Frå sjefsstolen - god jul 2025!

Bilete
Miek Jong desember 2025

Eg sit og ser ut av kontorvindauget ein desembermorgon. Jula nærmar seg, og eg ser tilbake på året som snart er omme. 2025 har vore eit spesielt år for NAFKAM. Vi har markert vårt 25-årsjubileum med markeringar både eksternt og internt – ved instituttet og gjennom ein heil dags konferanse for heile UiT. Saman med gjesteforelesarar såg vi tilbake på korleis det heile starta, og kva vi har oppnådd.

Prikken over i-en var ei hyggeleg helsing frå helseminister Jan Christian Vestre, med takk og oppmuntrande ord om arbeidet vårt.

Forsking som gir resultat

Datainnsamlinga i to store kliniske studiar innan alternativ behandling er no fullført:
AcuBreast-studien, som vår kollega Terje Alræk fekk midlar til i 2018 gjennom Rosa sløyfe-aksjonen, undersøker effekten av akupunktur mot fatigue hos brystkreftoverlevarar og har inkludert over 220 pasientar. Resultata er venta publisert i første halvdel av 2026.

WAYA-studien, som starta med ein pilot i 2021, har i samarbeid mellom NAFKAM, Universitetet i Agder og Mittuniversitetet i Sverige undersøkt effekten av villmarksterapi på mental og generell livskvalitet hos unge kreftoverlevarar. Her har over 150 deltakarar vore inkluderte, og dei første resultata kjem òg i 2026.

Vi har òg starta opp  MecNeck-studien, der vi undersøker korleis ulike typar massasjebehandling kan verke ved kroniske nakkesmerter.

I tillegg fekk NAFKAM høg score på si EU-søknad under HORIZON-utlysinga om forsking på seinverknader hos unge kreftoverlevarar. Gjennom UiTs «High Score»-program har vi sikra midlar til ei treårig postdoktorstilling som skal styrkje forskinga og bidra til nye søknader på dette området.

Internasjonalt arbeid og WHO-samarbeid

Eit anna viktig arbeid i 2025 var vårt bidrag til ferdigstillinga av  WHO sin nye strategi for tradisjonell, komplementær og integrert medisin fram til 2034. Då WHO sende dokumentet på høyring til medlemslanda, vart vi òg bedne av norske helsemyndigheiter om råd om korleis dei burde forhalde seg til strategien.

NAFKAM har vore WHO-samarbeidssenter sidan 2008, og kontrakta vår for dette vart nyleg forlenga med fire år. Vi deltek no i arbeidet med å utvikle WHOs forskingsagenda og indikatorar for å måle effekten av strategien. Ei anna av oppgåvene våre for WHO er å kartleggje bruken av tradisjonell medisin blant urfolk og nasjonale minoritetar i Norden. I tråd med dette arrangerte vi i haust ein todagars workshop i Tromsø, med deltakarar frå Noreg, Danmark, Island og Finland.

Vidare frå den internasjonale arenaen er vi svært glade for å ønskje den polske kreftforeininga Polska Liga Walki z Rakiem velkomen som partner i CAM Cancer – det internasjonale, tverrfaglege nettverket vårt av ekspertar innan forsking, helseinformasjon og pasientomsorg på området alternativ behandling ved kreft. Saman skal vi fremje kunnskapsbaserte helseval for kreftpasientar i Europa, basert på grundige vurderingar av den beste tilgjengelege evidensen om effekt og tryggleik ved alternativ behandling.

Pasienttryggleik og kunnskapsdeling om alternativ behandling

NAFKAM sin årlege konferanse om tryggleik ved alternativ behandling har no blitt ein tradisjon. I år deltok òg sentrale pasientorganisasjonar innan kreft, kroniske smerter og psykiske plager. Felles i bodskapa deira om kva som skaper pasienttryggleik, var tydeleg og faktabasert informasjon; openheit om behandlarane sin reelle kompetanse og faglege bakgrunn, samt tersklar og verkty som kan hjelpe pasientar å skilje mellom seriøse og useriøse aktørar.

Som døme på det siste, viste fleire til NAFKAM sitt nettleksikon, som også i år har blitt utvida og oppdatert: Innhaldet på nynorsk er auka, og det er lagt til rette for språkversjonar òg på samisk og engelsk.

Ny strategi – 2026 til 2030

Slutten av dette året markerer òg slutten på den strategiske planen vår for 2021–2025. Denne planen har hjelpt oss med å prioritere og nå viktige milepålar. No ser vi framover mot NAFKAMs nye strategi for femårsperioden 2026–2030. Vi har alt starta arbeidet internt, og er i dialog med Helsedirektoratet og Senterrådet vårt. Tidleg i 2026 vil vi sende ut ei spørjeundersøking til samarbeidspartnarane våre for å få innspel til aktivitetsprioriteringar. Målet er å kunne publisere den nye strategien før sommarferien neste år.

Takk for samarbeidet!

Delen av nordmenn som bruker alternativ behandling er betydeleg, og har auka dei siste åra. Eg vil takke alle som har bidrege til NAFKAMs arbeid i 2025. Saman arbeider vi for å tryggje dei pasientane som bruker eller vurderer å bruke slik behandling, ved at dei skal kunne ta informerte val for eiga helse.

For å vere relevante for dei, må vi samarbeide tett med både bransjen, den offentlege helsetenesta og ikkje minst pasientane sine forbund og organisasjonar. Eg ønskjer dykk ei riktig god jul og ser fram til eit spanande 2026!

Med helsing
Miek Jong
Professor og leiar ved NAFKAM

Other websites from NAFKAM: