Bowenteknikken

Bowenteknikken er ein type varsom massasje.
Bilete
Hender som presser på nakke.
Foto: Ingun A. Mæhlum

Bowenteknikken er ei form for massasjebehandling der behandlaren utfører varsomme, spesifikke grep på pasienten, hovedsakeleg med tommel- og peikefinger. Behandlarane kallar desse grepa for Bowengrep. Desse grepa skal ifylgje læra aktivere kroppen si evne til å helbrede seg sjølv. 

Behandlinga søkjer å fjerne blokkeringar ved å stimulere kroppen til å helbrede seg sjølv, slik at han kjem i balanse att. Dette er ikkje ulikt tankane i fleire andre  alternativmedisinske terapiar, men Bowenterapeutene orienterar seg meir mot vestleg medisinsk helse- og sjukdomsforståing: dei forklarar Bowengrepa med at dei får hjerna til å rette merksemd mot problemområdet og sende signal attende gjennom nervesystemet, med beskjed om å "reparere" problema.

fysiologien har ein forskjellige forklaringar på korleis Bowenteknikken og andre massasjeteknikkar kan lindre smerte. Dette kan du lese meir om i artikkelen vår om fysikalske behandlingar.

Ved søk i desember 2023 inneheldt kjeldene våre ei oppsummering av forskinga på Bowenteknikken.

I denne gjennomgangen frå 2011 fann Christine Hansen og Ruth Taylor-Piliaemed at mange av studiane som var gjort på Bowenteknikken synte verknad i smertelindring og i forbedra funksjon/ rørsle i ledda hjå personar med langvarige (kroniske) plager. Men, forfattarane understreka at desse  funna bør tolkast varsamt, kvaliteten på studiane varierte ein del.

Etter våre kriterie ligg det ikkje føre nok påliteleg dokumentasjon til å kunne slå fast at Bowenteknikken har slik effekt. Mer forsking er naudsynt for at ein skal kunne seier dette sikkert.

Fysikalsk/ manuell behandling vert i utgangspunktet rekna som trygge hvis dei vert gitt på rett måte, i den forstand at behandlaren har tilstrekkelege kunnskapar om kropp og sjukdom, og røynsle med korleis teknikken skal utførast. Nokre slike vert imidlertid rekna som meir risikofylte enn andre, og personar med andre/ underliggande sjukdom bør generelt vere varsomme med slik behandling. Dette kan du lese mer om i den generelle artikkelen vår  om fysikalsk behandling og smertebehandling.

Ifylgje Natural Medicines er det ikkje rapportert om biverknadar i dei studiane som har blitt gjort på Bowenteknikken. Dei anser metoden som mest truleg trygg å bruke. Det norske forbundet for utøvarar av Bowenteknikken opplyser om at Bowen-prosedyra for behandling av såre/ ømme bryst ikke skal brukast på kvinner som har brystimplantat.

Alle som vil kan kalle seg Bowenterapeut og praktisere metoden utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i Bowenteknikken gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Graviditet og amming

Ifylgje Natural Medicines er ikkje informasjonen om tryggleik for desse gruppene tilstrekkeleg. Men dei seier samtstundes at det neppe er nokon grunn til å forvente risiko for desse gruppene ved bruk av Bowenteknikken. 

Lactmed inneheldt på søketidspunktet ingen informasjon om Bowenteknikken.

Ifylgje det norske utøverforbundet skal ein ikkje nytte Bowenmetoden si «halebeinsprosedyre» på gravide, fordi dei frykter at dette kan føre til abort. 

Generelle tryggingsreglar

Bowenteknikken er ein type massasjebehandling. Ein reknar at det var australiaren Thomas Bowen som utvikla behandlinga, på 1950-talet. Bowenerapeutane bruker spesielle "Bowengrep" på pasienten når dei behandlar. Desse vert hovudsakleg utførte med tommel og peikefinger.

Terapeutane konsentrerer seg om forsiktig massasje av musklar, sener, leddband og bindevev. Dei omtaler behandlinga si som heilskapleg, og seier at dei ikkje rettar behandlinga mot spesifikke symptom og plager, men søkjer å påverka ubalansar som forårsakar symptom så som smerte.

Bowenterapeuter seier at dei legg vekt på behandla bindevevet, og meiner at behandlinga kan påverka også andre delar av kroppen enn nett der behandlinga blir gitt. Dei meiner og at kroppen sjølv prioriterer kvar behovet for behandlinga deira er størst.  

Første time startar vanlegvis med at behandlaren har ein samtale med pasienten om kva han eller ho har komme for. Med bakgrunn i samtalen bestemmer behandlaren seg for behandlingsopplegget, som er definert i faste Bowenprosedyrar. Desse har ofte namn etter kva problemområde dei blir brukte ved, eksempelvis skulderprosedyren og ankelprosedyren.

Behandlaren legg vanlegvis inn pausar i behandlinga, fordi dei meiner at dette gir kroppen høve til å gjera justeringar sjølv, før dei held fram med behandlinga. Det er vanleg at ei behandling totalt varer i ca 45 minutt.

Frå forskinga veit ein at Bowenteknikken vert nytta for ulike helseproblem og -føremål, så som smertar, utmatting (fatigue), avspenning, frosen skulder, stress samt i rehabilitering etter slag. Utøvarforbundet Bowen therapy federation of Australasia nevner og fibromyalgi, CFS/ ME, karpaltunnel-syndrom, kjeveleddsdysfunksjon (TMJ), angst og depresjon, astma, idrettsskade og traume etter ulukke.

Andre navn

Bowen technique, Bowen therapy, Bowenwork

Read more about NAFKAM

Other websites from NAFKAM: