Osteopati

Osteopati er ei form for manuell/ fysikalsk behandling. I Noreg var osteopati regulert som alternativ behandling fram til 1. mai 2022.

I mars 2022 vedtok Stortinget å autorisere osteopatar etter Helsepersonellova. Denne lovendringa trådde i kraft 1. mai samme år. Frå den datoen av reknar ein osteopatisk behandling som offentleg helsehjelp og utøvarane som del av den offentlege helsetenesta. 

Ein kan kalle seg "osteopat" utan å ha autorisasjon fram til 1. mai 2023, når fullt vern av nemninga trer i kraft. Innan den datoen må alle som vil kalle seg "osteopat" ha levert inn søknad om slik autorisasjon. Fram til då, kan ein difor treffe på både autoriserte og ikkje-autoriserte osteopatar i Noreg. Men alle vart frå 1.5.2022 underlagt Helsepersonellova.

De fleste osteopatar i Noreg jobbar truleg på private klinikkar, sjølv om dei no representerar skulemedisinen og er ein del av den offentlege spesialisthelsetenesta. 

Dersom noko skulle gå gale som fylgje av osteopatisk behandling hjå ein osteopat i Noreg, har pasienten frå 01.05.22 rettar og vern etter pasient - og brukarrettigheitslova. Frå same dato er osteopatar også underlagte offentleg klagerett og fagleg tilsyn frå Statens Helsetilsyn

Osteopatane sin autorisasjon gir dei ikke rett til å sjukmelde eller vise pasientar vidare til nærare undersøkjing (røntgen, MR eller liknande) eller spesialistbehandling i andre delar av helsetjenesta. Autorisasjonen fører heller ikkje til at pasienten sine utgifter til behandling hjå osteopat kjem inn under det offentlege sine ordningar for eigenandel, refusjon eller frikort.

I Noreg kan ein oppsøke osteopat direkte, eller via tilvising frå lækjar. Vurderer du å oppsøkje osteopat i utlandet,  bør du vere merksam på at det varierar frå land til land om osteopatar er regulerte som offentleg lisensiert/ autorisert personell eller som alternative behandlarar. Dermed varierar også utøvarane sitt ansvar, minimumskrava til kompetansen deira, og tryggleiken din som pasient. 

Les meir:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: