Diagnosemetodar

Når alternative behandlerar undersøker helsetilstanden din for å finne ut kva som feiler deg og anbefale behandling for deg, har dei mange metodar, teknikkar og verktøy å velge mellom.

Somme alternative behandlarar seier likevel at dei «ikkje stiller diagnose».
 
Men så lenge dei spør pasientane sine kva som feilar dei – eller brukar teknikkar eller verktøy som grunnlag for å seie noko om dette og kva som kan hjelpe, blir det rekna som diagnostikk (lenke til Store medisinske leksikon)
 
Det finst heller ikkje noko krav til kompetanse eller juridisk terskel til det å undersøkje og slå fast ein person sin helsestatus, for å tilrå eller gi alternativ behandling. (Behandling i/ frå den offentlege helsetenesta som til dømes i sjukehus, frå spesialisthelsetenesta eller med reseptpliktige legemiddel, krev derimot undersøking og stadfesting frå lege, som i Noreg brukar WHO sin internasjonale standard for diagnosar (ICD - lenke til ehelse.no).
 
Felles for mange av diagnosemetodane på den alternativmedisinske marknaden er at dei ikkje har støtte i vitskapen og etter allmenne dokumentasjonsprinsipp, til at dei kan skilje tilstrekkeleg mellom friske og personar som treng behandling.
 
Dette betyr at diagnosar som du får hjå alternative behandlarar, ikkje nødvendigvis betyr at du treng behandling. Dersom du får ei vurdering av helsesituasjonen og behandlingsbehovet frå ein alternativ behandlar, bør du likevel fortelje legen din om dette. Samtidig bør du alltid sjekke med legen din dersom du føler at noko ikkje er som det skal vere. 
 
Nokre av diagnosemetodane på dette området er nært knytte til spesifikke terapiar sine teoriar, forståing av sjukdom og helse og antakingar om korleis terapien verkar (verknadsmekanisme). Døme på slike terapispesifikke diagnosemetodar er auradiagnostikk, bioresonans, detox-bad, soneterapeutisk diagnose, kinesiologisk testing av muskelreaksjonar, fysikalske testar av rørsle i ledd, med fleire.
 
Andre diagnosemetodar er mindre terapi-spesifikke. Desse kan til dømes basere seg på prøver av biologisk materiale (hår, blod, urin, avføring med meir) frå pasienten, som vert analysert av terapeuten eller eksterne laboratorium. Terapeuten vil då bruke resultata frå analysen saman med si sjukdomsforståing og terapierfaring til å seie kva som feilar pasienten og tilrå behandling. Slike testar blir brukte av mange og ulike terapeutgrupper, og kan gjere at du kan få tilrådd fleire og ulike behandlingsformer.
 
Nokre av diagnosemetodane som alternative behandlarar brukar, har òg klare likskapstrekk med metodar som blir brukte innanfor skulemedisinen. Til dømes hender det at legar ser på tunga eller auge, undersøker pulsen, testar musklane, tek ei blodprøve eller bestiller ein test av pasienten sine genar.
 
Mange alternative behandlarar legg og vekt på pasienten sine særtrekk som individ når dei skal setje ein diagnose; både fysiske og psykiske trekk.
 
NAFKAM har skrevet faktaartiklar om somme alternativmedisinske diagnosemetodar, men lista er ikkje uttømmande:
 
  • Auradiagnostikk
  • Bioresonans
  • Blodanalyse
  • Detox-bad
  • Hårmineralanalyse
  • Kinesiologisk muskeltesting
  • Mørkefeltsmikroskopi
  • Puls- og tungediagnostikk
  • Synske evner
  • Soneterapeutiske og refleksologiske metodar
  • Urindiagnostikk
     

Verd å vite om alternativmedisinske diagnosemetodar

Alternative behandlarar brukar ofte nemningar som "ubalanse" eller "blokkeringar i energistraumen". Ofte vil dei forklare desse som den underliggande grunnen til pasienten sine symptom og den diagnosen som legen har sett.

Andre alternative behandlarar vil derimot bruke nemningar som frå skulemedisinen; som til dømes stress, parasittar, sopp, allergi og intoleranse. Men dei tolkar dei ikkje nødvendigvis slik legen gjer, og kan difor rå til andre måtar å behandle dei på. Det er ikkje uvanleg at forskjellige alternative behandlarar gir deg fleire eller ulike diagnosar, og dermed rå til komplekse og samansette behandlingsforslag, slik TV2 Helsekontrollen fann (lenke til TV2).

Vurderer du alternativ behandling? Då bør du lese pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval. 

Other websites from NAFKAM: