderer du alternativ behandling?
Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Øyrelysbehandling vert omtala som ein gamal folkemedisinsk tradisjon (nokre kjelder seier hundrevis, med andre talar om fleire tusen år). Behandlinga skal vere brukt både av Hopi-indianarane i USA, indianarane i Sør-Amerika og i den kinesiske medisinen.
I tillegg til å ha blitt brukt som behandling, skal øyrelys ha blitt brukt i religiøse seremoniar fordi god hørsel i slike kulturar vart sett på som ei gåve frå gudane. I nyare tid skal øyrelysbehandling vere mykje brukt i Italia og Frankrike, Aust-europa, samt i Kina og Japan. Vi har ikkje funne kvar kjeldene har henta desse opplysningane frå.
Tilhengjarar av øyrelysbehandling har fleire teoriar om korleis behandlinga verkar:
Ein teori stør seg på skorsteinseffekten, og seier at øyrevoksen vert sygd ut av øyret på grunn av vakuum som varmen frå det brennande lyset skapar.
Ein annan teori går ut på at øyrevoksen ikkje vert trekt ut under sjølve behandlinga, men at varmen frå lyset gjer at voksen smeltar, losnar frå øyregangen og kjem ut av seg sjølv i løpet av nokre dagar.
Begge desse teoriane er testa: For å undersøke den første teorien laga forskarar ein kunstig øyregang og måle trykket inni han. Eksperimentet deira synte at det ikkje vart skapt noko negativt trykk under behandlinga, som kunne prove at varmen frå øyrelyset lagar eit vakuum. Etter behandlinga fann forskarane eit pulver på den kunstige trommehinna, og då dei analyserte dette fann dei at det inneheldt fleire alkan (som det finst mykje av i lysvoks, men ikkje i øyrevoks).
Health Canada har fått undersøkt den andre teorien: Under øyrelysbehandling målte forskarar lufttemperaturen 10 mm frå botnen av det brennande lyset. Den høgaste temperaturen som vart målt der var 22 ºC, som er langt under menneskekroppen sin kjernetemperatur og kva som trengs for å smelte øyrevoks.
Seinare er det gjort undersøkjingar som stadfestar funna i begge desse eksperimenta: Øyrelysbehandling vart gitt til ei gruppe personar der halvparten hadde voks i øyra, og den andre halvparten ikkje. Det vart teke bilete inni øyra før og etter behandlinga, og desse bileta synte at ingen av dei som hadde øyrevoks fekk mindre av det, og at dei utan øyrevoks fekk avsett lysvoks i øyra sine.
Ein tredje teori er at varmen frå øyrelyset stimulerer blodsirkulasjonen i øyra og påvirker spesielle punkt (akupunkturpunkt) der. Dette skal redusere trykk og tettheit i øyra, nasen, panna og bihulane. Meir om behandlingsformer som byggjer på teorien om akupunkturpunkt, kan du lese i denne artikkelen.
Det er fagleg semje om at ein generelt bør vere varsam med å reinse øyra for øyrevoks, fordi det kan gjere skade, tette øyregangen og redusere hørselen. I tillegg kan det redusere mengda av gunstige stoff i øyra: Øyrevoksen lagar ei tryggjande hinne over huda i øyret, og den låge pH-verdien i øyrevoksen hindrar vekst av bakteriar. Overdriven reinsing kan derfor tørke ut huda, og gje kløe, eksem og i verste fall infeksjon.
I Noreg kan alle som vil, kalle seg til dømes "otopat" eller praktisere øyrelysbehandling utan krav til utdanning, under lov om alternativ behandling. Eventuell utdanning i øyrelysbehandling eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.
Drammens tidende skriv i ei sak frå 2010 at dei anslår talet på utøvarar av øyrelysbehandling (otopatar) i Noreg til kring 90, og NRK skriv i ei sak frå 2001 at det då var kring 80 slike behandlarar; og legg til at at det fanst eit eige yrkesforbund kalla Norske Otopaters Forbund. Vi fann ikkje spor av dette i 2024.
Variantar:
Facial candling (Lilin resdung) er ein folkemedisinsk behandlingsteknikk frå Indonesia og Malaysia der ein brukar øyrelys, men fører det brennande lyset kring om i andletet på pasienten. Behandlinga er kjent frå folkemedisinsk tradisjon i Indonesia og Malaysia, og har blitt brukt for å dempe symptom på allergi og betennelse.
Utøvarane meiner at behandlinga reduserer stress, hovudverk og bihuleplagar, og at ho verkar ved at varmen betrer blodsirkulasjonen og trekkjer ut ureinskap frå huda i andletet.
Andre namn:
Auricular Candles, Auriculothérapie, Bougie Creuse, Bougie d'Oreille, Bougie Hopi, Chandelles Auriculaires, Cônage D’oreille, Cônage d'Oreille, Coning, Ear Candle/ Candling, Ear Candle Therapy, Ear Candle Treatment, Ear Coning, Hopi Candles, Otopathy, Terapia de Vela en el Oído, Terapia De Vela Para El Oído, Thérapie Auriculaire Thermale, Thermal-Auricular Therapy
Søk i mai 2024 etter systematiske kunnskapsoppsummeringar i CAM Cancer, Cochrane Library, Ovid EMBASE, PubMed og Web of Science
Søk i Drugs and Lactation Database (LactMed) [Internet]. Bethesda (MD): National Library of Medicine (US); 2006-.
- Alanazi SM, Albdaya NA, Alhosaini LS, Alotaibi FZ, AlQabbani AA, Hajr EA. Practice of ear candling during lockdown due to COVID-19 in the Kingdom of Saudi Arabia. J Family Med Prim Care. 2022 Nov;11(11):7263-7266. doi: 10.4103/jfmpc.jfmpc_1310_22. Epub 2022 Dec 16. PMID: 36993026; PMCID: PMC10041208.
- American Academy of Otolaryngology - Head and Neck Surgery: Earwax
- Behandler.no: Hva er otopati?
- Drammens tidende: Advarer mot ørelysbehandling
- Ernst E. Ear candles: a triumph of ignorance over science. J Laryngol Otol. 2004;118(1):1-2. doi:10.1258/002221504322731529
- Hamdan NKA, Lean QY, Neoh CF, Abdullah AH, Lim SM, Ramasamy K, Al-Worafi YM, Goh KW, Goh HP, Ming LC, Lua PL. Knowledge and Perception of Facial Candling for Allergic Rhinitis among University Staff and Students. Evid Based Complement Alternat Med. 2020 Aug 3;2020:5713134. doi: 10.1155/2020/5713134. PMID: 32831870; PMCID: PMC7422475.
- Health Canada: Ear candling
- Healthline.com: The truth about ear candles
- Helsenorge.no: Ørevoks
- Hornibrook J. Where there's smoke there's fire--ear candling in a 4-year-old girl. N Z Med J. 2012 Dec 14;125(1367):138-40. PMID: 23321892.
- Ismail NFF, Neoh CF, Lean QY, Abdullah AH, Lim SM, Ramasamy K, Patel RP, Ming LC, Soh YC. Facial Candling for the Treatment of Allergic Rhinitis in Young Adults: A Qualitative Study. J Pharm Bioallied Sci. 2018 Oct-Dec;10(4):199-207. doi: 10.4103/JPBS.JPBS_33_18. PMID: 30568377; PMCID: PMC6266643.
- Marom T, Marchisio P, Tamir SO, Torretta S, Gavriel H, Esposito S. Complementary and Alternative Medicine Treatment Options for Otitis Media: A Systematic Review. Medicine (Baltimore). 2016 Feb;95(6):e2695. doi: 10.1097/MD.0000000000002695. PMID: 26871802; PMCID: PMC4753897.
- McCarter DF, Courtney AU, Pollart SM. Cerumen impaction. Am Fam Physician. 2007;75(10):1523-1528.
- Michaudet C, Malaty J. Cerumen Impaction: Diagnosis and Management. Am Fam Physician. 2018 Oct 15;98(8):525-529. PMID: 30277727.
- Natural Medicines: Ear candling (krever abonnement)
- NRK.no: Flammer mot ørebetennelse
- Rafferty J, Tsikoudas A, Davis BC. Ear candling: should general practitioners recommend it?. Can Fam Physician. 2007;53(12):2121-2122.
- Schwartz SR, Magit AE, Rosenfeld RM, et al. Clinical Practice Guideline (Update): Earwax (Cerumen Impaction) [published correction appears in Otolaryngol Head Neck Surg. 2017 Sep;157(3):539]. Otolaryngol Head Neck Surg. 2017;156(1_suppl):S1-S29. doi:10.1177/0194599816671491
- Seely DR, Langman AW. Ear Candles. Arch Otolaryngol Head Neck Surg. 1995;121(9):1068. doi:10.1001/archotol.1995.01890090102024
- Seely DR, Quigley SM, Langman AW. Ear candles--efficacy and safety. Laryngoscope. 1996;106(10):1226-1229. doi:10.1097/00005537-199610000-00010
- Spandow O, Aursnes J. Behandling hos otopat resulterte i ytterligere øreproblem og hørselsnedsettelse. Tidsskr Nor Lægeforen 2002, 122: s 638-40
- Zackaria M, Aymat A. Ear candling: a case report. Eur J Gen Pract. 2009;15(3):168-169. doi:10.3109/13814780903260756