Identitetsorientert traumeterapi (IoPT) er ei form for samtale/psykoterapi som skal hjelpe deg med å forstå og bearbeide traume etter vanskelege eller vonde opplevingar. Gjennom samtale med terapeuten og bruk av ein metode som vert kalla intensjonsmetoden, skal du bli betre kjend med deg sjølv og dine kjensler. Målet er å styrke deg slik at du kan handtere utfordringar i kvardagen betre.
IoPT byggjer på tanken om at når vi opplever noko traumatisk, har kroppen og psyken vår ein måte å verne oss på: Ho skyv bort dei vonde kjenslene og minna, slik at vi slepp å kjenne på dei heile tida. Dette kan hjelpe oss å kome oss gjennom situasjonen der og då, men ifølgje IoPT kan det òg føre til at vi mistar kontakt med delar av oss sjølv.
I IoPT vert dette forklart med at psyken vår deler seg i tre delar:
Den sunne delen: Den delen av oss som framleis fungerer godt, som kan kjenne glede, vere til stades og ha kontakt med oss sjølv og andre.
Den traumatiserte delen: Denne delen inneheld minna og kjenslene frå den traumatiske opplevinga, men ho er ofte skjult for oss fordi det er for vondt å kjenne på.
Overlevingsdelen: Dette er forsvarsmekanismane som held dei traumatiske minna og kjenslene borte frå medvitet vårt, slik at vi slepp å kjenne på smerta. Overlevingsdelen kan til dømes vise seg ved at vi unngår visse situasjonar.
Når psyken vår deler seg på denne måten, kan vi ifølgje IoPT miste kontakt med både den traumatiserte delen og den sunne delen av oss sjølv. Overlevingsdelen tek ofte over, og det kan til dømes gjere at vi ikkje heilt forstår kvifor vi reagerer som vi gjer. IoPT handlar derfor om å kome forbi desse forsvarsmekanismane, ofte utan å bruke ord, slik at du kan få kontakt med dei delane av deg som har blitt splitta, og bearbeide det som har skjedd.
Sjølvmøte
Ein IoPT-terapeut tek utgangspunkt i kva pasienten ønskjer å jobbe med og oppnå med terapien. Pasienten kan til dømes ønskje å jobbe med ein type angst eller depresjon, eller å betre relasjonen til ein annan person.
I IoPT vert det som utøvarane kallar sjølvmøte rekna som avgjerande for at pasienten skal nå målet sitt med terapien. I sjølvmøtet skal du bli betre kjend med deg sjølv og kome i kontakt med det medvitne og det ubevisste ved at andre menneske prøver å spegle det som skjer inni deg. Dei som speglar deg vert kalla resonansgivarar.
Eit sjølvmøte er ifølgje utøvarforbundet Norsk Traumeterapeutforening delt inn i sju fasar:
Pasienten set intensjonen
Pasienten skriv eller teiknar kva hen ønsker å oppnå; som til dømes «Eg vil sove betre», «Eg vil betre relasjonen til foreldra mine», «Eg vil tole nærleik» eller liknande. Ifølgje IoPT er det viktig at intensjonen ikkje vert påverka av terapeuten eller dei andre deltakarane.
Pasienten vel resonansgivarar
Pasienten vel resonansgivarar for ord eller element i teikninga, som får til oppgåve å respondere kort til pasienten på det spesifikke ordet eller elementet.
Ordlaus fase
Resonansgivarane prøver å kjenne etter og vise kva som skjer inni dei ved å røre seg, lage lydar eller vise kjensler.
Orienteringsfase
Pasienten observerer det som skjer og korleis resonansgivarane responderer.
Pasienten deler opplevinga si
Pasienten gir signal når den ordlause fasen kan avsluttast. Terapeuten spør då pasienten om opplevinga og korleis denne har det no.
Resonansgivarane deler opplevingane sine
Pasienten bestemmer rekkefølgja resonansgivarane skal dele det dei opplevde. Dei fortel kort korleis det kjendes å stå for ordet eller elementet sitt. I lag med terapeuten prøver pasienten å knyte det som vart opplevd under sjølvmøtet til sitt eige liv, og kva betydning det har for det pasienten ønskjer å oppnå med terapien.
Avrunding
Pasienten seier at resonansgivarane kan gå ut av rollene sine, og at dei kan seie det som kjennest nødvendig for å kome ut av rolla.
Variantar og tal på behandlingar
Forbundet opplyser at behandlinga òg kan gjennomførast åleine med terapeut, anten ved fysiske eller digitale møte.
Kor mange behandlingar som trengst, avheng ifølgje terapeutane av kor omfattande dei vurderer helseproblemet eller tilstanden til å vere.
Det er publisert relativt lite forsking på IoPT. Ved søk kjeldene våe til forsking den 30. april 2025 fann vi ingen kunnskapsoppsummeringar om IoPT som oppfylte våre kriterium.
Det å snakke om personlege opplevingar, negative kjensler og traume kan gi sterke reaksjonar. I ei studie (Stjernswärd 2021) vert det vist til grunnleggjaren av IoPT, som understrekar at feil bruk av metoden kan føre til retraumatisering og forverring av pasienten sitt helseproblem.
Norsk Traumeterapeutforbund opplyser òg at ein kan oppleve biverknader i form av psykiske og fysiske reaksjonar under behandlinga.
Det finst ikkje felles krav til kompetanse eller retningslinjer for alle IoPT-terapeutar for korleis slike reaksjonar skal handterast. Du bør derfor spørje terapeuten du vurderer, om korleis vedkomande vanlegvis handterer slike tilfelle.
I gruppeterapi generelt deler ein ofte intime ting og sensitive opplysningar. Etter lov om alternativ behandling har ein behandlar som tilbyr IoPT teieplikt. Dersom terapeuten er helsepersonell, gjeld òg helsepersonellova. Dei som får terapi er likevel ikkje automatisk bundne av lova. Ein bør derfor spørje terapeuten korleis hen sikrar at sensitive opplysningar ikkje kjem vidare etter gruppeterapien.
IoPT vart utvikla av Franz Ruppert på 1990-talet. I arbeidet sitt som psykolog byrja han å bruke ein metode som vert kalla familiekonstellasjonar, der ein legg vekt på å kartleggje pasienten sine relasjonar til familien og andre nære personar.
Etter kvart meinte Ruppert at dette gav familien for stor betydning samanlikna med pasienten si eiga identitet. Han meinte at varig endring i retning av ein sterkare og meir stabil psyke ikkje kan kome frå endringar i ytre faktorar, men må kome frå pasienten sjølv. I staden for å starte med familien, utvikla han IoPT og intensjonsmetoden, som tek utgangspunkt i kva pasienten ønskjer å oppnå med behandlinga.
Metoden og teorien er basert på psykologiske utviklingsteoriar, som til dømes tilknytingsteori.
Andre namn:
Identity-oriented Psychotrauma Theory, Identity-oriented Psychotrauma Therapy
I skrivinga av faktaartiklar om alternativ behandling samarbeidar vi, så langt det let seg gjere, med forbund for utøvarar av den aktuelle terapien for å hente inn opplysningar om kva terapien går ut på, kva behandlinga vert brukt for og korleis ho vert gjennomført. I dette samarbeidet kan det oppstå usemje om språkbruk, fokus og framstilling. Les meir om dette her.
- IoPT Norge: Hva er IoPT? (henta 01.10.2025)
 - IoPT Norge: Grunnlgger IoPT Prof. Dr. Franz Ruppert. (henta 28.10.2025)
 - Macarenco MM, Opariuc-Dan C, Georgescu T. The influence of identity-oriented psychotrauma therapy on Hashimoto disease activity: a randomised controlled trial. Eur J Psychotraumatol. 2025 Dec;16(1):2520636. doi: 10.1080/20008066.2025.2520636. Epub 2025 Jun 26. PMID: 40568843; PMCID: PMC12203709.
 - Stjernswärd S. Getting to Know the Inner Self. Exploratory Study of Identity Oriented Psychotrauma Therapy-Experiences and Value From Multiple Perspectives. Front Psychiatry. 2021 May 21;12:526399. doi: 10.3389/fpsyt.2021.526399. PMID: 34093249; PMCID: PMC8175788.
 - Store Norske Leksikon: Gruppeterapi. Henta 27.10.2025
 - Wikipedia. Tilknytningsteori. (19. mai 2025). Henta 27. oktober 2025 kl. 11:04 fra https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Tilknytningsteori&oldid=25145430.
 - Søk i september 2025 etter oppsummert forsking i: