I alt treng vi 13 ulike vitamin: A-vitamin, D-vitamin, E-vitamin, K-vitamin, C-vitamin og dei 8 ulike typane B-vitamin.
Vi treng òg ei rekkje mineral og sporstoff: bor, fluor, fosfor, jern, jod, kalium, kalsium, klor, kopar, kobolt, krom, magnesium, mangan, molybden, natrium, selen, sink og svovel.
For dei fleste blir behovet for desse stoffa dekt ved å følgje kostråda frå helsestyresmaktene, men for nokre pasientgrupper kan ekstra tilførsel vere nødvendig.
Då kan behandlinga vere ein diett med matvarer rike på spesifikke vitamin, mineral og sporstoff, eller konsentrerte dosar i form av kosttilskot eller legemiddel.
Det finst òg høgdose-utgåver av visse vitamin. Desse er klassifiserte som legemiddel og er meint for kortvarig behandling av spesifikke sjukdomar. Dei bør berre brukast under medisinsk rettleiing og tilsyn.
Ifølgje NOU 1998:21 og Ot.prop nr 27 (2002-03) er bruk av vanlege vitamin, mineral, sporstoff og tilskot av andre stoff (som koenzym Q-10, melkesyretilskot, omega-fettsyrer og lechitin) utbreidd innan alternativmedisinen generelt.
Slike stoff står også sentralt i fleire spesifikke behandlingsformer (til dømes ortomolekylær medisin, megavitaminterapi, helheitsmedisin, holistisk miljømedisin, vitamin- og mineralterapi). I desse terapiane blir det rådd til å ta svært store dosar (megadosar), langt over den maksimale døgndosen. Tilhengarane meiner slike dosar gir terapeutisk effekt på linje med medisinar og kan hjelpe mot andre helseproblem enn dei som kjem av mangel på næringsstoff.
Forsking har synt at pasientar driv målretta eigenbehandling med slike stoff for å førebygge og behandle både alvorlege sjukdomar som kreft og hjarte-karsjukdom, og smittsame sjukdomar som influensa og COVID-19.
I seinare tid har fleire influensarar fronta i sosiale medie at dei tek mange vitamin og mineral for å ta vare på helsa, betre søvn eller optimalisere kosthald, trening og prestasjonar.
Symptoma på at du kan mangle vitaminar, mineral eller sporstoff varierer stort, og mange av dei er vanlege. Dersom du mistenkjer slik mangel eller mangelsjukdom som følgje av dette, bør du få dette stadfesta av lege før du eventuelt byrjar å ta ekstra tilskot.
Her er ei oversikt over vitamin/ vitaminliknande stoff, mineral og sporstoff vi har omtalt nærare:
B17 (ikkje eit ekte vitamin), C-vitamin, E-vitamin, Høgdose C-vitamin intravenøst, Koenzym Q-10, Sink
Behovet for visse mengder vitamin, mineral og sporstoff og effekten av desse er godt dokumentert. Også effekten av ekstra tilskot ved lågt opptak eller mangelsjukdom som følgjer av dette er dokumentert.
Generelt blir eit kosthald rikt på frukt, grønsaker og næringsrike matvarer rekna som den beste måten å få i seg desse stoffa.
Kroppen har avgrensa evne til å ta opp i seg desse stoffa. Overskot grunna høgt inntak vert normalt skilt ut gjennom urinen. Utan medisinske grunnar blir ekstra tilskot difor rekna som unødvendig og lite effektivt.
Det ligg ikkje føre solid dokumentasjon som støttar bruk av slike stoff for å førebygge eller kurere alvorleg sjukdom som kreft eller hjartesjukdom, eller for å redusere dødelegheit generelt.
Placeboeffekten
Som all anna behandling kan også denne ha placeboeffekt, utløyst av forventningar til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår om Placeboeffekten og alternativ behandling.
Inntak av vitamin, mineral og sporstoff i slike mengder ein vanlegvis får gjennom mat eller frå tilskot når det vert brukt i tråd med pakningsvedlegget, blir rekna som trygt. Ver merksam på at tilskot frå utlandet ofte har vist seg å ha anna innhald enn vedlegget opplyser om.
Det «naturlege» ved slike stoff kan gi inntrykk av høgare tryggleik og lågare risiko enn det som er tilfelle. Dette kan medverke til ukritisk bruk.
Tilskot kan gi uventa og uønska effektar (biverknadar), til dømes hvis dei vert brukt før operasjon. Dei kan også senke verknaden av viktig medisin ein brukar, eller forfalske medisinske prøveresultat. Difor vert det generelt rådd til å avslutte bruk av slike produkt 14 dagar før planlagt operasjon.
Gjentatt overdosering (megadosering) kan føre til forgifting, overdosesymptom og helseskade.
Dersom du vurderer eit kosthald som bryt med kostråda, eller å bruke tilskot av vitamin, mineral eller sporstoff som behandling av helseproblem, bør du først snakke med lege om det.
Vurderer du alternativ behandling?
Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
- Barker T. Vitamins and Human Health: Systematic Reviews and Original Research. Nutrients. 2023 Jun 26;15(13):2888. doi: 10.3390/nu15132888. PMID: 37447213; PMCID: PMC10346564.
- Behandler.no: Hva er Vitamin- og mineralterapi?
- Behers BJ, Melchor J, Behers BM, Meng Z, Swanson PJ, Paterson HI, Mendez Araque SJ, Davis JL, Gerhold CJ, Shah RS, Thompson AJ, Patel BS, Mouratidis RW, Sweeney MJ. Vitamins and Minerals for Blood Pressure Reduction in the General, Normotensive Population: A Systematic Review and Meta-Analysis of Six Supplements. Nutrients. 2023 Sep 30;15(19):4223. doi: 10.3390/nu15194223. PMID: 37836507; PMCID: PMC10574336.
- Helle Margrete Meltzer, Margaretha Haugen, Jan Alexander, Jan I. Pedersen. Vitamin- og mineraltilskudd – nødvendig for god helse? Tidsskr Nor Lægeforen 2004. 124: 1646-9
- Helsenorge.no: Kostrådene
- Legemiddelhåndboka: L23.1 Vitaminer, T23.2 Vitaminer, sporelementer og mineraler
- MedlinePlus: Vitamins
- Naseri K, Shahin W, Allahham A, Hassan S, Irrazabal G, de Courten B, Thrimawithana TR. Improving complementary medicine literacy: a systematic review of educational interventions for consumers and caregivers. BMC Complement Med Ther. 2025 Nov 7;25(1):419. doi: 10.1186/s12906-025-04931-w. PMID: 41204216; PMCID: PMC12595914.
- NHS: Overview - Vitamins and minerals
- NCCIH: Vitamins and Minerals
- NOU 1998:21. Kap. 6.2 Oversikt over en del alternativmedisinske behandlingsformer (ortomolekylær medisin), Kap. 6.3.13 Kosttilskudd, vitamin- og mineralterapi
- Ot.prop nr 27 (2002-03). Kap. 4.2.8.2 Kosttilskudd, vitamin- og mineralterapi
- Rafati S, Rafati F, Shahabi N, Dastyar N, Arjmand F, Mousavi Nejad SM. Prevalence of self-medication with vitamin or mineral supplements in the prevention and treatment of COVID-19: a systematic review and meta-analysis. BMC Nutr. 2025 May 20;11(1):99. doi: 10.1186/s40795-025-01083-5. PMID: 40394722; PMCID: PMC12090409.
- Store norske leksikon: Hypervitaminose, Mineraler og sporstoffer, Ortomolekylær terapi, Vitaminer, Vitamin- og mineralterapi