Nevrolingvistisk programmering/ psykologi (NLP)

NLP er ein sjølvhjelpsteknikk som byggjer på tanken om korleis menneskespråket og såkalla "indre kommunikasjon" påverkar tankar, kjensler og åtferd – og at dette igjen påverkar helsa.

NLP står for nevrolingvistisk programmering/psykologi. NLP er ei form for sjølvhjelp, der ein først skal bli medviten om kvifor ein tenkjer som ein tenkjer og gjer som ein gjer. Med denne sjølvinnsikta skal ein så kunne identifisere ugunstige tanke- og åtferdsmønster, som ifølgje teorien bak utgjer mennesket sine eigne avgrensingar i møte med ulike utfordringar ein lever med eller støyter på.

Ifølgje NLP-metoden kan ein fjerne slike avgrensingar ved å endre tanke- og åtferdsmønster frå negative til positive. Dette kan ein ifølgje metoden oppnå ved å lære seg nye språkmønster. Slike skal ifølgje teorien skape positiv endring og utvikling.

I Noreg blir det tilbydd instruksjon/kurs i NLP, med mål om at deltakarane skal lære seg metoden for eigen bruk etterpå. Dei som tilbyr slike kurs, kallar seg ofte helsecoach, NLP-coach eller NLP-practitioner.

Interesseorganisasjonen Norsk Forening for Coaching & NLP (NFCN) er godkjent av helsemyndigheitene som organisasjon for utøvarar av alternativ behandling, slik at medlemmene deira kan stå i det offentlege registeret for utøvarar av alternativ behandling. På nettsidene sine presenterer forbundet NLP som ein «moderne form for kognitiv psykologi» og «læra om korleis mennesket og hjernen fungerer». Helserelatert bruk av NLP er òg undersøkt gjennom kliniske studiar (sjå kapittelet Bakgrunn eller forskingsbiblioteket PubMed).

I Noreg krev opplæring i NLP verken helsefagleg autorisasjon, offentleg lisens, spesialistgodkjenning eller liknande. Tilbod og utøving av dette skjer så vidt vi veit, hovudsakleg utanfor helsevesenet og ordinære behandlingstilbod.

Når pasientar får opplæring eller rettleiing frå instruktørar i sjølvhjelpsteknikkar til bruk for helseplager/formål, reknar NAFKAM dette som i tråd med definisjonen som følgjer av alternativ behandlingslova §2.

Ved søk i november 2025 i kjeldene våre var det to oppsummeringar av forskinga på NLP; begge av studiar på delvis overlappande helserelaterte formål:

Zaharia mfl. fann i si oppsummering frå 2015 at NLP viste positiv effekt til dømes på fobiar, angst og depresjon, medan forskarteamet leia av Sturt i si oppsummering frå 2012 fann lite bevis for at NLP hadde nokon effekt av betydning ved vektnedgang og -kontroll, morgonkvalme eller avvenning frå rusmiddelmisbruk.

Begge forskarteam peikte på at konklusjonane deira bar preg av den avgrensa mengda og kvaliteten på studiane som var gjort, og at meir og betre forsking var nødvendig for å kunne seie noko sikrare om effekt av NLP.

Placeboeffekten

Som med all anna behandling kan også NLP ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som blir sett i gang av forventningane ein har til behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling. 

Frå forskinga ligg det føre lite opplysningar om risiko og tryggleik ved helserelatert bruk av NLP.
Ifølgje utøvarane kan det oppstå til dels kraftige reaksjonar som følgje av at ein tek tak i negative tankar, kjensler og handlingar. Norske psykologar og anna helsepersonell har peikt på at manglande kompetanse og kyndigheit hos NLP-instruktørar under slike negative reaksjonar i verste fall kan bidra til at tilstanden blir forverra.

Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden kan òg oppstå dersom symptom blir tolka feil eller oversett av pasienten og/eller behandlaren, slik at nødvendig behandling blir forseinka. Dette gjeld alle former for behandling.

For gravide og ammande

Ved søk i Natural Medicines og LactMed fann vi ingen særskilt informasjon om tryggleiken ved NLP for gravide og kvinner som ammar.

Vurderer du alternativ behandling?

Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggleiksreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Omgrepet nevrolingvistikk er sett saman av orda «nevro» og «lingvistikk», og peikar på ein antatt samanheng mellom mennesket sine sanseorgan og språk. Nemninga «programmering» viser til at det blir antatt at ein kan «omprogrammere» sine responsar (kjensler og handlingar). Ifølgje utøvarane er positiv tenking og positiv språkbruk helsefremjande og står sentralt i all eigenbehandling/-utvikling.

NLP blei på 1970-talet vidareutvikla av lingvisten J. Grinder og matematikar/psykoterapeut R. Bandler, på bakgrunn av psykoterapeutiske metodar som opphavleg blei brukt for å endre og utvikle individ sine haldningar og reaksjonar til omgjevnadene; ofte hos personar med ulike psykiske plager og/eller sosiale utfordringar (angst, frykt, fobiar, sinnemestring med meir).

Frå forskinga veit ein at NLP er brukt som behandling ved ei rekkje ulike helseplager, -tilstandar og -formål, mellom anna: allergi, avvenning frå rusmiddelmisbruk, morgonkvalme hos gravide (Zaharia et al 2015), angst og depresjon (Peng et al 2015), helseangst generelt, og frykt/redsel før operative inngrep spesielt (Doğan et al 2022), smerter og ubehag etter operative inngrep (Doğan  et al 2021), vektreduksjon og spisevanar (Sørensen et al 2011).

NLP har utvikla seg i ulike retningar og blir i dag brukt både helserelatert og som verktøy for utvikling av ferdigheiter og prestasjonar, til dømes innan idrett, kunst og kultur, samt som verktøy innan organisasjonsutvikling.

Søk etter oppsummert forsking i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer (november 2025)

Søk etter informasjon i Drugs and Lactation Database (LactMed) og Natural Medicines Comprehensive Database (november 2025)

Other websites from NAFKAM: