Eksempel på slike metodar og teknikkar:
I CAM Cancer: Qigong, Simonton-metoden og mindfulness.
Verkar det?
Ifølgje Store medisinske leksikon består all trening av systematisk oppøving av visse ferdigheiter og eigenskapar, anten det gjeld fysisk trening (styrke, balanse, kondisjon, rørsle, teknikk og tempo) eller mental trening (psykisk trening av motivasjon og vilje).
Det å vere i fysisk aktivitet - styrke, balanse, kondisjon og rørsle - veit vi gir helsefordelar. Nasjonalt råd for ernæring (2019) seier at fysisk aktivitet er «Fysisk aktivitet er ein viktig del av ei heilskapleg behandling av overvekt, både for auka energiforbruk, men også for meir overskot og humør, betre søvn, betre appetittkontroll og dermed eit betre spisemønster».
Det er mindre dokumentasjon for at spesifikke treningsformer som til dømes Yoga, Tai Chi, meditasjon og mindfulness har verknad på konkrete helseproblem.
Placeboeffekten
Som all anna behandling kan også denne behandlinga ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane ein har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.
Er det trygt?
Instruktørar/rettleiarar i trening/ rørsleteknikkar treng ikkje vise til medisinske kunnskapar. Dermed kan dei oversjå eller tolke symptoma dine feil, slik at helsa di blir verre i staden for betre.
Vanlege og forbigåande biverknader av fysisk aktivitet og trening er ømme musklar og stivheit/sårheit.
Nokre instruktørarar kan be deg ignorere symptom og smerte ved å «tenke positivt» og ikkje gi deg. Det kan forverre plagene dine, eller gi deg nye plager.
Det er liten eller ingen dokumentasjon på at ein kan «tenke seg frisk» med mentale teknikkar frå konkret sjukdom.
Vurderer du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Les også meir om korleis vi kvalitetssikrar artiklane våre.
Sjå også artikkelen vår om fysikalske/ manuelle terapiar.