Metoden legg vekt på at du må bli medviten om rørslemønstra dine, og at nye rørslemønster må lærast og øvast på til dei blir automatiske. Feldenkraismetoden er basert på sjølvorganisering og sjølvregulering etter instruksjon/opplæring frå ein instruktør (Feldenkraispedagog).
Helserelatert bruk av Feldenkraismetoden er undersøkt gjennom forsking (sjå kapitlet Bakgrunn; forskingsbiblioteket PubMed, eller databasen til det internasjonale Feldenkrais-forbundet). Feldenkraismetoden er òg omtala i forarbeida til Lov om alternativ behandling av sjukdom mv., både NOU 1998:21 og Ot.prop. 27 2002-2003. I det sistnemnde dokumentet blir Feldenkraismetoden omtala som ein rørsleterapi som blir brukt mot muskel-, skjelett- og leddsmerter, og består av manipulasjon og trening.
Norske Feldenkraispedagogar fokuserer i mindre grad på helse- og behandlingsaspekta ved metoden. Ifølgje den norske interesseorganisasjonen for Feldenkraispedagogar (NFAFP) er metoden mest brukt til opptrening, utvikling og forbetring av normale ferdigheiter innan styrke, hurtigheit, presisjon, koordinasjon og fokus med meir, og ikkje mot konkrete helseproblem. Forbundet opplyser at vanlege klientgrupper er idrettsutøvarar, dansarar og musikarar. Forbundet er tydeleg på at medlemmene deira tilbyr opplæring i betring av rørsleteknikk, og at nytta av Feldenkraismetoden er betre rørsler, personleg vekst og utvikling. Dei viser òg til reglane i det internasjonale forbundet (International Feldenkrais Federation), som forpliktar dei til å ikkje framstille Feldenkraismetoden som ein medisinsk/terapeutisk teknikk, og som forbyr dei å gi helseråd eller behandle sjukdom/liding.
I Noreg krev opplæring i Feldenkraismetoden verken helsefagleg autorisasjon, offentleg lisens, spesialistgodkjenning eller liknande. Tilbod og utøving av dette skjer, så vidt vi veit, hovudsakleg utanfor helsevesenet og ordinære behandlingstilbod. Når pasientar får opplæring eller rettleiing frå instruktørar i sjølvhjelpsteknikkar til bruk for helseføremål, reknar NAFKAM dette som i tråd med definisjonen som følgjer av §2 i alternativ behandlingslova.
I Noreg er «Feldenkraismetoden» registrert som varemerke hos Patentstyret, og yrkestittelen «Feldenkraispedagog» er privatrettsleg verna og forbehalden medlemmene av den norske interesseorganisasjonen for Feldenkraispedagogar (NFAFP). Difor vil du ofte sjå symbolet ® når du les om denne metoden. Dette gjer det rimeleg å anta at dei fleste som kallar seg «Feldenkraispedagog» i Noreg og tilbyr opplæring i metoden, er medlemmar i dette forbundet og må halde seg til det interne regelverket deira.
Det er vist i forsking at helseplager generelt, kan dempast og motverkast gjennom medvitsgjering, øvingar og trening.
Det er gjort fleire kliniske studiar av Feldenkraismetoden for helseplager og -formål. Ved søk i kjeldene våre i november 2024 fann vi fleire oppsummeringar av slik forsking på Feldenkraismetoden; for ulike formål som psykiske problem, smertelindring, rørsleevne (mobilitet), førlighet, stødigheit/balanse og førebygging av fall, ulike symptom ved MS, og betring av muskelfunksjon og gripeevne. Oppsummeringane byggjer på og overlappar kvarandre delvis i kva plager/hensikter dei undersøker:
Den nyaste er frå 2024, då Sylvia Martin med fleire gjekk gjennom forskinga på Feldenkraismetoden brukt i omsorgen for psykiske helseproblem. Forskarane tok her for seg studiar på livskvalitet, psykiske faktorar, kroppsoppfatning, meistring, mindfulness og kroppsmedvit. Dei fann at forskinga som er gjort tyder på mogleg nytte, særleg for betre kroppsmedvit og kjensleregulering; men også at fleire og meir solide studiar må til for å stadfeste effekt på spesifikke psykiske lidingar.
I 2020 oppsummerte Rèmi Berland med fleire forskinga på ulike verktøy – mellom anna Feldenkraismetoden – innan fysioterapi. Studiane viste at Feldenkraismetoden er effektiv i behandling og førebygging av enkelte kliniske tilstandar. Forskarane fann at metoden betrar mobilitet, balanse og livskvalitet hos eldre, og betrar balansen hos personar med sjukdomar som rammar hjernen, ryggmargen eller perifere nervar der nervevevet gradvis brytast ned (Alzheimers sjukdom, Parkinsons sjukdom og Huntingtons sjukdom). For lindring av kroniske korsryggsmerter meinte forskarane at Feldenkraismetoden har effekt på linje med ryggskular og trening av kjernemuskulaturen. For alle tilstandane som vart vurderte i denne oppsummeringa med tanke på effekt av Feldenkraismetoden, trengst det meir forsking før ein kan stadfeste det.
Hillier og Worley gjekk i 2015 gjennom i alt 20 studiar av Feldenkraismetoden. Dei fann at fleire av dei rapporterte om positive effektar som reduksjon i opplevd innsats, smertelindring, auka kroppskontroll og livskvalitet. Men forfattarane peikte på metodiske svakheiter ved studiane som gjorde at dei etterlyste meir og betre forsking før ein kan seie dette sikkert. Dei peikte på at effektane som var funne i studiane såg ut til å vere knytt til endringa av rørsler, meir enn dei nye rørslemønstra som vart innøvde.
Ernst og Canter gjekk i 2005 gjennom seks studiar av Feldenkraismetoden. Desse omfatta smerte og angst ved kroniske korsryggplager, smerter i nakke og skulder, spiseproblem, rehabilitering etter hjarteinfarkt – uavhengig av studiane sine forskingsspørsmål og for kva hensikt behandlinga vart brukt. Forfattarane vurderte studiane til å ha betydelege metodologiske svakheiter. Trass i nokre interessante funn gjorde kvaliteten på studiane at dei ikkje kunne trekkje nokon overordna konklusjonar om effekt på tvers av dei.
Placeboeffekten
I likskap med all behandling kan også denne behandlinga ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane ein har til effekten av behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår om Placeboeffekten og alternativ behandling.
Frå forskinga finst det generelt lite dokumentasjon om risiko og tryggleik ved helserelatert bruk av Feldenkraismetoden. Ifølgje Natural Medicines har metoden vore brukt i kliniske studiar som har vart opp til 15 veker, utan hendingar som tyder på sannsynleg risiko.
Utover vanlege, milde og forbigåande biverknader som ein kjenner frå manuell behandling, fysisk trening og øvingar generelt, blir risikoen rekna som låg.
For gravide og ammande
LactMed hadde på søketidspunktet ingen informasjon om Feldenkraismetoden. Natural Medicines vurderer dokumentasjonen for desse gruppene som utilstrekkeleg.
I slike høve rår dei difor generelt gravide og ammande til å vere på den sikre sida og avstå frå bruk. Samstundes peikar dei på at det ikkje finst grunn til å mistenkje spesifikk risiko ved Feldenkraismetoden – verken for den gravide eller ammande kvinna, eller for fosteret/babyen.
Vurderer du alternativ behandling?
Les pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsråd og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Feldenkraismetoden blir omtala som ein teknikk for å betre medvitet, helsa og rørslefunksjonane. Metoden vart utvikla av den russisk-israelske ingeniøren Moshe Feldenkrais (1904–1984), og består av ei rekkje spesifikke fysiske rørsler og kombinasjonar av desse, som ein får tilrådd og opplæring i hos ein Feldenkraispedagog.
Grunnlaget hans var tufta på prinsippet om å «lære å lære», gjennom medviten oppleving av nye og mindre anstrengande rørsler. Ein lærer ved å bli medviten om, og ved å kjenne forskjellen mellom gamle og nye rørsler når det gjeld energibehov, kompleksitet og komfort. Læringa omfattar òg å bli gjort merksam av andre på eigne rørsler – kva som er meininga med dei, instruktøren si tilbakemelding på utføringa, å ta til seg nye rørsler og å gjenskape dei sjølv.
Nye rørsler og repetisjon av dei etablerer ifølgje Feldenkrais nye nerveforbindelsar mellom den motoriske hjernebarken og nervesystemet, og hjelper kroppen til å røre seg meir naturleg og behageleg. Feldenkrais kalla dette «personleg vekst og utvikling».
I praksis består Feldenkraismetoden av to hovuddelar:
- Funksjonell integrasjon (FI): Utførast med éin klient om gongen. Klienten ligg på ei benk, og instruktøren utfører rørsler på klienten sin passive kropp for å lære og tilvenne kroppen dei nye og riktigare rørslemønstra.
- Awareness Through Movement (ATM): Gruppeundervisning der instruktøren gir verbal rettleiing gjennom rørslesekvensar som deltakarane utfører sjølve.
Forsking på helserelatert bruk
Frå forskinga veit ein at Feldenkraismetoden er brukt ved ei rekkje ulike helseplager, tilstandar og formål, mellom anna:
- Angst, velvære, humør og livskvalitet hos vaksne kvinner (Netz et al. 2003)
- Balanse og kroppslig funksjon hos utviklingshemma (Torres-Unda et al. 2017, Jimenez-Mazuelas et al 2024)
- Cerebral parese (Liptak 2005)
- Fibromyalgi (Kendall et al. 2001, Giorgi et al 2023)
- Kognitive funksjonar hos eldre (Ullmann et al. 2016)
- Kroniske smerter generelt (Stephens et al. 2020), korsryggsmerter (Paolucci 2017), nakkesmerter (Ernst og Canter 2005) og skuldersmerter (Lundblad et al. 1999, Chinn 1994)
- Mobilitet, balanse/stødigheit og gange hos eldre (Ullmann et al. 2010, Vrantsidis et al. 2009, Hillier et al. 2010)
- MS (Johnson et al. 1999)
- Parkinsons: motorikk og gange (Kang et al. 2021), samt depresjon og livskvalitet (Teixeira-Machado et al. 2015)
- Rehabilitering etter slag (Walter et al. 2020, Batson et al. 2005, Nair et al. 2005)
- Slitasjegikt/artrose (Webb et al. 2013)
- Spiseforstyrringar (Fortin et al. 2012, Laumer et al. 1997)
- Stemmeforstyrringar (Emerich 2003)
Ifølgje ei undersøking av Buchanan et al. (2014) var smerter hovudgrunnen til å oppsøkje amerikanske Feldenkraispedagogar.
Andre namn:
Awareness Through Movement (ATM), Feldenkrais Bodywork, Functional Integration (FI), Gestalt Synergy.
Søk i november 2024 etter informasjon om Feldenkraismetoden i NatMedPro og Drugs and Lactation Database (LactMed) [Internet]. Bethesda (MD): National Library of Medicine (US); 2006-.
Søk etter systematiske kunnskapsoppsummeringar av randomiserte kliniske effektstudiar i PubMed, The Cochrane Library, Web of Science, Embase og CAM-Cancer (november 2024)
- Batson G, Deutsch J: Effects of Feldenkrais Awareness Through Movement on balance in adults with chronic neurological deficits following stroke: a preliminary study. Complement Health Pract Rev. 2005, 10: 203-210
- Berland R, Marques-Sule E, Marín-Mateo JL, Moreno-Segura N, López-Ridaura A, Sentandreu-Mañó T. Effects of the Feldenkrais Method as a Physiotherapy Tool: A Systematic Review and Meta-Analysis of Randomized Controlled Trials. International Journal of Environmental Research and Public Health. 2022; 19(21):13734.
- Brummer M, Walach H, Schmidt S. Feldenkrais 'Functional Integration' Increases Body Contact Surface in the Supine Position: A Randomized-Controlled Experimental Study. Front Psychol. 2018 Oct 24;9:2023. doi: 10.3389/fpsyg.2018.02023. PMID: 30405500; PMCID: PMC6207614.
- Bruset S, Poleszynski D V. Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste A/S 1994. ISBN 82-7010-250-4, s.95-96
- Buchanan, P.A., Nelsen, N.L. & Geletta, S. United States Guild Certified Feldenkrais Teachers®: a survey of characteristics and practice patterns. BMC Complement Altern Med 14, 217 (2014). https://doi.org/10.1186/1472-6882-14-21
- Chinn J., Trujilo D., Kegerreis S., Worrel T. Effect of a Feldenkrais intervention on symptomatic subjects performing a functional reach. Isokinetics and Exercise Science. 1994;4(4):131–136.
- Emerich KA. Nontraditional tools helpful in the treatment of certain types of voice disturbances. Curr Opin Otolaryngol Head Neck Surg. 2003 Jun;11(3):149-53. doi: 10.1097/00020840-200306000-00003. PMID: 12923353.
- Ernst, E.; Canter, P.H. The Feldenkrais Method—A Systematic Review of Randomised Clinical Trials. Phys. Med. Rehabil. Kurortmed. 2005, 15, 151–156.
- Feldenkrais Guild® of North America (FGNA): Pain relief (hentet 01.12.21)
- Feldenkrais M. Awareness through Movement: Health Exercises for Personal Growth. London, UK: Arkana; 1990.
- Fortin, Sylvie & Vanasse, Chantal. (2012). The Feldenkrais method and women with eating disorders. Journal of Dance and Somatic Practices. 3. 127-143. 10.1386/jdsp.3.1-2.127_1.
- Frey, Rebecca & Skinner, Patricia: The Gale Encyclopedia of Alternative Medicine: Ci-G, 2020, Feldenkrais, p.1003-1007
- Hillier, S.; Worley, A. The Effectiveness of the Feldenkrais Method: A Systematic Review of the Evidence. Evid.-Based Complement. Altern. Med. 2015, 2015, 752160
- Hillier, Susan & Porter, Louise & Jackson, Kate & Petkov, John. (2010). The Effects of Feldenkrais Classes on the Health and Function of an Ageing Australian Sample: A Pilot Study. The Open Rehabilitation Journal. 3. 62-66. 10.2174/1874943701003010062.
- International Feldenkrais Federation: Reference database (hentet 01.12.2021)
- International Feldenkrais Federation: Standards of Practise (hentet 01.12.21)
- Jimenez-Mazuelas MJ, Gonzalez-Perez de Villar N, De Casas-Albendea S, Martinez-Gimeno L, Jimenez-Gonzalez S, Angulo-Carrere MT. Somatosensory and dynamic balance improvement in older adults with diabetic peripheral neuropathy through sensorimotor exercise: A multisite randomized controlled trial. J Bodyw Mov Ther. 2024 Oct;40:2062-2073. doi: 10.1016/j.jbmt.2024.10.041. Epub 2024 Oct 24. PMID: 39593566.
- Johnson, S. K., Frederick, J., Kaufman, M., and Mountjoy, B. A controlled investigation of bodywork in multiple sclerosis. J Altern Complement Med 1999;5(3):237-243
- Kang SH, Kim J, Kim I, Moon YA, Park S, Koh SB. Dance Intervention Using the Feldenkrais Method Improves Motor, and Non-Motor Symptoms and Gait in Parkinson's Disease: A 12-Month Study. J Mov Disord. 2021 Nov 3. doi: 10.14802/jmd.21086. Epub ahead of print. PMID: 34724780.
- Kendall, S. A., Ekselius, L., and Gerdle, B. Feldenkrais intervention in fibromyalgia patients: a pilot study. J Musculoskel Pain 2001;9(4):25-35.
- Laumer U, Bauer M, Fichter M, Milz H. Therapeutische Effekte der Feldenkrais-Methode "Bewusstheit durch Bewegung" bei Patienten mit Essstörungen [Therapeutic effects of the Feldenkrais method "awareness through movement" in patients with eating disorders]. Psychother Psychosom Med Psychol. 1997 May;47(5):170-80. German. PMID: 9265198.
- Liptak GS. Complementary and alternative therapies for cerebral palsy. Ment Retard Dev Disabil Res Rev. 2005;11(2):156-63. doi: 10.1002/mrdd.20066. PMID: 15977320.
- Lundblad I., Elert J., Gerdle B. Randomized controlled trial of physiotherapy and Feldenkrais interventions in female workers with neck-shoulder complaints. Journal of Occupational Rehabilitation. 1999;9(3):179–194. doi: 10.1023/A:1021301801292
- Lærum E, Brox JI, Storheim K et al. Nasjonale kliniske retningslinjer. Korsryggsmerter – med og uten nerverotaffeksjon. Formidlingsenheten for muskel- og skjelettlidelse, 2007.
- Martin S, La Monica C, Soto L, Latocha V. Feldenkrais method and clinical psychology: A systematic literature review exploring the potential of Feldenkrais Method in psychiatric care. Complement Ther Med. 2024 Oct;85:103073. doi: 10.1016/j.ctim.2024.103073. Epub 2024 Aug 14. PMID: 39151592.
- Nair D, Fuchs A, Burkart S, Steinberg F, Kelso J: Assessing recovery in middle cerebral artery stroke using functional MRI. Brain Inj. 2005, 19: 1165-1176
- Netz, Y. and Lidor, R. Mood alterations in mindful versus aerobic exercise modes. J Psychol. 2003;137(5):405-419.
- Norsk Forbund for Autoriserte Feldenkraispedagoger (NFAFP): Feldenkraismetoden.no (hentet 01.12.2021)
- Norsk Patenstyre: Feldenkrais (hentet 01.12.2021)
- NOU 1998:21 Om alternativ medisin: Kap. 6.2 Oversikt over en del alternativmedisinske behandlingsformer, 6.3.25 Trening, øvelser og teknikker, samt 6.3.25.3 Feldenkrais.
- Ot.prp. nr. 27 (2002-2003): Om lov om alternativ behandling av sykdom mv. Vedlegg 2: Alternative behandlingsformer som ikke er omtalt i kapittel 4
- Paolucci T, Zangrando F, Iosa M, De Angelis S, Marzoli C, Piccinini G, Saraceni VM. Improved interoceptive awareness in chronic low back pain: a comparison of Back school versus Feldenkrais method. Disabil Rehabil. 2017 May;39(10):994-1001. doi: 10.1080/09638288.2016.1175035. Epub 2016 May 23. PMID: 27215948.
- Stephens, James & Hillier, Susan. (2020). Evidence for the Effectiveness of the Feldenkrais Method. Kinesiology Review. 9. 1-8. 10.1123/kr.2020-0022.
- Teixeira-Machado L, Araújo FM, Cunha FA, Menezes M, Menezes T, Melo DeSantana J. Feldenkrais method-based exercise improves quality of life in individuals with Parkinson's disease: a controlled, randomized clinical trial. Altern Ther Health Med. 2015;21(1):8-14.
- Torres-Unda J, Polo V, Dunabeitia I, et al. The Feldenkrais Method improves functioning and body balance in people with intellectual disability in supported employment: A randomized clinical trial. Res Dev Disabil. 2017;70:104-112.
- Ullmann G, Williams HG, Hussey J, Durstine JL, McClenaghan BA. Effects of Feldenkrais exercises on balance, mobility, balance confidence, and gait performance in community-dwelling adults age 65 and older. J Altern Complement Med. 2010;16(1):97-10
- Ullmann, Gerhild & Williams, Harriet. (2016). The Feldenkrais Method® can enhance cognitive function in independent living older adults: A case-series. J of Bodywork & Movement Therapies. 20. 512-517. 10.1016/j.jbmt.2015.11.017.
- Ullmann, Gerhild. (2017). Health-related Outcomes of the Feldenkrais Method in Children and Adults: State of the Art and Future Perspectives. Conference poster, World Congress Integrative Medicine & Health 2017, Berlin, Germany
- Vrantsidis F, Hill KD, Moore K, Webb R, Hunt S, Dowson L. Getting Grounded Gracefully: effectiveness and acceptability of Feldenkrais in improving balance. J Aging Phys Act. 2009;17(1):57-76
- Webb R, Cofré Lizama LE, Galea MP. Moving with ease: feldenkrais method classes for people with osteoarthritis. Evid Based Complement Alternat Med. 2013;2013:479142. doi:10.1155/2013/479142