Amygdalin/ aprikoskjerner/ B17

Amygdalin er ei naturleg kjemisk sambinding som mellom anna finst i fruktsteinar og i bitre mandlar. Forkjemparar meiner at dette kan kurere mange slag sjukdom, som til dømes kreft.
Bilete
Foto av aprikoskjerner strødd rundt en aprikos
Foto: Colourbox.com

Amygdalin går også under andre namn, som Laetrile og B17/ vitamin B17.  Det er ikkje eit ekte vitamin. Laetrile er ei reinsa, halvsyntetisk form av amygdalin. Særleg aprikoskjernar og bitre mandlar inneheld mykje amygdalin.

Andre namn og nemningar

Amandes d'Abricot, Amygdalin, Amygdaline, Amygdaloside, Apricot Almonds, Apricot Kernel Oil, Apricot Seed, Bitter Almonds, Bitter Apricot Kernel, Chinese Almond, Graine d'Abricot, Hueso de Albaricoque, Hueso de Albaricoque de Damasco, Huile de Noyau d'Abricot, Laetrile, Laétrile, Madelonitrile, Noyau d'Abricot, Prunus Kernel, Vitamin B17, Vitamine B17, Xing Ren

 

Teorien om korleis amygdalin skal virke, fell saman med teoriene for terapeutisk bruk av fruktsteinar generelt

Forkjemparar for slik behandling er samde i at amygdalinet i fruktsteinane vert omdanna til cyanid når det brytast ned i kroppen, men meiner at det kun gjer  skade på sjuke/ skada celler, ikkje på friske celler. Denne teorien har ikkje støtte i det vi har av kunnskap om kropp og sjukdom. 

NAFKAM si internasjonale ekspertgruppe har oppsummert forskning som er gjort per juli 2021 på amygdalin brukt ved kreft. Dei konkluderte med at studiane som er gjort, ikkje gir støtte til påstandar om nyttige verknadar av amygdalin mot kreft. Les oversetjinga vår av dette, eller originalversjonen på engelsk.

Som med all anna behandling, kan behandling med amygdalin gi ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som vert sett i gang av forventningene pasienten har til effekten av behandlingen. Dette kan du lese meir om i artikkelen vår om  Placeboeffekten og alternativ behandling.

Risikoen for alvorlege biverknadar og helseskade ved behandling med amygdalin er høg: Ein kan få cyanidforgiftning når amygdalinet vert brote ned i kroppen. Dette kan gi akutt respirasjonssvikt, koma og død. 

Verdens helseorganisasjon (WHO) sin komité for toksisitet har beregna at kvar aprikoskjerne inneheld 0,5 mg cyanid. Forkjemparar for behandlinga rår til stort inntak for å oppnå verknad.

Natural Medicines rår alle pasientgrupper frå å bruke amygdalin, og CAM Cancer skriv at risikoen er høg og nytten er lav. LactMed inneholdt på søkedatoen ingen opplysninger om amygdalin, men gravide, kvinner som ammar og babyane deira vert favna av Natural Medicines sitt generelle råd.

Vurderer du alternativ behandling? 

Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helsevalg.

Søk den 28.04.21 i CAM CancerCochrane LibraryOvid EMBASE, LactMedPubMed og Web of Science

Other websites from NAFKAM: