Utviklinga i bruken av alternativ behandling i Noreg, 2012-2024

Alternativ behandling er populært hjå mange nordmenn. Difor har vi undersøkt bruken av slik behandling over mange år, og leitt etter trender.

Av seniorforskar Agnete E. Kristoffersen og Trine Stub, forskar 1 (research professor), båe NAFKAM

Mellom 2012–2024 intervjua NAFKAM om lag sju tusen nordmenn om bruken deira av alternativ behandling. Vi har sett på kva behandlingsformer dei brukte, frå besøk hjå alternativ behandlar, bruk av urter og naturmiddel, til sjølvhjelpspraksisar  som meditasjon og yoga. 

Målet med desse undersøkingane har vore å få bedre forståing av kven som bruker alternativ behandling, kvifor og korleis folk bruker dette, og ikkje minst om bruken har endra seg over tid.

Vi fann ingen store endringar med omsyn til kven som brukte alternativ behandling og kor mange som nytta det i den aktuelle perioden. Det vi derimot fan, var korleis bruken av ulike terapiar har endra seg over tid.

Nordmenn sin bruk av alternativ behandling er stabil – men også i endring 

I 2012 svara 45 % av deltakarane at dei har brukt minst ei form for alternativ behandling dei siste 12 månadene. I 2016 fell andelen til 36 %, og vi tenkte at bruken var på veg ned, men så snudde det. I 2024 var bruken 46 %, som var nesten identisk med nivået tolv år tidlegare. 

Likevel er det noko som har endra seg i løpet av desse åra. Talla viser at færre oppsøker alternativ behandlar, medan fleire brukar eigenbehandling med natur(lækje)middel og sjølvhjelpsteknikkar som meditasjon, mindfulness og yoga: 

Kvinner brukar mest alternativ behandling

Kvinner nyttar seg i større grad av alternativ behandling enn menn, og denne skilnaden har vore uendra over tid. I 2012 rapporterte 36 % av mennene og 54 % av kvinnene at dei hadde brukt alternativ behandling, mot 38 % av mennene og 56 % av kvinnene i 2024:

Kjønnsskilnadane i val av alternative behandlingsformer har derimot endra seg over tid. Til dømes har gapet mellom kvinner og menn som oppsøkjer alternative behandlarar gått ned frå 18 prosentpoeng (46 versus 27 %)  i 2012 til 6,9 prosentpoeng (30 versus 23 %) % i 2024. Denne nedgangen skuldast ein nedgang i bruken hjå begge kjønn, med større nedgang blant kvinner enn blant menn. 

Ei mogleg forklaring på dette er den store prisauken på behandling hjå alternative behandlar etter innføringa av 25 % meirverdiavgift i 2021. Denne effekten kan ha blitt forsterka av ein generell kostnadsvekst på fleire områder i samme periode. Som eit resultat kan mange, særlig kvinner, ha valgt rimelegare alternativ for å ivareta og forbetre si eiga helse.

Denne utviklinga vert reflektert i auka bruk av natur(lækje)middel og sjølvhjelpsteknikkar, som har vore meir markant blant kvinner enn blant menn. Til dømes har kjønnsskilnaden i bruk av urter og natur(lækje)middel auka frå 5 prosentpoeng (15% versus 9%) i 2012 til 16 prosentpoeng (36% versus 20%) i 2024. På same måten har skilnaden i bruk av sjølvhjelpsteknikkar auka frå 10 % til 17 % i same perioden. 

Den generelt høgre bruken av alternativ behandling blant kvinner samanlikna med menn, kan truleg forklarast med større helsemedvite blant kvinner, større openheit for heilskaplege tilnærmingar, og skilnadar i helsebehov mellom kjønna. 

Mest vanleg lant unge vaksne 

Bruken av alternativ behandling fell markant med aukande alder i alle sju undersøkjingane, med høgst bruk blant personar under 50 år. Dette reflekterar eit generasjonsskilje i tilnærminga til helse og behandling, til tross for at helseutfordringane ofte er større blant eldre.

Blant dei yngre vaksne kan den høgare bruken reflektere større openheitfor nye trendar innan behandling og eigenomsorg, samt større vilje til å eksperimentere med alternative terapiar. Lågare bruk blant dei eldste kan på si side skuldast sterkare tilknytting til skulemedisinen, basert på tillit, kjennskap og ein viss skepsis til alternative behandlingar. Avgrensa kjennskap og tilgang til informasjon om slik behandling kan også medverke til lågare bruk i denne aldersgruppa.

Utdanning spelar ei rolle 

Denne trenden har vore konsistent gjennom alle tolv åra. Ei mogleg forklaring kan vere at personar med høgre utdanning ofte har større helsemedvite, betre økonomiske ressursar og lettare tilgang til informasjon. Dette kan gjere det enklare for dei å utforske og bruke alternative behandlingar. 

I tillegg har personar med høgre utdanning ofte betre helse. Dette kan delvis knyttast til interesse for forebyggjing og eigenomsorg. Bruk av alternativ behandling, sjølvhjelpsteknikkar og natur(lækje)middel kan vere del av ei heilskapleg tilnærming for å halde oppe god helse og forebyggje sjukdom  i denne gruppa.

Folk med god helse brukar minst alternativt

Folk som opplever at dei har god helse, brukar sjeldnare alternativ behandling enn dei som seier at dei har middels eller dårleg helse. For personar med kroniske eller alvorlege helseplager, kan alternativ behandling vere eit supplement til skulemedisin, spesielt når slik behandling ikkje gir dei den verknaden dei ønskjer, er vanskeleg å få tilgang til, eller gir dei plagsomme biverknadar.

Alternativ behandling har ofte heilskapleg tilnærming med omsyn til både livsstil, kosthald og mental helse. Dette kan vere spesielt attraktivt for dei som har samansette helseplager, og som ynskjer slik heilskapleg tilnærming framfor behandling av enkeltvise symptom.

Samtidig såg vi i 2024 ei auke i bruken av alternativ behandling blant personer med god helse. Dette kan skuldast ei veksande interesse for sjølvhjelpsteknikkar og natureige metoder som yoga, meditasjon og produkt frå naturen. For mange handlar dette om auka velvere og førebyggjing av sjukdom, snarare enn å behandle spesifikk sjukdom.

Inntekt ikkje viktig

Inntektsnivået ser ut til å ha begrensa betyding for bruken av alternativ behandling, men det kan likevel påverke kva typar behandling brukarar vel. Mange former for alternativ behandling, så som meditasjon, yoga og medisinplanter, kan vere gratis eller sers kostnadseffektive. 

I tillegg har nettressursar og sjølvhjelpsmetodar gjort det enklere å nytte slike behandlingar uten store økonomiske utgifter. Dette bidreg til at alternativ behandling har blitt meir tilgjengelig for dei fleste, uavhengig av den økonomiske situasjonen deira.

Kor mykje pengar bruker nordmenn på slik behandling? 

Analysane våre syner at dei som brukar slik behandling, i gjennomsnitt brukar rundt 3 800 kroner kvar årleg. Desse utgiftene har vore relativt stabile over tid, med ein indeksregulert kostnad på 3 713 kroner i 2012 og 4 671 kroner i 2024. Det har imidlertid vore variasjonar i dette, med eit botnnivå på 3 049 kroner i 2020 og ein topp på 5 133 kroner i 2022. 

Konklusjon og vegen vidare

Studien vår viser at bruken av alternativ behandling i Noreg har vore stabil dei siste tolv åra, samstundes som typen behandling som vert bruka, har endra seg. Besøk hjå behandlar har gått ned, medan eigenbehandling har auka. Kvinner, yngre, høgt utdanna og personar med dårlegare helse er dei som oftast nytter alternativ behandling. Dette tyder på at alternativ behandling har blitt ein integrert del av nordmenn sine helsevanar.

Denne utviklinga understreker behovet for at helsepersonell tileignar seg kunnskap om pasientar sin bruk av alternativ behandling og dokumenterer dette i pasientjournalen, særleg for å avdekke moglege interaksjonar med medisinsk behandling. 

Difor er det viktig med tydelege retningsliner og - der det er hensiktsmessig - ei forsvarleg integrering av alternative behandlingar med dokumentert verknad i helsevesenet. NAFKAM på si side, har ei viktig rolle i å overvake og varsle om trendar som kan truge pasienttryggleiken.

Lese meir?
Sjå tabellen vår over korleis bruken av ei rekkje alternative terapiar har utvikla seg - klikk her, eller les heile artikkelen vår her:

Kristoffersen AE, Stub T. Trends in prevalence and associations of complementary and alternative medicine use in Norway 2012-2024: Insights from seven biennial cross-sectional studies. BMC Complement Med Ther. 2025;25(1):444.

5 viktige punkt frå studien vår:  

  1. Bruken av alternativ behandling i Norge er stabil – men endrar form  
    Kring 40–46 % av befolkinga brukte alternativ behandling i perioda 2012–2024. Totalnivået har vor relativt stabilt, men type behandling som vert bruka, har endra seg over tid. 

  2. Færre går til alternativ behandlar – fleire brukar urter og sjølvhjelp  
    Besøk hjå behandlarar som til dømes akupunktørar og massasjeterapeutar gjekk markant ned utover i perioda, særleg i tida kring pandemien. Samstundes auka bruken av urter og sjølvhjelpspraksisar (yoga, meditasjon, mindfulness og andre mentale teknikkar) kraftig. Bruken av urter meir enn dobla seg. 

  3. Kvinner, yngre vaksne, høgt utdanna og personar med dårleg helse er dei som brukar mest alternativ behandling  
    Desse gruppene er stort sett dei mest aktive til å bruke alternativ behandling i perioden. Kvinnene toppar alle kategoriar, særleg når det gjeld bruk av sjølvhjelpsteknikkar og urter. 

  4. Pandemien, media og samfunnsdebatten og digitalisering har påverka utviklinga  
    COVID-19 førte til lågare bruk av alternative behandlar under nedstengninga, men auka behovet for mental støtte og sjølvhjelpsraksisar. Digitaliserte tenester som appar og sosiale medie har gjort sjølvhjelp og eigenbehandling meir tilgjengeleg og aktuelt. 

  5. Pengebruken er stabil   
    Til tross for moms og auka prisar, har gjennomsnittsbrukaren sine kostnadar auka lite i perioden, og utgjer i snitt 3800 kroner per år. Dette viser at alternativ behandling har fått ein fast og synleg plass i befolkinga medisinske verktykasse.  

Other websites from NAFKAM: