Behandlinga som vert skildra i denne artikkelen må ikkje forvekslast med stamcelletransplantasjon. Slik behandling vert utført i og av helsevesenet, der ein set inn friske beinmargsceller frå pasienten sjølv eller ein nøye utvald donor.
I alternativmedisinsk celleterapi prøver ein å bremse aldring og aldersrelaterte problem i menneskelege organ og organfunksjonar, ved å injisere levande celler frå dyr i pasienten. Injeksjonane vert sette djupt i musklane (intramuskulært). Ved slike injeksjonar vert innhaldet raskt absorbert i blodet; noko som ifølgje teorien bak behandlinga er viktig for å sikre verknaden av dei levande cellene.
Teorien bak terapien er at organ og organfunksjonar hos menneske kan styrkast og behandlast ved hjelp av levande celler frå tilsvarande organ hos dyr. Til dømes vil ein pasient med leversjukdom då få injeksjonar med animalske leverceller.
Forkjemparane forklarar verknadsmekanismen med at dyreceller som kjem inn i menneskekroppen, vil søkje og finne vegen til det rette organet av seg sjølv, oppfatte kva som er problemet, og setje i gang med å stimulere immunforsvaret, stoppe slitasje, verke foryngande og reparere skade i menneskekroppen.
Behandlinga er omstridd, og vert rekna for å ha risiko for alvorleg helseskade. Dersom behandlaren ikkje har helsefagleg autorisasjon, kan slik behandling vere i strid med §5 i lov om alternativ behandling, som regulerer medisinske inngrep eller behandling som kan medføre alvorleg helserisiko.
Ved søk i juni 2024 etter systematiske oppsummeringer av forsking på celleterapi, inneheldt kildene våre ingen slike.
Teorien om verkemekanisme har ikkje støtte i det vi har av kunnskap om kropp og sjukdom.
Som med all anna behandling kan også slik celleterapi ha ein placeboverknad. Dette er ein effekt som vert sett i gang av forventningane pasienten har til verknad av behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.
Celleterapi vert rekna som utrygt, på grunn av risikoen for alvorleg helseskade. Denne er knytt til hygiene under inngrepet, bakterie- og virusinfeksjon (blant anna Q-feber), allergiske reaksjonar og andre reaksjonar i pasienten sitt immunforsvar. Det er også rapportert om hevingar i hjernen og dødsfall.
Vurderar du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helsevalg.
Alternativ celleterapi vart utvikla av den sveitsiske legen Paul Niehans på 1930-talet. Terapien skal ha oppstått då han injiserte ein pasient med skade på biskjoldbruskkjertlane med celler frå ei opphakka biskjoldbruskkjertel frå ein kalv.
Ifølgje historia vart pasienten betre, og Niehans meinte at betringane kom av injeksjonen med dyreceller. Han heldt fram med å eksperimentere på pasientane sine, som ein kur mot mange sjukdomar, plager og tilstandar – kreft, anemi, diabetes, hjarteproblem, homoseksualitet, impotens og seksuell funksjonssvikt, så vel som brystforstørrande middel. Celleterapien til Niehans vert framleis tilbydd ved klinikkar, særleg i tyskspråklege delar av Europa.
Terapiforma vert marknadsført med at ho skal kunne motverke effektar av aldring, forbetre generell helse, gi auka vitalitet og uthald, og styrke seksuell funksjon. Det er kjent at metoden vert brukt av pasientar med kreft, leddgikt, hjartesjukdomar, immunsjukdomar, samt Parkinsons og Alzheimers sjukdom. Nokre utøvarar meiner òg at celleterapi kan brukast til å behandle HIV/AIDS.
Andre namn
Fresh/live cell therapy, LCT/CT, Niehans therapy, regenerativ medisin/terapi
Søk i juni 2024 etter systematiske kunnskapsoppsummeringer i CAM Cancer, Cochrane Library, Ovid EMBASE, PubMed og Web of Science;
samt etter informasjon om sikkerheten i Drugs and Lactation Database (LactMed) og Natural Medicines.
- Allen, Terence, and Graham Cowling, 'Cellular therapy', The Cell: A Very Short Introduction, Very Short Introductions (Oxford, 2011; online edn, Oxford Academic, 24 Sept. 2013), https://doi.org/10.1093/actrade/9780199578757.003.0007, accessed 4 June 2024.
- Bruset S. og Poleszynski D.(1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste AS, Oslo.
- Clinic Paul Niehans Switzerland: Who is Prof. Paul Niehans?
- George M, Reich A, Cussler K, Jehl H, Burckhardt F. Live Cell Therapy as Potential Risk Factor for Q Fever. Emerg Infect Dis. 2017 Jul;23(7):1210-1212. doi: 10.3201/eid2307.161693. Epub 2017 Jul 15. PMID: 28296631; PMCID: PMC5512499.
- ICBR.com: What is cell therapy?
- Meadows S, Jones-Bitton A, McEwen SA, Jansen J, Patel SN, Filejski C, Menzies P. Coxiella burnetii (Q Fever) Seropositivity and Associated Risk Factors in Sheep and Goat Farm Workers in Ontario, Canada. Vector Borne Zoonotic Dis. 2016 Oct;16(10):643-9. doi: 10.1089/vbz.2015.1909. Epub 2016 Sep 1. PMID: 27585364.
- Niehans, P: Introduction to cellular therapy. Pageant Books, Inc (1960).
- NOU 1998:21 Alternativ medisin: Oversikt over en del alternative behandlingsformer
- Robyn MP, New++man AP, Amato M, Walawander M, Kothe C, Nerone JD, Pomerantz C, Behravesh CB, Biggs HM, Dahlgren FS, Pieracci EG, Whitfield Y, Sider D, Ozaldin O, Berger L, Buck PA, Downing M, Blog D. Q fever outbreak among travelers to Germany associated with live cell therapy - United States and Canada, 2014: a co-publication. Can Commun Dis Rep. 2015 Oct 1;41(10):223-226. doi: 10.14745/ccdr.v41i10a01. PMID: 29769916; PMCID: PMC5864281.
- Swissinfo.ch: Swiss regulators get tough on illegal fresh-cell therapy
- Tsoucalas G, Karamanou M, Georgios A(2018). Dr Paul Niehans (1882-1971): cell therapy, the secret of life or a life-risking trend?