Naprapati

Naprapati er ei form for manuell/ fysikalsk behandling. I Noreg var naprapati regulert som alternativ behandling fram til 2022. I dag er utøvarane autorisert helsepersonell og del av helsetenesta.

I 2022 vedtok Stortinget å autorisere naprapatar etter Helsepersonellova. Frå 1. mai det året vert naprapatisk behandling rekna som skulemedisin og offentleg helsehjelp i Noreg, og utøvarane som del av spesialisthelsetenesta.

Dei fleste naprapatar i Noreg jobbar truleg på private klinikkar. Ein kan oppsøke naprapat direkte, eller via tilvising frå lækjar. Dersom noko skulle gå gale som fylgje av slik behandling frå naprapat, har pasienten rettar og vern etter pasient - og brukarrettigheitslova, Naprapatane er underlagte offentleg klagerett og fagleg tilsyn frå Statens Helsetilsyn.

Naprapatane sin autorisasjon gir per 2024 ikkje rett til å sjukmelde eller vise pasientar vidare til nærare undersøkjing (røntgen, MR eller liknande) eller spesialistbehandling i andre delar av helsetenesta. Pasienten sine utgifter til behandling hjå naprapat fell ikkje inn under det offentlege sine ordningar for eigenandel, refusjon eller frikort.

Vurderer du å oppsøkje naprapat i utlandet,  bør du vere merksam på at det varierar frå land til land om dei er regulert som offentleg lisensiert/ autorisert personell, eller som alternative behandlarar. Dermed varierar også utøvarane sitt ansvar, minimumskrava til kompetansen deira, og tryggleiken din som pasient. 

Les meir:

Norges Naprapatforbund

NAFKAM.no: Naprapater og osteopater autoriseres i Norge

NAFKAM -

Norway's National Research Center in Complementary and Alternative Medicine

We work to give you facts about complementary and alternative medicine, so that you can make safer choices for your health.

Read more about NAFKAM

Other websites from NAFKAM: