Meridianer

Ifylgje den tradisjonelle kinesiske medisinen, er meridianer kanalane i eit usynlig nettverk inne i menneskekroppen, som transporterer ein livgivande energi kalla qi rundt i kroppen.

I dag er det mange og ulike alternative behandlingsformer på marknaden som byggjer på konseptet om meridianar.

Ifylgje den tradisjonelle kinesiske medisinen (TKM) knyt meridianane saman huda, organa og kroppsdelane våre i eit komplisert krinslaup. Langsetter meridianane skal det ligge spesielle akupunkturpunkt, der livsenergien qi kan påverkast.

Læra skiljer mellom hovud- og tilleggsmeridianar:

Hovudmeridianane har faste funksjonar og knyt saman spesifikke organ og kroppsdelar etter detaljerte reglar. Desse reglane nyttar utøvarane for å forstå pasienten sine symptom og avgjere kva behandling hen skal ha.

Tilleggsmeridianane seiest å ha varierande funksjonar, og behandlarane nyttar dei på ulike måtar. Talet på meridianar og akupunkturpunkt varierer noko med kjeldene, men tolv hovud- og to tilleggsmeridianar går att mange stadar.  

Når livsenergien får strøyme uhindra gjennom meridianane og utover i kroppen, er mennesket ifylgje læra ved god helse. Dersom meridianane av ulike grunnar vert blokkerte, kan energiflyten og balansen i organismen bli forstyrra. Dette er ifylgje læra årsaka til symptom på konkret sjukdom eller dårleg allmenntilstand. Dette kan du lese meir om i artikkelen om qi.

Behandlarar som baserar seg på denne helseforståinga seier ofte at rolla deira er å avdekkje kva for blokkeringar symptoma kjem av, og å hjelpe til med å fjerne desse slik at organismen kjem i balanse att. Til dette er det utvikla ei lang rekkje teknikkar innan ulike alternative behandlingsformar. Meir om slike finn du via artikkelen vår om akupunkturpunkta. Mange meiner at også kosthaldet generelt og inntak av spesifikke stoff frå plante-, dyre- og mineralriket skal kunne hindre at meridianane vert blokkerte.

Nettverket av meridianar vert etter læra rekna å bli meir finmaska med tynnare kanalar di lenger ut på kroppen ein kjem; ikkje ulikt blodomlaupet og nervesystemet. Austleg orienterte behandlarar forklarar qi og flyten både som målbare fysiske storleikar og som abstrakte eller teoretiske rammeverk henta frå taoismen

Det er gjort forskning som freistar å prove og forklare meridianene som kanalar med særleg låg elektrisk motstand, og qi som elektromagnetisk energi som strøymer mellom akupunkturpunktene.

Ei kunnskapsoppsummering frå 2008 (Ahn et al) tok føre seg i alt ni studiar av dette. I fleire av desse var det funne  låg elektrisk motstand mellom spesifikke akupunkt, men kvaliteten på studiane var såpass låg at forskarane meinte at dei ikkje kunne nyttast til å prove eksistensen av verken ein spesiell energi eller av meridianar som den vert sagt å strøyme gjennom. 

Qi, akupunkt og meridianar vert ikkje rekna som påviste etter almenne vitskaplege prinsipp og metode.

Terapiar som byggjer på desse konsepta kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan dette forklarast ut frå eit vestleg-medisinsk teorigrunnlag. Til dømes forklarar vestleg orienterte utøvarar ofte behandlinga si i lys av det vi har av fysiologiske kunnskapar.

Framfor å seie at til dømes smerte, stivheit og nedsett rørsle skuldast "ubalanse i Qi" eller "blokkerte meridianar", vil dei seie at dette skuldast nervar i klem. På same måte vil dei seie at behandlinga deira freistar å påverke nervar eller muskelknutar, framfor å "stimulere akupunkturpunkta". Fysiske reaksjonar på akupunkturnåla vert her forstått som at nerven eller muskelen «slepp», istadenfor at "De-qi er oppnådd".

Meir om dette kan du lese i den generelle artikkelen vår om fysikalske/ manuelle behandlingsformer.


Placeboeffekten

Som med anna behandling, kan også behandlingar som byggjer på meridianar ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane pasienten har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår  Placeboeffekten og alternativ behandling.

Behandlingsformene som byggjer på ideen om meridianar er mange og ulike. Den direkte risikoen (for biverknadar, interaksjonar med anna behandling med meire) ved dei varierer og fører for langt til å presentere her. Ei liste over aktuelle slike terapiar finn du her.

Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden kan oppstå dersom nærare undersøkjing og naudsynt verksam behandling vert utsett eller valt bort.

Vurderer du alternativ behandling? 

Då bør du lese pasientrettleinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Other websites from NAFKAM: