Alexanderteknikken er ein sjølvhjelpsteknikk som Bruset og Poleszynski i 1994 oppsummerte som "Betre helse gjennom betre haldning". Ernst, Pittler og Wider (2006) forklarer teknikken som: "Ein prosess med psykofysisk omskolering for å betre haldning, balanse og koordinasjon slik at ein kan bevege seg med minimal belastning og maksimal funksjonsevne".
Det internasjonale utøvarforbundet Alexander Technique International (ATI) listar opp fire hovudområde for bruk av Alexanderteknikken: kvardagsliv og aktivitet, kunstnarisk utøving, handtering av helse og smerter, samt sport og trening. Eit anna utøvarforbund – Society of Teachers of the Alexander Technique – forklarer teknikken nærare med at han skal gjere deg merksam på ugunstige rørsler, fysiske reaksjonar og automatiske mønster som du har. Målet med teknikken seier dei er å korrigere desse, slik at du brukar kroppen meir effektivt: Du skal kunne yte meir og betre ved å knyte saman tankar og rørsler på ein ny og betre måte. Ei naturleg kroppshaldning er både utgangspunktet og målet for teknikken.
Helserelatert bruk
Denne artikkelen tek føre seg helsemessige aspekt ved Alexanderteknikken, altså når han blir brukt for helserelaterte formål. Ifølgje både Bruset og Poleszynski, samt Ernst m.fl., er teknikken kjend brukt ved mellom anna: angst, astma, betennelse i tjukktarmen, høgt blodtrykk, depresjon, hovudverk, irritabel tarm, isjias, korsryggsmerter, luftvegsplager, magesår, revmatisme, slitasjegikt, stress og utmatting (fatigue). Helserelatert bruk er òg undersøkt i forsking (sjå kapittelet Bakgrunn, eller det opne forskingsbiblioteket PubMed).
Utøvarane omtalar seg sjølve som lærarar i Alexanderteknikken pasientane som "klientar" og konsultasjonane som "undervisning". Pasientar oppsøker dei både for vurdering av kroppshaldninga si, for å identifisere rørsler, reaksjonar og mønster som ifølgje læra er feil eller ugunstige; for å få forslag til korrigerande øvingar, samt for opplæring slik at dei hugsar og kan gjere øvingane rett heime mellom timane hjå lærar.
Norske lærarar i Alexanderteknikken verkar i liten grad å vere opptekne av direkte helserelaterte aspekt og føremål med teknikken. Til dømes er reglane for medlemskap i fagforbundet Norsk Forening for Lærere i Alexanderteknikk (NFLAT) tydelege på at "selv om undervisningen i Alexanderteknikk kan frembringe effekter som er velgjørende, helsebringende eller av terapeutisk karakter, skal Alexanderlæreren informere alle elever om at undervisningen er en læringsprosess som forbedrer det generelle funksjonsnivået hos den enkelte (...) eleven skal gjøres oppmerksom på at Alexanderlærere ikke er utdannet helsepersonell, og ikke under noen omstendighet stiller medisinske diagnoser eller foreskriver medisinske remedier".
Opplæring i og bruk av Alexanderteknikken skjer så vidt vi veit, hovudsakleg utanfor helsevesenet og det ordinære offentlege behandlingstilbodet. Når pasientar får opplæring eller rettleiing i Alexanderteknikken til bruk for helseplager/formål, reknar NAFKAM dette difor som i tråd med definisjonen som følgjer av alternativ behandlingslova. Denne inneber mellom anna at det ikkje blir stilt krav til lærarar i Alexanderteknikken om dokumenterte medisinske kunnskapar for å tolke helseproblem og føreslå øvingar som behandling for desse problema.
Det er semje om at dårleg kroppshaldning kan verke negativt på pust og kapasitet, og kan gi spenningar og skeiv belastning. Det er òg semje om at målretta øvingar og trening generelt kan gi smertelindring.
Forskinga støttar òg at medviten øving og repetisjon, slik det blir rådd til i til dømes Alexanderteknikken, til ein viss grad kan endre fysiologiske reaksjonar i det autonome nervesystemet.
Eit søk etter oppsummert forsking i kjeldene våre i februar 2023 ga grunnlag for det fylgjangde om helseeffektar av Alexanderteknikken:
- Astma og andre pustevanskar: Ei Cochrane-oppsummering frå 2012 (Dennis m.fl.) fann ingen samanliknbare studiar og konkluderte med at det ikkje var tilstrekkeleg vitskapleg grunnlag til å avgjere om teknikken verkar ved astma. Klein m.fl. (2014) fann heller ikkje prov for effekt på pustevanskar hjå musikarar. Woodman m.fl. (2012) fann noko støtte i forskinga for effekt ved pustevanskar, men etterlyste betre studiar før ein kan seie noko sikkert.
- Fall/balanse: Chen m.fl. (2018) fann at det var for få og for ulike studiar til å kunne konkludere om effekt av Alexanderteknikken og fleire andre tiltak. Auka medvite og trening generelt såg ut til å hjelpe, men ingen metode såg ut til å verke betre enn andre.
jå - Kroppshaldning: Woodman m.fl. (2012) fann kortsiktig forbetring av kroppshaldninga hos generelt friske personar når dei brukte Alexanderteknikken. Klein m.fl. (2014) såg på musikarar spesielt, men fann ingen overtydande støtte for at teknikken ga betre haldning hjå denne gruppa.
- Parkinsons sjukdom: Woodman m.fl. (2012) fann at teknikken kunne auke funksjonsevna hjå personar med Parkinsons, men peikte på at studiane var for få og små til å kunne dra sikre konklusjonar.
- Prestasjonsangst og -evne: Klein (2014) fann at teknikken kunne redusere prestasjonsangst hjå musikarar, men den forbetra ikkje kvaliteten på prestasjonane deira nemneverdig.
- Smerter: Chen og Michalsen (2017) fann at teknikken kunne lindre smerter like godt som standard behandling, men ikkje like godt som lokal varmebehandling. Dei fann spesielt god effekt ved nakkesmerter, men meinte at fleire studiar måtte til før ein kan dra endelege konklusjonar.
- Stamming: Woodman m.fl. (2012) fann mogleg effekt på stamming, men meinte det var for få og små studiar til å konkludere.
Forskinga som er gjort på Alexanderteknikken per februar 2023 rapporterer ikkje om vesentleg helserisiko ved bruk av metoden.
Forskningsbiblioteket Natural Medicines opplyser at dei ikkje kjenner til nokon usikre sider ved metoden, og vurderer den som mest sannsynleg trygg for dei fleste å bruke. Utover vanlege, milde og forbigåande biverknader som er rapporterte for manuelle/fysikalske behandlingar generelt, blir den direkte risikoen ved Alexanderteknikken rekna som låg.
Indirekte risiko kan oppstå dersom naudsynt medisinsk behandling blir utsett eller valt bort til fordel for bruk av Alexanderteknikken. Dette gjeld all behandling.
For dei som er gravide eller ammar
Natural Medicines vurderer dokumentasjonen av tryggleiken for desse gruppene som utilstrekkeleg. I slike høve rår dei generelt til at gravide og dei som ammar bør vere på den sikre sida, og unngå å bruke metoden inntil ein veit meir. Dei peikar likevel på at dei ikkje ser nokon grunn til å mistenke spesifikk helserisiko ved Alexanderteknikken verken for den gravide, den som ammar eller for fosteret/babyen.
Vurderer du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle åtvaringar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Alexanderteknikken blir forklart som ein teknikk ein kan lære seg, øve på og automatisere inn i daglege aktivitetar, rørsler og gjeremål. Målet er å lære betre haldning og rørsler. Ifølgje læra skal dette kunne hjelpe ved ei rekkje helseplager og -problem.
Norske lærarar i Alxanderteknikken forklarer rolla si med at dei skal observere og rettleie klienten gjennom ulike rørsler. Dei gir klienten muntlege tilbakemeldingar basert på læra etter grunnleggjaren Frederick M. Alexander, om korleis rørsler kan forbetrast generelt, og hjelpe mot ulike problem som klientane fortel om.
Under konsultasjonen kan klienten bli bedd om å gjere daglegdagse rørsler som det å setje seg, røyse seg, stå stille, gå, puste og snakke.
Lærarane kan òg ta på klienten med hendene sine, for å kjenne etter muskelspenningar og stivheit. Dei kan òg føre klientens hovud, armar eller bein gjennom øvingar for at klienten skal lære rørsler betre og auke kroppsmedvitet.
Opplæring i teknikken blir gitt både i grupper og som individuelle timar. Nokre tilbyr òg videokonsultasjon/opplæring over internett. Ifølgje forbunda kan det vere nødvendig med opp mot 30 timar for å lære seg Alexanderteknikken tilstrekkeleg.
Helserelatert bruk
Sjølv om norske lærarar i Alexanderteknikken distanserer seg frå dei helserelaterte aspekta ved teknikken, veit ein frå forskinga at teknikken blir brukt for ei rekkje helseproblem og -formål, som til dømes:
- Astma (Dennis et al 2000)
- Kneartrose (Preece 2016)
- Kraniomandibulær dysfunksjon (Knebelman 1982)
- Livskvalitet hjå svaksynte (Gleeson 2017)
- Nakkesmerter (Lauche et al 2016, MacPherson et al 2015)
- Symptom ved Parkinsons (Stallibrass et al 2006, Stallibrass et al 1997)
- Ryggsmerter (Little et al 2008, Cacciatore et al 2005, Cottingham et al 1997, Elkayam et al 1996)
- Skoliose (Bettany-Saltikov et al 2014)
- Stamming (Schulte et al 2006)
- Somnproblem (Levrini 2014)
- Talevanskar (Moore 2012, Emerich 2003)
- Tap av muskelmasse (Kelly et al 2017)
- Balanse, mobilitet og stødje (Dennis et al 1999, Gleeson et al 2015)
Historie
Alexanderteknikken vart utvikla av den australske skodespelaren Frederick M. Alexander kring år 1900. Han opplevde at stemma svikta under framsyningar, og for å finne årsaka studerte han seg sjølv i spegelen medan han øvde.
Han konkluderte med at problema kom av umedvitne anstrengingar og uvanar i måten han heldt hovudet på under framføring av replikkar. For å bli kvitt dette utvikla han sin eigen teknikk for å korrigere høvet mellom hovud, nakke og rygg. Etter kvart forsvann problema hans, og han formulerte derfor metoden sin som Alexanderteknikken, basert på tre prinsipp:
- Funksjon blir påverka av bruk: Ifølgje Alexander er vanar og uvanar i måten du brukar kroppen på avgjerande for kor godt ho fungerer. Berre ved å bli medviten om uvanar i rørslemønsteret, meinte han at ein kan forbetre prestasjonar, redusere belastningar og førebyggje slitasje, skadar og problem.
- Organismen fungerer som ein heilskap: Dei ulike funksjonane og organa påverkar kvarandre. Dersom noko fungerer dårleg, vil det trekkje ned den samla prestasjonsevna.
- Forholdet mellom hovud, nakke og rygg er avgjerande: Å bli kvitt spenningar i desse områda er ifølgje Alexander gunstig for helsa og styrande for resten av kroppens funksjonar og prestasjonar.
Ifølgje Alexander er menneskets rørsler mest flytande og uanstrengte når hovudet leiar an og ryggen følgjer etter. Dette er derfor ei sentral og generell øving i teknikken, med mål om å danne nye motoriske banar; forbetre kroppshaldninga og evna til å oppfatte kroppens stilling og rørsler i rommet (leddsansen/ muskel- og rørslesansen/ proprisepsjon). Dette skal føre til betre koordinasjon og balanse.
Variantar/andre namn: Alexander Proprioception, AT, F.M. Alexander Technique, Technique Alexander, Técnica Alexander
Beslekta metodar: Feldenkraismetoden, Rolfing, Tragerwork, Yoga
Søk i februar 2023 etter oppsummert forsking i PubMed, The Cochrane Library, Web of Science, Embase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Drugs and Lactation Database (LactMed) og Natural Medicines Comprehensive Database
- Alexanderinfo.no: Alexanderteknikken (henta juli 2023)
- Alexandertechnique-com: What is the Alexander Technique and what are its Benefits? (henta juli 2023)
- Alexanderteknikk-no: Hva er Alexanderteknikk? (henta juli 2023)
- American Society of the Alexander Technique. The Alexander Technique (henta juli 2023)
- Bettany-Saltikov J, Parent E, Romano M, Villagrasa M, Negrini S. Physiotherapeutic scoliosis-specific exercises for adolescents with idiopathic scoliosis. Eur J Phys Rehabil Med. 2014 Feb;50(1):111-21. Epub 2014 Feb 13. PMID: 24525556.
- Binder AI. Neck pain. BMJ Clin Evid. 2008 Aug 4;2008:1103. PMID: 19445809; PMCID: PMC2907992.
- Blaylock SE, Vogtle LK. Falls prevention interventions for older adults with low vision: A scoping review. Can J Occup Ther. 2017 Jun;84(3):139-147. doi: 10.1177/0008417417711460. PMID: 28730900.
- Bruset S, Poleszynski D V. Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste A/S 1994. ISBN 82-7010-250-4.
- Chen L, Michalsen A. Management of chronic pain using complementary and integrative medicine. BMJ. 2017 Apr 24;357:j1284. doi: 10.1136/bmj.j1284. PMID: 28438745.
- Dennis JA, Cates CJ. Alexander technique for chronic asthma. Cochrane Database Syst Rev. 2012 Sep 12;2012(9):CD000995. doi: 10.1002/14651858.CD000995.pub2. PMID: 22972048; PMCID: PMC6458000
- Dillon L, Clemson L, Ramulu P, Sherrington C, Keay L. A systematic Review and Meta-Analysis of Exercise-Based Falls Prevention Strategies in Adults Aged 50+ Years With Visual Impairment. Ophthalmic Physiol Opt. 2018 Jul;38(4):456-467. doi: 10.1111/opo.12562. Epub 2018 May 6. PMID: 29732579.
- Emerich KA. Nontraditional tools helpful in the treatment of certain types of voice disturbances. Curr Opin Otolaryngol Head Neck Surg. 2003 Jun;11(3):149-53. doi: 10.1097/00020840-200306000-00003. PMID: 12923353.
- Ernst E, Canter PH. The Alexander technique: a systematic review of controlled clinical trials. Forsch Komplementarmed Klass Naturheilkd. 2003 Dec;10(6):325-9. doi: 10.1159/000075886. PMID: 14707481.
- Ernst E, Pittler MH, Wider B: The Desktop Guide to Complementary and Alternative Medicine - An Evidence-Based Approach. 2nd Edition, 2006. Mosby Ltd, ISBN-13: 978-0723433835
- Ford J, Arvinen-Barrow M. Exploring the Use of Psychological Skills Training Interventions in a Music Domain: A Systematic Review. Med Probl Perform Art. 2019 Dec;34(4):222-229. doi: 10.21091/mppa.2019.4033. PMID: 31800674.
- Hu XY, Chen NN, Chai QY, Yang GY, Trevelyan E, Lorenc A, Liu JP, Robinson N. Integrative treatment for low back pain: An exploratory systematic review and meta-analysis of randomized controlled trials. Chin J Integr Med. 2015 Oct 26. doi: 10.1007/s11655-015-2125-2. Epub ahead of print. PMID: 26501693.
- Jain S, Janssen K, DeCelle S. Alexander technique and Feldenkrais method: a critical overview. Phys Med Rehabil Clin N Am. 2004 Nov;15(4):811-25, vi. doi: 10.1016/j.pmr.2004.04.005. PMID: 15458754.
- Kelly OJ, Gilman JC. Can Unconventional Exercise be Helpful in the Treatment, Management and Prevention of Osteosarcopenic Obesity? Curr Aging Sci. 2017;10(2):106-121. doi: 10.2174/1874609809666160509122725. PMID: 27156950.
- Klein SD, Bayard C, Wolf U. The Alexander Technique and Musicians: A Systematic Review of Controlled Trials. BMC Complement Altern Med. 2014 Oct 24;14:414. doi: 10.1186/1472-6882-14-414. PMID: 25344325; PMCID: PMC4287507.
- Lauche R, Schuth M, Schwickert M, Lüdtke R, Musial F, Michalsen A, Dobos G, Choi KE. Efficacy of the Alexander Technique in treating chronic non-specific neck pain: a randomized controlled trial. Clin Rehabil. 2016 Mar;30(3):247-58. doi: 10.1177/0269215515578699. Epub 2015 Mar 31. PMID: 25834276.
- Levrini L, Lorusso P, Caprioglio A, Magnani A, Diaféria G, Bittencourt L, Bommarito S. Model of oronasal rehabilitation in children with obstructive sleep apnea syndrome undergoing rapid maxillary expansion: Research review. Sleep Sci. 2014 Dec;7(4):225-33. doi: 10.1016/j.slsci.2014.11.002. Epub 2014 Nov 17. PMID: 26483933; PMCID: PMC4608888.
- Little P, Stuart B, Stokes M, Nicholls C, Roberts L, Preece S, Cacciatore T, Brown S, Lewith G, Geraghty A, Yardley L, O’Reilly G, Chalk C, Sharp D, Smith P. Alexander technique and Supervised Physiotherapy Exercises in back paiN (ASPEN): a four-group randomised feasibility trial. Southampton (UK): NIHR Journals Library; 2014 Oct. PMID: 25642555.
- Maher CG. Effective physical treatment for chronic low back pain. Orthop Clin North Am. 2004 Jan;35(1):57-64. doi: 10.1016/S0030-5898(03)00088-9. PMID: 15062718.
- Mehling WE, DiBlasi Z, Hecht F. Bias control in trials of bodywork: a review of methodological issues. J Altern Complement Med. 2005 Apr;11(2):333-42. doi: 10.1089/acm.2005.11.333. PMID: 15865501.
- Prentice C, Canty AM, Janowitz I. Back school programs. The pregnant patient and her partner. Occup Med. 1992 Jan-Mar;7(1):77-85. PMID: 1531896.
- Schlinger M. Feldenkrais Method, Alexander Technique, and yoga--body awareness therapy in the performing arts. Phys Med Rehabil Clin N Am. 2006 Nov;17(4):865-75. doi: 10.1016/j.pmr.2006.07.002. PMID: 17097486.
- Skelly AC, Chou R, Dettori JR, Turner JA, Friedly JL, Rundell SD, Fu R, Brodt ED, Wasson N, Winter C, Ferguson AJR. Noninvasive Nonpharmacological Treatment for Chronic Pain: A Systematic Review [Internet]. Rockville (MD): Agency for Healthcare Research and Quality (US); 2018 Jun. Report No.: 18-EHC013-EF. PMID: 30179389.
- Smith BH, Torrance N. Management of chronic pain in primary care. Curr Opin Support Palliat Care. 2011 Jun;5(2):137-42. doi: 10.1097/SPC.0b013e328345a3ec. PMID: 21415754.
- Sweeting J, Merom D, Astuti PAS, Antoun M, Edwards K, Ding D. Physical activity interventions for adults who are visually impaired: a systematic review and meta-analysis. BMJ Open. 2020 Feb 12;10(2):e034036. doi: 10.1136/bmjopen-2019-034036. PMID: 32051316; PMCID: PMC7045169.
- Woodman JP, Moore NR. Evidence for the Effectiveness of Alexander Technique Lessons in Medical and Health-Related Conditions: A Systematic Review. Int J Clin Pract. 2012 Jan;66(1):98-112. doi: 10.1111/j.1742-1241.2011.02817.x. PMID: 22171910.
- Zarzycka M, Rozek K, Zarzycki M. Alternative methods of conservative treatment of idiopathic scoliosis. Ortop Traumatol Rehabil. 2009 Sep-Oct;11(5):396-412. English, Polish. PMID: 19920282.
- Zhukov K. Current Approaches for Management of Music Performance Anxiety: An Introductory Overview. Med Probl Perform Art. 2019 Mar;34(1):53-60. doi: 10.21091/mppa.2019.1008. PMID: 30826822.