Atlasterapi byggjer på teorien om at den øvste nakkevirvelen (atlas/ C1) hos dei fleste menneske er skeivstilt og ute av posisjon. Atlasvirvelen ber vekta av hovudet, og utøvarane av atlasterapi meiner at sjølv den minste grad av slik skeivstilling kan ha stor påverknad på andre delar av kroppen; fra spenningar, smerter og irritasjon, til skeiv ryggsøyle og bekken, forskjel i lengde på beina, trykk og skade på nervesystemet.
Ifylgje utøvarane er dette årsakane til ei rekkje helseplager som til dømes stiv nakke, muskel- og skjelettsmerter, hovudverk, migrene, mage- og tarmproblem, dårleg konsentrasjon, lite energi, blodtrykksproblem, hormonproblem, kolikk, nerveplager, svimmelheit, kvalme, dårleg søvn, ADHD, med meir.
Utøvarane meiner at dei ved å massere musklar i nakken forsiktig - ofte rett under øyret - med hendene eller eit apparat, kan få atlasvirvelen attende i rett posisjon og dermed kurere slike plager. Ifølgje utøvarane skal det vere nok med éi eller få behandlingar med atlasterapi for å oppnå dette.
Utviklinga av atlasterapien er knytt til den amerikanske kiropraktikaren Roy Sweat på 1960- og 1970-talet. I utlandet vert atlasterapi ofte forklart som ein "kiropraktisk teknikk med lav kraft for justering av den øvre nakken".
I Noreg er det berre personar med helsefagleg autorisasjon som kiropraktor som kan gi kiropraktisk behandling. Norsk Kiropraktorforening uttalar til NAFKAM at atlasterapi ikkje blir rekna som standardbehandling frå deira side, og at det truleg er sjeldan at norske kiropraktorar tilbyr atlasterapi.
I Noreg kan ein tilby og gi atlasterapi i samsvar med lov om alternativ behandling, som mellom anna inneber at det ikkje blir stilt krav til utøvarar om dokumenterte medisinske kunnskapar for å gi slik behandling.
Andre kjende namn
Atlas orthogonal chiropractic/ technique/ treatment, Upper cervical low-force chiropractic procedure (UCLF)
Dei helseplagene som atlasterapeutane seier kjem av skeivstilt atlas vert rekna som vanlege og kan kome av mange grunnar. Det kan dermed vere vanskeleg å avgjere kva slike plager kjem av. Autorisert helsepersonell innan fysikalsk/manuell behandling vil ifylgje Norsk Kiropraktorforening truleg sjeldan konkludere med at slike helseproblem kjem av ein feilstilt atlas.
Teorien om korleis atlasterapi kan verke, har ikkje solid støtte i forskinga. Det vi veit frå fysiologien om massasje og andre fysikalske/manuelle behandlingsformer, er at dei kan verke smertelindrande og betre blodgjennomstrøyminga. Dei kan òg gi ei kjensle av velvêre og hjelpe pasienten til å slappe av. Dette kan lindre symptoma som pasienten opplever. Les meir om dette i artikkelen vår om fysikalske/ manuelle behandlingar.
Som med anna behandling, kan også denne behandlinga ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane pasienten har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår om Placeboeffekten og alternativ behandling.
Ved søk i juli 2024 i kjeldene våre fann vi ingen oppsummeringar av forskinga som er gjort på atlasterapi.
Vi har ikkje funne opplysningar om særskilte biverknadar eller risikofaktorar ved atlasterapi.
Behandlinga blir omtala varsom form massasje av musklar i nakken. Så lenge du ikkje har skadar i nakken, eller utset naudsynt skulemedisinsk behandling til fordel for atlasterapi, er det truleg lite sannsynleg at slik behandling er skadeleg. Kraftig massasje veit ein kan forverre tilstanden eller gi nye helseproblem. Les meir om dette temaet i artikkelen vår om fysikalske/ manuelle behandlingsformer generelt.
For dei som er gravide eller ammar
Verken Natural Medicines eller LactMed inneheldt på søketidspunktet opplysningar om tryggleiken ved atlasterapi spesifikt for desse gruppene. For å vere på den sikre sida, bør desse gruppene drøfte tilstanden sin og atlasterapi med lege eller anna helsepersonell før dei eventuelt brukar behandlinga.
Vurderer du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle åtvaringar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Søk den 12.07.24 etter systematiske kunnskapsoppsummeringer i CAM Cancer, Cochrane Library, Ovid EMBASE, PubMed og Web of Science
Søk den 12.07.24 i Natural Medicines (krever abonnement) og Drugs and Lactation Database (LactMed)
- Atlaschiropracticandwellness-com: The Atlas Orthogonal chiropractic technique
- Atlas-korrigering-no: Atlas
- Atlaskorrigering-massasjeterapi-no: Atlaskorrigering
- Atlasmassasjeterapi-no: Atlasterapi
- Atlasorthogonality-com: Your Atlas
- Ierano JJ, Richards DM. Atlas orthogonal chiropractic management of trigeminal neuralgia: A series of case reports. Explore (NY). 2024 Jan-Feb;20(1):70-78. doi: 10.1016/j.explore.2023.06.004. Epub 2023 Jun 16. PMID: 37344335.
- International-chiropractors-association-org: Remembering Dr Roy Sweat - Upper Cervical Legend
- Knutson GA. Abnormal upper cervical joint alignment and the neurologic component of the atlas subluxation complex. Chiropr Res J, 1997; 4(1):5-9
- McGlone, Francis et al: Discriminative and Affective Touch: Sensing and Feeling. Neuron, Volume 82, Issue 4, s. 737 – 755, Elsevier, 2014
- Naturalcarechropractic-com: How Does Atlas Orthogonal Treatment Work
- Rectenwald RJ, DeSimone CM, Sweat RW. Vascular Ultrasound Measurements After Atlas Orthogonal Chiropractic Care in a Patient With Bow Hunter Syndrome. J Chiropr Med. 2018 Dec;17(4):231-236. doi: 10.1016/j.jcm.2018.07.002. Epub 2019 Jan 12. PMID: 30846915; PMCID: PMC6391231.
- Rochester RP. Neck pain and disability outcomes following chiropractic upper cervical care: a retrospective case series. J Can Chiropr Assoc. 2009 Aug;53(3):173-85. PMID: 19714232; PMCID: PMC2732255.
- Spa-Muskelknuten-com: Atlas korrigering Engelheart. Atlas er nøkkelen til din helse!
- Torns S. Atlas vertebra realignment and arterial blood pressure regulation in 42 subjects. J Upr Cerv Chiropr Res. 2012 Spr;2:40–45
- Torns S. Reduction in arterial blood pressure following adjustment of atlas to correct vertebral subluxation: a prospective longitudinal cohort study. J Upr Cerv Chiropr Res. 2014 Sum;3:54–60
- Woodfield HC 3rd, York C, Rochester RP, Bales S, Beebe M, Salminen B, Scholten JN. Craniocervical chiropractic procedures - a précis of upper cervical chiropractic. J Can Chiropr Assoc. 2015 Jun;59(2):173-92. PMID: 26136610; PMCID: PMC4486989.