Fruktsteinar

Det finst mange sider og videoar på internett som rår til å ete forskjellige fruktfrø og steinar, både for å halde seg frisk og bli frisk av sjukdom. Dei fleste slike sider vi har funne, sier ikkje noko om risikoen.

Bilete
Foto av aprikos og aprikoskjerner
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Menneska har prøvd lenge å ete seg friske frå forskjellige helseproblem. Folkemedisinske og lokale tradisjonar spiller ei viss rolle også i dag for kva menneska inntek, og trendar om kva som er sunt og helsebringande sprer seg raskt via internett og sosiale medie. Der vert slike påstandar og råd ofte grunngjevne med at «alt naturlig er ufarlig».

Opp gjennom tida har mange teoriar og utsagn om helsegevinst av å ete frukt og grønt blitt prova, og mange helsestyresmakter oppmodar innbyggarane sine til å auke inntaket sitt av slike råvarer. Men dette er ikkje det same som at også fruktsteinane inneheld dei gunstige stoffa som ein finn i fruktkjøtet. 

Likevel finn ein at steinar og frø frå frukt har blitt brukt mot helseplager. Til dømes skriv Natural Medicines at stein frå avokado har blitt brukt som medisin mot mellom anna diaré og tannverk.

Verkar det?

At frø/ kjernar/ steinar frå frukt og grønt gir helsegevinst, kviler på forståinga av frøet som «livgivande» for neste generasjon planter. Forkjemparane meiner at det konsentrerte innhaldet er helsebringande for alt som er levande; også for den menneskeelege organismen. Denne forståinga har ikkje støtte i det vi veit om kropp og sjukdom. 

Forskinga på amygdalin frå fruktsteinar som behandling av til dømes kreft gir ikkje støtte for bruk. Noko innleiande forsking på avokadostein meiner at dette kanskje kan bidra positivt effekt i framtidig helsebehandling, men dette gjeld forsking på celler i laboratoriet og ikkje på levande menneske.

Det er langt igjen til klinisk forsking på menneske og eit godt nok grunnlag for å prove at fruktsteinar har positiv verknad på helsa. 

Som med all anna behandling kan også fruktsteinar gi ei placeboeffekt. Denne vert sett i gang av forventningane pasienten har til verknad av behandlinga. Dette kan du lese meir om i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.

Er det trygt?

Nokre typar fruktksteinar kan vere beint fram skadelege. Til dømes gir aprikoskjernar risiko for cyanidforgifting, fordi det inneheld mykje amygdalin (B17). Også steinar/frø frå eple, pære, nektarin, fersken, kirsebær og plomme inneheld amygdalin. I forskinga på avokado-steinar som mogleg behandling, fann forskarane at det å ete slike steinar kan øydelegge raude blodlekamar. 

Kanadiske helsestyresmakter rår innbyggerane frå å få i seg amygdalin. Så seint som i november 2017 minna det amerikanske FDA firma som framleis selde amygdalin-produkt om at dette er ulovleg i USA. Legemiddelverket har åtvara nordmenn mot bruk av amygdalin, oppsummert til at slike produkt er meir skadelege enn til nytte.

Trass i åtvarsler frå styresmakter og reaksjonar overfor selgarar av slike produkt, kjem tanken om at fruktsteinar er "supermat" som har verknad mot sjukdom av mange slag, stadig attende.

Vurderer du alternativ behandling? 

Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helsevalg.

Sources

Other websites from NAFKAM: