Orgonterapi

Orgonterapien er basert på ideen om ein "god energi" som både skal kunne reinse omgjevnadane, skjerme mot farleg stråling og verke mot mange ulike sjukdomar. Denne energien kaller utøvarane for orgon-energi.
Govva
Bilde av to orgonittsteiner
Foto: Colourbox.com

Opphavsmannen Wilhelm Reich meinte at mange sjukdomar skuldast mangel på eller innsnevring i kroppsleg orgon-energi, og at den som manglar slik energi kan få påfyll av den på forskjellige vis.

Behandlinga skjer ved å gå til ein utøvar for å sitje i eit orgon-skap for å motta slik energi, eller som sjølvhjelp ved å skaffe seg forskjellige produkt laga av det terapeutane kallar orgonitt, for å plassere kringom i miljøet sitt.

Verkar det?

Ifylgje teorien bak orgonterapien, finst orgon-energi både i omgjevnadane kring oss og inne i menneskekroppen. Ein skal og kunne hente inn orgon-energi  frå atmosfæra, ved hjelp av forskjellige innretningar og orgonitt-produkt som Reich utvikla. 

Desse teoriane har inga støtte i vitskapen. Påstandar om verknad og direkte nytte på kroppsleg sjukdom manglar etter våre krav solid dokumentasjon.

Er det trygt?

Det er ikkje dokumentert at orgon-energi fins. Å sitje i eit orgonskap eller å være nær produkt av orgonitt vert rekna som ufarleg.

Fleire av helseproblema og tilstandane som orgon-terapi vert sagt å skulle verke mot, kan bli alvorlege dersom dei ikkje vert behandla i tide. Difor bør ein ikkje bytte ut verksam behandling til fordel for orgon-terapi eller anna alternativ behandling.

Vurderer du alternativ behandling?

Då bør du lese pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Bakgrunn

Orgonterapi vart utvikla på 1930-talet av den austerrikske psykiataren dr Wilhelm Reich. Han meinte å ha funne ein eigen orgon-energi. Denne omtala han som eit stoff utan masse, men som finst overalt i atmosfæra og i levande organismar, og har livgjevande og helande verknadar.

Reich meinte at denne energien heng saman i ulike strukturar, frå dei minste som han kalla "bionar" til dei største så som levande organismar, skyar eller til og med galaksar. Han var inspirert av både kinesisk og indisk tradisjon om livsenergiane chi og prana. Han meinte at orgon-energien kunne samlast inn og lagrast for seinare bruk, om lag slik ein ladar opp batteri.

Til dette laga han spesielle orgon-akkumulatorar og orgonitt-produkt. Målet med desse var å samle og lagre orgon-energi til seinare bruk: både i direkte behandling av sjukdom , for å reinse miljøet, eller for å påverke vêret.

Eit døme på slike akkumulatorar er orgon-skapet: eit lite kabinett av tre som er dekt av metall, som ein skal sitje i for behandling og auke sin eigen orgon-energi. Orgonitt-produkt varierar i innhald, samansetjing, farge og form, men skal ifylgje teorien bestå av 50/50 harpiks og spon frå spesifikke metall, samt mineralet kvarts. Ved å variere samansetjinga av desse samt utforminga av det ferdige produktet, skal orgonitt-produkta egne seg til ulike føremål.

Reich prøvde å skaffe vitskapleg støtte for orgon-energien og terapien frå fleire hald. Mellom anna prøvde han å få Albert Einstein interessert, men han sa at det ikkje var noko vitskapleg hald i desse ideane. På 1940-talet grunnla Reich eit eige Orgone Institute, for å forske på, publisere og distribuere litteratur om orgonenergi og orgonterapi.

Det amerikanske FDA (Food and Drug Administration) reagerte ved fleire høve overfor Wilhelm Reich, mellom anna på det dei meinte var å fremja falske og misvisande påstandar om sjukdom og behandling. Han meinte mellom anna at orgon-akkumulatorar og orogonitt-produkt både kunne førebyggje og kurere alvorleg sjukdom. Verksemda hans vart granska og han fekk forbud mot å fortsette, og vart seinare også dømt til fengselsstraff.

Med auka interesse for moglege farar ved elektromagnetisk stråling, samt for å ta vare på miljøet, har Reich sine idear fått ny interesse på marknaden. Orgonitt-produkt vert no selde med påstandar om at det kan reinse jordsmonn og drikkevatn, og forsterke jordkloda sitt såkalla «eterfelt». Orgonitt skal og verke forsterkande på andre alternativmedisinske behandlingselement som krystallterapi (lenke), meditasjon (lenke) og reinsing av auraen.

Eit anna moderne salsargument for orgonterapien er «Space Clearing», som handlar om å rydde bort uønska energiar både i kroppen og hovudet, samt ting i bustaden som ikkje er naudsynte og hemmar deg.

Før Wilhelm Reich laga orgonterapien, utvikla han vegetoterapien, ein variant av samtaleterapi. Til saman utgjer desse behandlingane Reichiansk terapi.

Engelske namn:

Orgone Therapy, Orgonomy  og  Orgonomy Therapy

Kjelder:

Other websites from NAFKAM: