Denne artikkelen handlar om ortomolekylær medisin.
Utøvarar av slik terapi gjev kosthalds- og livsstilsrettleiing, og meiner at vi både i det daglege og i kurering av helseproblem treng langt meir av næringsstoff i form av kosttilskot enn det styresmaktene rår til.
Ut frå våre kriterium er det ikkje solid vitskapleg støtte til utsagn om at dette verkar for alle dei helseproblema, sjukdomane og plagene som utøvarane rår til ortomolekylær medisin for.
Forskinga rapporterar om at slik behandling kan gje biverknadar, endre verknaden av visse medisinar, urter og kosttilskot, og påverke resultata av medisinske prøvar. Fleire pasientgrupper bør vere varsame med ortomolekylær medisin.
Utviklinga av ortomolekylær medisin vert knytt til kjemikaren og nobelprisvinnaren Linus Pauling, seint på 1960-talet. Han meinte at ei rekkje helseproblem skuldast det han kalla molekylære ubalansar, som han meinte å kunne identifisere ut frå pasienten sin heilt individuelle biokjemi, og resultat frå testar som han utvikla. Desse ubalansene meinte han å kunne korrigere ved å tilføre ulike næringsstoff.
Pauling sin terapi kviler på ideen om eit individuelt og optimalt ernæringsmiljø, samt på ideen om at kosttilskot kan ha terapeutisk effekt mot konkret sjukdom; berre ein tek dei i høg nok dosering. Pauling utvikla teoriane sine frå behandlingsforsøk med mellom anna niacin (vitamin B3) ved schizofreni; intravenøs vitamin C ved kreft og sepsis, vitamin B6 for autisme og sink for spiseforstyrringar.
I dag vert behandling med ortomolekylær medisin og støtta av meininga om matvarer har lågare næringsinnhald no enn før, på grunn av kunstgjødsel, plantevernmiddel, vekstfremjande middel, genetisk foredling med meire. Dette gjev så grunn til tanken om at menneske treng større doseringar av næringsstoff (vitamin, mineral, sporstoff, aminosyrer, fettsyrer, makronæringsstoff og andre naturlige metabolsk aktive stoff), som ein kan oppnå ved å ta kosttilskot. Dei meiner og at styresmaktene sine tilrådde maksgrenser for kosttilskot er for låge til å få terapeutisk nytte av dei - og at det ikkje er farleg å bryte desse grensene.
Tilhengarar av ortomolekylær medisin meiner og at mange ikkje-smittsame sjukdomar og plager skuldast kombinasjonen av feil ernæring, belastande livsstil (stillesitjing, stress ol.), skadeleg miljø (luftforureining, ureint vatn, jordstråling ol.) og arvelege disposisjonar. Dei meiner at det å endre livsstil og å bruke meir kosttilskot enn helsestyresmaktene sine tilrådde maksdoseringar - gjerne opptil 100 gongar så mykje (megadosar) kan kurere slike sjukdomar.
Andre namn
Ernæringsmedisin, ortomolekylær medisin, biologisk medisin, funksjonell medisin, megavitaminterapi, vitamin- og mineralterapi, naturmedisinsk ernæringsterapi, nutrition therapy, orthomolecular therapy
Ordrett tyder "ortomolekylær" rett molekyl, som fortel at terapien handlar om medvite bruk av næringsstoff for å oppretthalde eller styrke helsa.
Ifylgje norske helsestyresmakter vil dei fleste av oss få i seg dei næringsstoffa vi treng gjennom eit sunt og variert kosthald. Undersøkjing av norske jordbruksvarer stør ikkje utsagna om at næringsinnhaldet i dei har blitt lågare, og at vi difor treng meir næring enn før.
Kosttilskot kan vere til hjelp ved konstatert mangelsjukdom. Til dømes verkar tilskot av c-vitamin mot c-vitaminmangel og enkelte sjukdomar som fyl med c-vitaminmangel.
Det ein veit frå forskinga på kropp og helse, er at kroppen har ei grense for kor mykje han klarar å ta opp av den næringa vi tilfører. Fleire næringsstoff enn dette, vert stort sett skilt ut i urinen, men forskarane er uroa for at høge doseringar kan vere grunnen til tilfelle av forverring og andre biverknadar. Høg bruk av kosttilskot har difor ikkje nytte som medisin.
Livsstilsendringar kan vere både helsebringande, og auke livskvaliteten ved mange kjende helseplager - men ikkje for alle plagene og problema som tilhengarar av ortomolekylær medisin meiner.
I januar 2024 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på ortomolekylær medisin som system. Det betyr at det etter våre kriterium ikkje finst solid nok vitskapleg dokumentasjon til å kunne seie om slik behandling har effekt eller ikkje.
Kosttilskot er generelt ikkje meint å virke som medisin eller erstatning for eit normalt og variert kosthald; kun til å supplere det. Kosttilskot istaden for eit variert kosthald eller naudsynt medisin, kan forverre plager og helsetilstanden.
Det vert rekna som trygt å bruke kosttilskot og andre produkt med næringsstoff i tråd med pakningsvedlegget. Alle næringsstoff kan potensielt vere giftige dersom doseringa er høg nok.
Kunnskapen om biverknader og om potensialet for interaksjon med til dømes medisinar ved høge doseringar av kosttilskot er enno mangelfull.
Alle som vil, kan kalla seg "ernæringsterapeut" og praktisere ortomolekylær medisin/ ernæringsterapi utan krav til utdanning. Ver merksam på at "Klinisk ernæringsfysiolog" er ein beskytta tittel reservert for autorisert helsepersonell. Eventuell utdanning i ortomolekylær medisin anna alternativ behandling, gjev ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller ansvar som eit autorisert helsepersonell har.
Generelle forsiktighetsregler
- Snakk med legen din om all alternativ behandling som du bruker eller vurderer å bruke.
- Snakk også med instruktøren/ terapeuten/ behandleren om de helseproblemene du søker hjelp for, og få klarhet i hvordan den aktuelle metoden skal kunne være deg til hjelp - og om det er noe du bør være obs på ved den.
- Ved bruk av naturprodukter (plantebaserte legemidler, naturmidler, kosttilskudd og lignende) bør du være klar over at Direktoratet for medisinske produkter (DMP), råder alle som skal ha planlagte operasjonar til å avslutte bruken av slikt 1-2 uker før inngrepet.
- Les gjerne mer om din juridiske sikkerhet, samt vår pasientveiledning ved bruk av alternativ behandling.
- NAFKAMs omtaler av terapier er ment som opplysning, og medfører ingen offentlig kvalitetssikring eller godkjenning av terapier eller utøvere.
- NAFKAM tar ikke ansvar for pasienters eventuelle bruk av alternativ behandling; verken på basis av omtaler vi har eller mangler.
Søk i januar 2024 etter oppsummert forsking i dei eksterne kjeldene PubMed, The Cochrane Library, Web of Science, Embase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Natural Medicines og Drugs and Lactation Database (LactMed). Kjelder som er brukt:
- Bruset S. og Poleszynski D. (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste, Oslo.
- Bruset, S. og Tveiten, D. 2001.Helse på grønn resept. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo
- Carter S. Orthomolecular Medicine. Integr Med (Encinitas). 2019 Jun;18(3):74. PMID: 32549818; PMCID: PMC7217400.
- Clayton, Paul. 2004.Health Defence. Accelerated Learning Systems Ltd, Bucks, UK.
- Forskning.no: Hvor sunne er eplene - egentlig? (hentet 29.11.10)
- Helsedirektoratet.no: Matvarer og næringsstoffer (hentet 29.11.10)
- Helsedirektoratet.no: Kostholdsråd (hentet 29.11.10)
- Helsedirektoratet.no: Grønn resept (hentet 30.11.10)
- Janson M. Orthomolecular medicine: the therapeutic use of dietary supplements for anti-aging. Clin Interv Aging. 2006;1(3):261-5. doi: 10.2147/ciia.2006.1.3.261. PMID: 18046879; PMCID: PMC2695174.
- Matportalen.no: Av de sju viktigste risikofaktorene for ikke-smittsomme sykdommer i Europa er fem relatert til kosthold (hentet 29.11.10)
- Naturopatforbundet.no: Ernæringsterapi – Mat som medisin (hentet 29.11.10)
- Orthomed.org: Principles that identify orthomolecular medicine: A unique medical specialty (hentet 29.11.10)
- Orthomolecular.org: History (hentet 29.11.10)
- Pauling L. Orthomolecular psychiatry. Varying the concentrations of substances normally present in the human body may control mental disease. Science. 1968 Apr 19;160(3825):265-71. doi: 10.1126/science.160.3825.265. PMID: 5641253.
- Smedslund G, Berg RC. Effects of Vitamins, Fatty Acids, Minerals, and Other Dietary Supplements on Schizophrenic Symptoms in People with Schizophrenia [Internet]. Oslo, Norway: Knowledge Centre for the Health Services at The Norwegian Institute of Public Health (NIPH); 2011 Nov. Report from Norwegian Knowledge Centre for the Health Services (NOKC) No. 19-2011. PMID: 28510394.
- Weiss KJ. Linus Pauling, Ph.D. (1901-1994): From Chemical Bond to Civilization. Am J Psychiatry. 2017 Jun 1;174(6):518-519. doi: 10.1176/appi.ajp.2017.17010093. PMID: 28565944.
- Zell M, Grundmann O. An orthomolecular approach to the prevention and treatment of psychiatric disorders. Adv Mind Body Med. 2012 Fall;26(2):14-28. PMID: 23341413.