Chaga er ein kjuke; som er ein tre-aktig, parasittisk sopp som veks på bjørketre i Europa, Russland, Korea samt i delar av USA og Canada.
Chaga har tradisjonar som folkemedisin blant flleire ulike folkegrupper, både som generelt styrkjande for helsa, som førebyggjande og som medisin ved mange ulike helseproblem.
Mellom anna vert chaga sagt å ha krefthemmande, immunregulerande, blodreinsande, betenningsdempande, blodsukkersenkjande og bakterie- og virushemmande verknadar. Frå forskinga som er gjort, veit ein at chaga har blitt nytta mellom anna ved hjarte- og karsjukdom, diabetes, magekatarr, kreft, leversjukdom, tuberkulose og parasittar. På internett finn ein i dag og omtalar av chaga med påstandar om medisinsk verknad ved blant anna AIDS, Alzheimers, angst, Parkinsons og leddgikt.
I dag vert chaga omsett både som rå vare, oppmala til pulver eller te og som kosttilskot i form av tablettar, kapslar eller flytande ekstrakt.
Andre namn
Inonotus obliquus, kjuke, kreftkjuke, Birch Mushroom, Chaga Conk, Chaga Mushroom, Champignon de l’Immortalité, Cinder Conk, Clinker Polypore, Diamant de la Forêt, Don de Dieu, Siberian Chaga, Tchaga.
Analyse av soppen har synt at den inneheld fleire stoff med kjende gunstige verknadar: eit breidt spekter av aminosyrer, næringsstoff (polysakkarid, betaglukan, melanin, betulin og betulinsyre) og mineral (kalsium, kalium, magnesium, jern, fosfor, sink, silisium, og vitamina B2, B3 og D2), og har ein høg antioksidantverdi (Store norske leksikon).
Desse stoffa veit ein kan styrkje immunforsvaret, og seinke blodsukkeret og kolesterolet. Per juli 2023 var det ingen oppsummeringar i kjeldene våre av forsking på chaga, korkje for slike verknadar eller for andre helserelaterte føremål. Etter våre kriterie tyder dette at det ikkje ligg føre nok solid dokumentasjon til å kunne seie om chaga har verknad på nokon helseproblem eller ikkje.
Det finst generelt få rapportar om biverknadar ved slik bruk av chaga, og ifylgje Natural Medicines ligg det føre for lite påliteleg dokumentasjon til å kunne seie noko om tryggleiken ved medisinsk bruk av chaga.
Det er rapportert om tilfelle av nyresvikt og akutt nyresjukdom (nefropati, lenkje til Store norske leksikon) som vert knytt til høgt inntak av chaga, spesifikt på grunn av oksalatet (salt frå oksalsyre, lenkje til Store norske leksikon) i soppen.
Tradisjonell bruk av chaga går ut på at soppen vert turka og mala opp til pulver, som ein lagar te/ avkok og liknande drykkje av. Slike produksjonsmåtar kan by på risiko knytt til dei hygieniske tilhøva, doseringa og innhaldet av eventuelt andre stoff i det ferdige produktet.
Brukt samstundes, kan chaga seinke verknaden av medisinar og urtar med blodfortynnande og immundempande verknad, samt av vanlege lækjemiddel for diabetes. Det er og mogleg at chaga kan forverre autoimmune sjukdommar (så som multippel sklerose, lupus (SLE) og leddgikt); auke øke risikoen for blødning hjå pasientar med blødingsforstyrringar og seinke blodsukkeret hjå diabetes-pasientar.
For gravide og kvinner som ammar
LactMed inneheldt på søketidspunktet ingen informasjon om chaga. Fordi det manglar nok påliteleg informasjon om tryggleiken, rår Natural Medicines gravide og kvinner som ammar om å ikkje bruke chaga før ein veit meir.
Generelle tryggingsreglar
- Snakk med lækjaren din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke.
- Snakk med instruktøren/ terapeuten/ behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få klarheit i korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp.
- Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.
- NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av NAFKAMs omtalar eller manglande omtalar.
- Sjekk om din behandlar står i Registeret for utøvarar av alternativ behandling i Brønnøysundregistera.
Flere av lenkjene fører til eksterne nettstadar.
- Søk den 06.08.21 i Drugs and Lactation Database (LactMed) [Internet]. Bethesda (MD): National Library of Medicine (US); 2006 på chaga.
- Natural Medicines: Chaga (hentet 28.04.21, krever abonnement)
- Norsk sopp- og nyttevekstforbund: Kjuker - innføringshefte for nybegynnere 2020.
- Søk i juni 2020 etter systematiske kunnskapsoppsummeringer i CAM Cancer, Cochrane Library, Ovid EMBASE, PubMed og Web of Science
- Lu Y, Jia Y, Xue Z, Li N, Liu J, Chen H. Recent Developments in Inonotus obliquus (Chaga mushroom) Polysaccharides: Isolation, Structural Characteristics, Biological Activities and Application. Polymers (Basel). 2021 Apr 29;13(9):1441. doi: 10.3390/polym13091441. PMID: 33947037; PMCID: PMC8124789.
- Nikitina SA, Khabibrakhmanova VR, Sysoeva MA. Khimicheskiĭ sostav i biologicheskaia aktivnost' triterpenovykh i steroidnykh soedineniĭ chagi [Composition and biological activity of triterpenes and steroids from Inonotus obliquus (chaga)]. Biomed Khim. 2016;62(4):369–375. doi:10.18097/PBMC20166204369
- RELIS.no: Spørsmål og svar om chaga