Miljømedisin

Miljømedisin er eit behandlingssystem som er sett saman av fleire diagnose- og terapiformer, der behandlinga går ut på å finne ytre miljøfaktorar som gjer ein sjuk; eliminere desse og styrkje pasienten gradvis til å tole meir.
Govva
Bilde av en pipette med blod under et mikroskop
Foto: Colourbox.com

Innan skulemedisinen er "miljømedisin" definert som det fagområdet som studerer korleis forskjellige fysiske miljøfaktorar - til dømes luft og vatn - påverkar menneska si helse. 

Den alternativmedisinske forståinga og bruken av omgrepet er ikkje ulik, men her går ein lengre i kva faktorar som kan påverke helsa og korleis, kva slags problem dei kan skape og kva som kan hjelpe. Denne artikkelen handlar om alternativmedisinsk miljømedisin:

Her tek ein utgangspunkt i at menneska mest heile tida vert eksponerte for kjemiske, fysiske og organiske/biologiske stoff, som ikkje alle tåler påkjenningar like godt frå: Nokre kan vere meir følsame for slik påverking enn andre, og få ulike reaksjonar - frå allergi-liknande symptom til smerter og symptom på forgifting. Terapeutane meiner at den som er overfølsam kan utviklar kroniske betennelsar, ubalanse i tarmfloraen, kroniske smertelidingar som tannverk eller hovudverk, leddplager, diare med meire. 

Behandlinga femnar diagnostisering, identifikasjon, eliminering førebyggjing og behandling av helseproblem.

Kva terapi terapeutane bestemmer seg for å nytte, er avhengig av kva dei meiner er årsaka til helseplagene. Metodar som ofte vert nytta, er råd om endra kosthald og livsstil, tilrettelegging (til dømes fjerning av/skjerming mot det som skaper problem), ernæringsterapi, samtale, samt kosttilskot,  helsekost og naturlegemiddel. Nokre terapeutar nyttar og behandling av akupunkturpunkta.

Nokre terapeutar freistar å kurere pasienten ved å "desensibilisere" dei, ved å eksponere dei litt etter litt for dei stoffa pasienten er overfølsam mot. Dette liknar på homøopatien sitt prinsipp om at "likt kurerer likt". I tillegg kviler konseptet på at ein kan byggje opp normal toleranse ved varsam og stegvis eksponering for det som ein før reagerte på. 

I januar 2024 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på alternativ miljømedisin som system.

Det betyr at det etter våre kriterium ikkje finst nok dokumentasjon til at vi kan seie om dette verkar eller ikkje. Det vi kan seie i slike tilfelle, er at påstandar om slik verknad ikkje har solid støtte i vitskapen. 

Informasjon om kva forskinga seier om verknad av dei ulike terapiane innan miljømedisin, finn du i dei einskilde artiklane om desse.

Det ligg ikkje føre solid dokumentasjon frå forsking om tryggleiken ved bruk av miljømedisin som system. Samstundes er det heller ikkje rapportert i kjeldene våre om alvorlege biverknadar.

Generelle tryggingsreglar

Ifylgje læra er dei ytre faktorane som kan gje menneska helseskade mange og ulike: frå spesifikke element i kosthaldet så som mjølk eller andre meieriprodukt; sukker, gjær eller kveitemjøl; eller kaffi, te, sjokolade og egg.

Ifylgje miljømedisinen kan ein også vere overfølsam for ureining i luft eller drikkevatn; av kunstgjødsel og prosessering av mat; for stråling frå jordskorpa, himmelrommet eller frå tekniske installasjonar i omgjevnadane; metall i gjenstandar, tannfyllingsmateriale, reingjeringsmiddel eller for kunstige (syntetiske) material i til dømes klede, møblar eller matemballasje,

Å vere overfølsam er ikkje det same som å vere allergisk. Helsevesenet nyttar velprøvde og aksepterte testmetodar for å sjå om du er allergisk eller ikkje, ved å måle kor  mykje av forskjellige blodprotein du har.

I alternativmedisinsk miljømedisin nyttar terapeutane seg av diagnoseverkty så som kinesiologieliminasjonsdiettar, dråpetesting under tunga, hårmineralanalyse, cytotoksisk test (blodprøve), ACR-test (Auricular cardiac reflex) eller Vegatesting; for å freiste finne ut kva stoff pasienten er overfølsam mot og bør unngå, og kva stoff hen bør ha meir av.  

Slik miljømedisinsk behandling vert nytta ved eit breidt spekter av sjukdom og plager; mellom anna allergi-liknande symptom (tett nase, nysing, kløe/svie i auga, eksem/ kløe i huden), astma, hovudverk/migrene, tannverk, hjartebank/ høg puls, revmatisme/leddsmerter, søvnforstyrring, mage- og tarmplager, autisme og ADHD. 

Søk i januar 2024  etter systematiske kunnskapsoppsummeringar i CAM CancerCochrane LibraryOvid EMBASE, PubMed og Web of Science; samt etter informasjon i Drugs and Lactation Database (LactMed) og Natural Medicines.

  • Bruset S. og Poleszynski D. (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste, Oslo.
  • Grandjean, Philippe (1988): Miljømedicin. FADL, København

Read more about NAFKAM

Other websites from NAFKAM: