Øyreakupunktur

Øyreakupunktur er ein form for akupunktur der utøvarane meiner at dei kan behandla heile kroppen ved å setja nåler i spesifikke punkt i det ytre øyret. Det finst òg variantar der ein ikkje brukar nåler.
Bilete
Bilde av en hvit hånd som setter akupunkturnåler i øret på en hvit person med mørkt hår.
Foto: Colourbox.com

Behandlinga byggjer på tradisjonell kinesisk medisin (TKM), der ein meiner at alle delar og funksjonar i kroppen kan gjenfinnast og påverkast gjennom spesifikke punkt (akupunkturpunkt) i det ytre øyret. Helsevitskapen støttar ikkje dette.

Utøvarane meiner at behandlinga kan brukast både førebyggjande og behandlande ved ulike helseproblem. Det er kjent at ho blir brukt for ei rekkje helseplager og helserelaterte føremål: 

Smerter (til dømes ved skade, kroniske muskel- og leddplager, hovudpine/migrene, nervesmertar med meir), angst og depresjon, stress og traume, søvnproblem, fordøyingsplager, svimmelheit og kvalme, blodtrykk- og sirkulasjonsproblem, menstruasjonsplager, overgangsplager, problem ved amming, mot avhengigheit/avvenning, overvekt/slanking, nærsyntheit (myopi) med meir.

 

Det er gjort ein del forsking på øyreakupunktur og andre relaterte teknikkar. Omgrepsbruken i forskingslitteraturen varierer, og detaljane om kva teknikk som faktisk er brukt, skil seg ein del.

Ved søk i juni 2021 fann vi oppsummert forsking i kjeldene våre på dei følgjande bruksområda:

Akutte smerter: Ifølgje Jan mfl. (2017) viste studiane noko smertelindring, men det var usikkert om behandlinga reduserte behovet for smertestillande. Eit anna forskarteam (Murakami mfl.) fann same året ein viss effekt mot akutte smerter dersom behandlinga blei gitt innan 48 timar, men effekten var kortvarig.
Begge forskarteama meinte at det var for få studiar til å konkludere om øyreakupunktur har effekt av betydning ved akutte smerter.

Elveblest (urtikaria): Zhu mfl. (2018) fann at slik behandling dempa symptom ved kronisk spontan elveblest, men vurderte studiane som metodisk svake og utilstrekkelege for konklusjonar.

Forstopping: Ifølgje Yang mfl. (2014) ser behandlinga ut til å verke ved forstopping, men alle studiane var frå Kina, og geografiske/kulturelle forhold kan ha påverka resultata. 

Ei anna oppsummering (Chen mfl., 2018) fann at aurikuloterapi kunne hjelpe mot cellegift-indusert forstopping hos kreftpasientar, men dokumentasjonen var ikkje god nok til konklusjonar.

Kronisk spenningshovudpine: Zhao mfl. (2015) fann at behandlinga kunne dempe smerter under anfall, men ikkje førebygge nye anfall. Studien hadde låg kvalitet, og forskarane ville derfor ikkje konkludere sikkert.

Høgt blodtrykk: Gao mfl. (2020) fann at behandlinga såg ut til å auke effekten av blodtrykksmedisin, og såleis kunne vere eit relevant supplement.

Insomni og søvnproblem: Vieira mfl. (2018) fann at behandlinga kunne forsterke effekten av standardbehandling når ho blei brukt som tillegg.

Karpaltunnelsyndrom: Choi mfl. (Cochrane 2018) fann liten eller ingen effekt av behandlinga åleine, og uklar betydning samanlikna med standardbehandling.

Kreftrelaterte smerter: Paley mfl. (Cochrane 2015) fann ein viss effekt utover placebo ved kroniske nevropatiske smerter hos kreftpasientar, men studiane var små og hadde metodiske svakheiter.

Kroniske ryggsmerter: Moura mfl. (2019) fann lovande resultat med mindre smerter og betre funksjon, men metodiske manglar gjorde funna usikre.

Livskvalitet ved nyresvikt: Melo mfl. (2020) fann at pasientar rapporterte betre livskvalitet, betre søvn og mindre utmatting, men ingen målbare endringar i blodverdiar.

Melkeproduksjon hjå kvinner som ammar: Boram mfl. (2020) fann at resultata frå studiane sprikte for mykje til at dei kunne konkludere.

Nærsyntheit (myopi): Gao mfl. (2020) fann at behandlinga såg ut til å verke betre enn auge­dråpar og øvingar, men dokumentasjonen var svak og ikkje eigna for konklusjonar.

Postoperative smerter: Usichenko mfl. (2008) fann lovande resultat, men dokumentasjonen var ikkje overtydande.

PTSD og psykiske plager etter traume: Kwon mfl. (2020) fann få og varierande studiar, og resultata sprikte for mykje til konklusjonar.

Rusavvenning: Baker & Chang (2016) fann liten effekt ved opiatavvenning når behandlinga blei brukt åleine, men ho kunne forsterke effekten av metadon.
Gates mfl. (Cochrane 2006) fann ingen betydningsfull effekt ved kokainavvenning.
Vieira mfl. (2018) fann at behandlinga kunne forsterke effekten av røykeslutt­behandling som supplement.

Stress, angst og depresjon: Corrêa mfl. (2020) rapporterte positive resultat, men kunne ikkje bekrefte dette samla sett fordi mange studiar var små og metodisk svake.

Vektreduksjon: Mendonça mfl. (2020) fann noko effekt, men dokumentasjonen var usikker grunna metodiske svakheiter.


Placeboeffekten

Som ved all anna behandling kan også denne metoden gi placeboeffekt – ein respons som vert utløyst av pasienten sine eigne forventningar. Du kan lese meir om dette i artikkelen vår om Placeboeffekten og alternativ behandling

Forskninga inneheld få rapportar om biverknader frå behandling med øyreakupunktur. Det er rimeleg å anta at risikoen er den same som ved akupunktur og akupressur.

I nokre variantar av øyreakupunktur (Battlefield acupuncture/BFA) set ein inn klemmer eller ringar i akupunkturpunkta i øyret for å oppnå behandlingseffekt over lengre tid. Det finst rapportar om alvorlege infeksjonar og betennelsar som følgje av dette.

Nokre utøvarar rår frå øyreakupunktur under graviditet fordi dei meiner at slik behandling kan stimulere menstruasjonsbløding. Dette har ikkje støtte i forskinga.

Vurderer du alternativ behandling?

Då bør du lese pasientrettleiinga vår, som inneheld generelle forsiktighetsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Øyreakupunktur er kjent frå oldtidas Egypt og den tradisjonelle kinesiske medisinen (TKM), og blei vidareutvikla av den franske legen Paul Nogier på 1950‑talet.

Ifølgje TKM styrkjer stimulering av akupunkturpunkt i øyret kroppen sine sjølvhelbredande evner, løyser opp blokkeringar i livsenergien Qi og re‑balanserer organismen. Ifølgje læra finst det meir enn 100 soner/punkt i øyret som kan brukast i behandling av eit stort tal plager og helseføremål.

Nogier prøvde å forklare verknadsmekanismen nevrofysiologisk, ved at stimulering av øyret sender elektriske impulsar til det autonome nervesystemet. Dette har ikkje solid støtte i helseforskninga.

Andre namn

Øyreakupunktur blir òg kalla aurikuloterapi, øyreakupressur og auricular acupuncture. Dette seier noko om korleis utøvarane gjennomfører behandlinga, som kan innebere:

  • perforering av huda med akupunkturnåler
  • svakstraum frå elektroder
  • bestråling med laserlys, infraraudt eller UV‑lys
  • injeksjon av medikament
  • fast-teiping av frø, korn, magnetar eller metallkuler
  • meir permanente trykkmetodar (øyrepynt, metallklemmer, medisinsk piercing)

Nokre utøvarar vel type objekt og materiale for trykkbehandling ut frå pasienten sine plager, fordi dei meiner at materiala har ulik terapeutisk effekt avhengig av kva slags plager pasienten har.

Det finst òg ein variant av øyreakupunktur som vert kalla Battlefield acupuncture (BFA). Denne blei utvikla på 2000‑talet i USA og lansert som eit ikkje‑farmakologisk behandlingsalternativ for smertelindring, avvenning og liknande, særleg retta mot militærveteranar. I BFA nyttar ein berre fem behandlingspunkt i øyret, og det blir sett inn ringar/klemmer for kontinuerleg trykkbehandling over lengre tid.

Other websites from NAFKAM: