Gerson-terapi vart utvikla på 1930-talet i USA av tyskararen Max Gerson. Han meinte at ei rekkje sjukdomar, plager og lidingar oppstod fordi det hopa seg opp giftstoff og avfall i kroppen, noko som førte til overbelasting og svikt i immunforsvaret.
Dette skulle ifølgje Gerson føre til ei lang rekkje sjukdomar og plager; mellom anna tuberkulose, autoimmune sjukdomar, diabetes, hjarte- og karsjukdom, hovudverk og migrene, leddgikt med meir. I Europa er Gerson-terapien kanskje mest kjend som ei alternativ form for kreftbehandling.
Gerson-terapien går i korte trekk ut på å reinse kroppen – å fjerne giftstoff og avfall – og styrkje immunforsvaret, slik at kroppen skal kunne lækje seg sjølv. Eit sentralt element for Gerson var å auke nivået av kalium i kroppen og senka nivået av natrium. For å oppnå dette seier Gerson-terapien at ein berre skal ete økologisk vegetarkost, og berre drikke fersk frukt- eller grønsaksjuice. I tillegg skal ein nytta ulike kosttilskot og ta kaffiklyster jamleg. Ein vanleg «kur» tek ifølgje Gerson 18 månader.
Behandlinga skjer på eiga hand, der ein følgjer Gerson sine generelle råd, eller ved at ein søkjer rettleiing hjå såkalla Gerson-terapeutar («certified Gerson practitioners»), som tilbyr helseanalyse, individuelt tilpassa kosthaldsplan, helsecoaching og oppfølging undervegs. I utlandet finst det eigne Gerson-klinikkar som tilbyr slik behandling under opphald.
Vi er ikkje kjende med at det finst Gerson-terapeutar i Noreg, men det kan finnast kosthaldsrettleiarar, helsecoachar, naturterapeutar eller liknande som tilrår rå plantekost, juicing og avgifting utan å kalla det Gerson-terapi.
Variantar: ingen kjende
Engelsk namn: Gerson therapy, Gerson method, Gerson diet
Verkar det?
Ved søk i kjeldene våre i mars 2026 fann vi ingen kunnskapsoppsummeringar av forsking på Gerson-terapi. Fleire helseautoritetar peikar på at det heller ikkje er gjennomført randomiserte kontrollerte kliniske studiar, og at det som er publisert i hovudsak består av kasustudium og ukontrollerte studiar. Les gjerne ekspertgruppa CAM-Cancer si vurdering av Gerson-terapi ved kreft.
Placeboeffekten
I likskap med all behandling kan også denne behandlinga ha ein placeboeffekt. Dette er ein effekt som vert sett i gang av forventningane ein har til verknaden av behandlinga. Les meir om dette i artikkelen vår Placeboeffekten og alternativ behandling.
Er det trygt?
Det finst heller ikkje solid dokumentasjon på tryggleiken ved Gerson-terapi.
Alle kan kalla seg «Gerson-terapeut» eller liknande, og praktisera metoden utan krav til utdanning. Eventuell opplæring i metoden eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller ansvar som autorisert helsepersonell har.
Det er rapportert om Gerson-terapeutar som rår pasientar til å vente med eller stoppe medisinsk behandling til fordel for Gerson-terapi. Ved alvorleg sjukdom kan dette føre til alvorleg helseskade og død. I Noreg er det ifølgje lovverket for alternativ behandling, forbode og straffbart for personar som ikkje er autorisert helsepersonell å gje slike råd og å behandle alvorleg sjukdom.
Rapporterte problem ved bruk av Gerson-terapi inkluderer:
- Underernæring og vekttap
- Elektrolyttforstyrringar, infeksjonar og tarmskadar knytte til kaffiklyster
- Forstopping, dehydrering, diaré, kvalme, influensaliknande symptom
- Forstyrringar i hjarterytmen, nummenheit i musklar, stikking, lammingar og mogleg hjartesvikt
- Forverring av sjukdom fordi viktig medisinsk behandling vert utsett eller avslutta
Det er og rapportert alvorlege komplikasjonar og dødsfall som vert knytt til Gerson-terapien.
NB for gravide/ammende, barn, alvorleg sjuke, eldre og andre særleg sårbare grupper
Det finst inga forsking som seier noko om tryggleiken ved Gerson-terapi spesielt for sårbare pasientgrupper som desse, men det som er nemnt ovanfor gjer samla sett at mange helsefaglege autoritetar reknar Gerson-terapi som omstridd og risikofylt for alle pasientgrupper.
Generelt kan negative effektar oppstå oftare og gje større konsekvensar for sårbare pasientar enn for andre, og det bør difor visast ekstra varsemd. I slike tilfelle tilrår også kjelder som NatMedPro og LactMed å ikkje nytta behandlinga før ein veit meir om tryggleiken for desse gruppene.
Vurderer du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.
Kjelder
Søk i mars 2026 etter oppsummert forsking på Gerson-terapi i PubMed, The Cochorane Library, Web of Science og Embase, samt etter informasjon i CAM-Cancer, Drugs and Lactation Database (LactMed) og NatMedPro
- Cancer Council Australia: Gerson therapy
- Cancer Research UK: Gerson therapy
- Eisele, JW, & Reay, DT. Deaths related to coffee enemas, JAMA. 1980; 244: 1608-9.
- Gerson, Max (1930): Min diæt, en raadgiver for syge og sunde. Jespersen og Pios forlag. København og Oslo.
- The Gerson Institute: How it works (hentet 31.03.26)
- National Cancer Institute (NCI): Gerson therapy
- Mora D, Wider B, CAM-Cancer Consortium. Gerson therapy [online document], Jul 31, 2023 (hentet 15.03.26)