Alexanderteknikken

Målet med Alexanderteknikken er å gjere deg medviten om ugunstige rørsler og gje deg betre kroppshaldning. Dette skal redusere belasting og energibruk; fremje harmoni og lindre ei rekke lidingar.
Image
Stilisert: Lærer i gruppe og en hånd som berører en person.
Illustrasjonsfoto: Tine Lillegård Bergli, © NAFKAM 2023.

Bruset og Poleszynski oppsummerte i 1994 Alexanderteknikken til "Betre helse gjennom betre haldning". 

Det internasjonale fagforbundet Alexander Technique International (ATI) listar opp fire hovudområde for bruk av Alexanderteknikken: Dagleg liv og aktivitet; kunstnerisk utøving; handtering av helse og smerter; samt sport og trening.

Eit anna forbund - Society of Teachers of the Alexander Technique - forklarer teknikken nærare med at den skal gjere deg merksam på ugunstige rørsler, fysiske reaksjonar og automatiske mønster som du har. Målet er å korrigere desse slik at du nyttar kroppen din meir effektivt. Du skal kunne yte meir og betre ved å kople saman tankane og rørslene dine på ein ny og betre måte. Ifylgje dette er ei naturleg kroppshaldning både utgangspunktet og målet for dette.

Denne artikkelen tek føre seg helseaspektet ved Alexanderteknikken; det vil seie når teknikken vert nytta for helserelaterte føremål. Ifylgje Bruset og Poleszynski er nokre av desse angst, astma, betenning i tjukktarmen, høgt blodtrykk, depresjon, hovudverk, irritabel tarm, isjias, smerter i korsryggen, luftvegslidingar, magesår, revmatisme, slitasjegikt og utmatting (fatigue). Helserelatert bruk av teknikken er og undersøkt i forskinga (Sjå kap. Bakgrunn, eller det opne forskingsbiblioteket PubMed).

Ein går til ein lærar i Alexanderteknikken både for å få vurdert kroppshaldninga si; å få identifisert rørsler, reaksjonar og mønster som ifylgje teknikken er feil eler ugunstige; å få forslag til øvingar for å korrigere desse, samt å få instruksjon i øvingane slik at ein hugsar og kan gjere dei på rett måte heime mellom timane hjå læraren. 

Norske lærarar i Alexanderteknikken verkar i liten grad opptekne av helseaspekta ved denne sjølvhjelpsteknikken. Til dømes er reglane for medlemsskap i fagforbundet Norsk Forening for Lærere i Alexanderteknikk (NFLAT) tydelege på at "selv om undervisningen i alexanderteknikk kan frembringe effekter som er velgjørende, helsebringende eller av terapeutisk karakter, skal alexanderlæreren informere alle elever om at undervisningen er en læringsprosess som forbedrer det generelle funksjonsnivå hos den enkelte (...) eleven skal gjøres oppmerksom på at alexanderlærere ikke er utdannet helsepersonell, og ikke under noen omstendighet stiller medisinske diagnoser eller foreskriver medisinske remedier".

I Norge treng ein verken helsefagleg autorisasjon, offentleg lisens, spesialistgodkjenning eller liknande for å gje opplæring/ instruksjon i Alexanderteknikken eller andre sjølvhjelpsteknikkar. Opplæring i og bruk av Alexanderteknikken  skjer så vidt vi veit, hovedsakeleg utanfor helsevesenet sin regi og det ordinære offentlege behandlingstilbodet.

Dersom ein pasient får opplæring eller rettleiing for helseplager/ føremål frå ein instruktør i Alexanderteknikken eller andre sjølvhjelpsteknikkar, reknar NAFKAM dette for å vere i tråd med definisjonen som fylgjer av alternativ behandlingslova sin §2.

Forsking har synt at øvingar og trening generelt kan gje smertelindring. Det er semje om at dårleg kroppshaldning verkar negativt på pust og kapasitet, og kan gje spenningar og skeivbelasting.

Eit søk etter oppsummert forsking i  kjeldene våre i februar 2023, ga grunnlag for det fylgjande om helseeffektar av Alexanderteknikken:

Astma og andre pusteproblem

I ei Cochrane-oppsummering frå 2012 undersøkte Dennis med fleire om Alexanderteknikken gjer det lettere å puste for personar med astma. Dei fann ingen studiar som dei kunne samanlikne, og konkluderte difor at det ikkje var vitskapleg grunnlag til å avgjere om teknikken verkar eller ikkje ved astma. 

Eit anna forskarteam, leia av Klein, tok i 2014 føre seg forskinga som var gjort på Alexanderteknikken mot pusteproblem hjå utøvande musikarar. Ut frå de 12 studiane dei undersøkte, fann dei ikkje prov for at teknikken har verknad av betyding ved pusteproblem.

I 2012 fann Woodman med fleire på basis av atten studiar på personar med pusteproblem diagnostisert av lækjar, at Alexanderteknikken såg ut til å spele ei viss rolle for betring. Men, dei konkluderte med at fleire studiar med strengare metode måtte gjerast for å kunne seie noko sikrare.

Fall/ balanse

I 2018 oppsummerte Chen med fleire forskinga på mellom anna Alexanderteknikken mot fall og for auka balanse og stødje hjå vaksne personar. Forfattarane peika på at det var få studiar og at "fall" ikkje var likt eller klart nok definert og rapportert i dei. Forfattarane meinte difor at grunnlaget frå studiane ikkje var tilstrekkeleg til å kunne seie noko sikkert. Dei peika og på at sjølv om medvite på spesielle øvingar og balansetrening generelt såg ut til å betre fysiske funksjonar, var det ingen av dei spesifikke metodane dei undersøkte som såg ut til å verke betre enn dei andre.

Kroppshaldning

Ifylgje Woodman med fleire (2012) såg Alexanderteknikken også ut til å betre kroppshaldninga hjå generelt friske - på kort sikt: Studiane tok ikkje føre seg eventuelle langtids verknadar.

Også teamet til Klein (2014) gjekk gjennom forskinga på Alexanderteknikken for betre kroppshaldning, men spesielt hjå utøvande musikarar. Dei meinte ikkje at dei 12 stduiane dei undersøkte, ga noko overbevisande støtte til dette. 

Parkinsons

Ifylgje Woodman med fleire (2012) synte studiane som dei undersøkte at Alexanderteknikken var nyttig for personar med Parkinsons: etter å ha lært seg teknikken auka pasientane sin funksjonsgrad og evne til å utføre daglegdagse ting og gjeremål. Men, forfattarane meinte at det var for få og små studiar til at dei kunne seie dette sikkert. 

Prestasjonsangst og -evnar

Ifylgje Klein si oppsummering frå 2014 såg Alexanderteknikken ut til å redusere prestasjonsangst hjå utøvande musikarar, men dette såg ikkje ut til å auke kvaliteten på prestasjonane deira nevneverdig.

Smerter

Chen og Michalsen fann i si oppsummering frå 2017 at tilrådd trening og øvingar etter innføring frå lærar i Alexanderteknikken såg ut til å lindre smerter like godt som standard behandling, men ikkje like godt som lokal varmebehandling. Ifylgje denne oppsummeringa synte trening med Alexanderteknikken betydeleg lindring av nakkesmertar. Forfattarane meinte imidlertid at meir forsking som undersøkjer det same, er naudsynt før ein kan seie noko sikrare. 

Stamming

Woodman med fleire (2012) fann at Alexanderteknikken såg ut til å hjelpe ved stamming, men de kunne ikkje seie det sikkert fordi studiane på området var få og små. Meir forsking var naudsynt for å kunne avgjere dette, var konklusjonen deira.

Forskinga som er gjort på Alexanderteknikken per februar 2023, rapporterar ikkje om vesentlig helserisiko: 

Natural Medicines opplyser at dei ikkje kjenner til nokon utrygge sider ved metoden, og vurderer den som mest truleg trygg for folk flest å bruke. Ut over sjansen for vanlege milde og forbigåande biverknadar som er rapportert for manuelle/ fysikalske behandlingar generelt, kan ein mest truleg rekne den direkte risikoen ved Alexanderteknikken som låg. 

Indirekte risiko kan oppstå, som fylgje av at naudsynt medisinsk behandling vert utsett eller valt bort til fordel for bruk av Alexanderteknikken. Dette gjeld alle behandlinga.

For gravide og kvinner som ammer

Natural Medicines vurderer dokumentasjonen av tryggleiken for disse gruppene som ikkje tilstrekkeleg. I slike tilfelle rådar dei generelt dei som er eller ammar om å vere på den sikre sida, og ikkje bruke den aktuelle metoden før ein veit meir. Men for Alexanderteknikken peikar dei på at dei ikkje ser nokon grunn til å mistenkje nokon spesifikk helserisiko for korkje for den som er gravide, den som ammar, eller for fosteret/ babyen.

Generelle tryggingsreglar

Alexanderteknikken vert forklart som ein teknikk ein kan lære seg, øve på og automatisere i og for daglege aktivitetar. Målet er å lære seg betre haldning og rørsler. Det skal etter læra også hjelpe ved ei rekkje helseplager og -problem.

Instruktørane i teknikken kallar seg "lærere", og konsultasjonen med klientane sine for "undervisning". Dei forklarer rolla si til å vere det å observere og vegleie klienten gjennom ulike rørsler. Dei forklarer at de gjev klientane muntleg tilbakemelding ut fra sine kunnskapar og læra etter teknikken sin grunnleggjar Frederick M. Alexander, om korleis rørslene deira kan endrast til det betre,også for å hjelpe mot ulike problem som klienten fortel om. 

Under konsultasjonen kan klienten bli bedd om å gjere daglegdagse rørsler som det å setje seg, røyse seg, stå i ro, gå, puste og snakke.

Lærarane kan også ta på klienten sin. Då brukar dei hendene sine til å søkje etter muskelspenningar og stivheit hjå klienten. Dei kan og berøre klienten ved å føre klienten sitt hovud, armar eller bein gjennom øvingar på nye rørsler, for å lære klienten betre rørsler og å vere medciten kroppen sin.Opplæring i teknikken vert gjeve både i grupper og i åleinetimar. Nokre lærarar i teknikken tilbyr også konsultasjon/ opplæring over internett. 

Det er forska på bruk av Alexanderteknikken ved og mot ei rekkje helseproblem og -føremål, som til dømes: Astma (Dennis et al 2000), kneartrose (Preece 2016), kraniomandibulær dysfunksjon (Knebelman 1982), livskvalitet hjå svaksynte (Gleeson 2017) nakkesmertar (Lauche et al 2016MacPherson et al 2015), symptom ved Parkinsons (Stallibrass et al 2006, Stallibrass et al 1997), ryggsmertar (Little et al 2008, Cacciatore et al 2005, Cottingham et al 1997, Elkayam et al 1996), skoliose (Bettany-Saltikov et al 2014), stamming (Schulte et al 2006), søvnproblem (Levrini 2014), talevansker (Moore 2012, Emerich 2003), tap av muskelmasse (Kelly et al 2017), ubalanse, mobilitet og stødje (Dennis et al 1999, Gleeson et al 2015), 

Alexanderteknikken vart utvikla av den australske skodespelaren Frederick M. Alexander kring år 1900. Han opplevde problem med at stemma svikta under forestilling, og for å finne ut kva dette skuldast studerte han seg sjølv i ein spegel medan han øvde. Han konkluderte med at problema skuldast umedvitne anstrengingar og uvanar når han skulle framføre replikkane sine. For å kvitte seg med dette utvikla han sin eigen teknikk, som han baserte på tre teoretiske prinsipp:

  1. Ifylgje Alexander er vanar og uvanar i måten du brukar kroppen på, avgjerande for kor godt kroppen fungerar. Berre ved å bli medviten om uvanar i måten du rører deg på, meinte Alexander at at du kan forbetre prestasjonar og minske belastingar. 
     
  2. Ifylgje Alexander legg menneska oftast lite merke til slike uvanar, fordi vi vert så vande med dei at dei kjennast "rette". Prøver du å endre ein slik uvane, vil du vil fyrst tolke den nye rørsla som "feil" fordi dei er annleis enn det kroppen er vand med.
     
  3. Eit mål i Alexanderteknikken er difor å identifisere rørsler, arbeidsstillingar og liknande som kan verke negativt på kroppen generelt, og visse kroppsdelar spesielt. Då kan ein starte å forebyggje slitasje, skadar og problem. Å bli kvitt spenningar i kroppen er ifylge Alexander gunstig for heile helsetilstanden, og høvet mellom hovud, nakke og rygg er avgjerande for at kroppen skal fungere optimalt. 

Variantar/ andre navn: Alexander Proprioception, AT, F.M. Alexander Technique, Technique Alexander, Técnica Alexander.

Søk i februar 2023 etter oppsummert forsking i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Drugs and Lactation Database (LactMed) og Natural Medicines Comprehensive Database

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: