Behandling

Kvitlauk ved kreft

23. oktober 2026
Kvitlauk har lange tradisjonar som medisinplante, og har vore omtalt som eit «universalmiddel» til å førebyggje sjukdom. Nokre meiner at det å ete rå kvitlauk eller som kosttilskot kan førebyggje kreft, men forskinga gir ikkje sikre svar. Det finst heller ikkje dokumentasjon på at kvitlauk kan behandle eller kurere kreft. Kvitlauk blir vanlegvis rekna som trygt å bruke, men kan påverke enkelte legemiddel.
Behandling

L-karnitin ved kreft

23. oktober 2026
L-karnitin er eit stoff som kroppen lagar sjølv, og som også finst i mat og kosttilskot. Det er forska på om det kan lindre enkelte fylgjeplager og biverknader ved kreftbehandling. Forskinga gir inga støtte for bruk av L-karnitin for å førebyggje eller kurere kreft. Noko forsking kan tyde på at L-karnitin kan auke risikoen for nerveskadar.
Behandling

Maitake ved kreft

22. oktober 2026
Maitake er ein sopp som blir brukt både som mat og til ulike helseføremål. Soppen vert hevda å kunne styrkje immunforsvaret, og førebyggje og behandle til dømes hepatitt, kreft, høgt blodtrykk, høgt kolesterol og diabetes. Det finst ikkje dokumentasjon på verknad ved kreft. Maitake er vanlegvis godt tolerert, men allergiske reaksjonar kan førekome.
Behandling

Propagermanium ved kreft

22. oktober 2026
Propagermanium er eit stoff som inneheld grunnstoffet germanium. Det blir selt som kosttilskot og marknadsført mot ulike helseplager, mellom anna kreft. Det finst ingen dokumentasjon på effekt ved kreft, men det er rapportert om alvorlege biverknader.
Behandling

Søtmalurt (Artemisia annua) ved kreft

22. oktober 2026
Søtmalurt er ein type malurt som inneheld artemisinin, eit stoff som blir brukt mot malaria. Ein veit at planten kan gi biverknader og påverke effekten av visse legemiddel. Nokre studiar tyder på at han kan skade kreftceller, men forskinga på menneske har ikkje vist slik effekt mot kreft.
Behandling

Makrobiotisk kosthald ved kreft

22. oktober 2026
Makrobiotisk kosthald er ein type vegetarisk kosthald, som hovudsakleg består av korn og grønsaker. Dietten blir marknadsført med påstandar om at han både kan førebyggje og behandle kreft. Det finst ingen påliteleg dokumentasjon som stadfestar slike effektar. Strenge variantar av dietten kan føre til underernæring.
Behandling

Johannesurt ved kreft

22. oktober 2026
Johannesurt (prikkperikum) er eit naturmiddel som ofte vert brukt ved psykiske plager. Nokre meiner og at det kan vere gunstig ved kreft, men forskinga gir ikkje grunnlag for å seie at det førebyggjer eller kurerer kreft. Johannesurt kan påverke mange legemiddel, og bør brukast med stor varsemd.
Behandling

Haibrusk ved kreft

22. oktober 2026
Haibrusk er eit kosttilskot laga av brusk frå hai. Det har vore marknadsført som gunstig både ved kreft og mange andre sjukdomar. Forsking på menneske stadfestar ikkje effekt på kreft. Tilskotet blir vanlegvis godt tolerert, men kan gi biverknader og bør brukast med varsemd av enkelte grupper.
Behandling

Selen ved kreft

22. oktober 2026
Selen er eit sporstoff som kroppen treng tilført gjennom kosthald eller kosttilskot. Selen-tilskot har blitt føreslått både for førebygging og behandling av kreft, og som behandling av kreftrelaterte symptom og biverknader av medisinsk kreftbehandling. Førebyggjande eller behandlande effekt mot kreft er ikkje dokumentert.
Behandling

Amygdalin/Laetrile ved kreft

22. oktober 2026
Amygdalin og laetrile er stoff som har vore brukte som alternativ kreftbehandling. Det finst ikkje dokumentasjon som viser at dei verkar mot kreft. Ved inntak kan desse stoffa frigjere cyanid i kroppen og føre til alvorleg forgifting. Derfor blir dei vurderte som behandling med høg risiko.
Behandling

Spirulina (blågrøne algar) ved kreft

1. september 2026
Spirulina er ein type algar som lever i vatn. Desse vert mellom anna brukt til å lage kosttilskot. Spirulina er vanlegvis godt tolerert av dei fleste, men undersøkingar har vist at nokre produkt har vore forureina med farlege stoff.
Behandling

Rødkløver (Trifolium pratense) ved kreft

1. september 2026
Raudkløver er ei medisinplante som tradisjonelt har vore brukt mot til dømes heitetokter, beinskjørleik og hjarte- og karsjukdom. Raudkløver er vanlegvis godt tolerert, men trygg kunnskap om effekt og sikkerheit ved kreft er avgrensa.
Behandling

Mariatistel (mjølketistel) ved kreft

7. juli 2026
Frøa frå planta Mariatistel (Mjølketistel, Silybum marianum) vert brukt til å lage naturmiddel. Forskinga tyder på at det kanskje kan redusere nokre biverknader av kreftbehandling. Mariatistel kan gi biverknadar og endre verknaden av visse medisinar.
Behandling

Fermentert kveitekimekstrakt ved kreft

3. juli 2026
Fermentert kveitekimekstrakt er eit kosttilskot nokre bruker saman med kreftbehandling. Det kan ha visse positive verknadar, men forskinga er usikker. Det blir rekna som trygt, men bør brukast med varsemd.

Other websites from NAFKAM: