Mennesket har alltid vore interessert i å forstå sjukdom. Å undersøkje urinen, har vore nytta som diagnosemetode i lang tid.
Sidan urin kjem frå innsida av kroppen, trudde ein at det var mogleg å seie noko om kva som føregjekk i kroppen basert på denne væska. Til dømes har farge, bobler eller skum i urinen blitt tolka som teikn på sjukdom. I tillegg meinte ein at visse smakar og lukter frå urinen kunne gi svar på kva som var problemet. Dette blei òg sett i samanheng med teorien om ubalanse mellom dei fire kroppsvæskene svart og gul galle, blod og slim (humoralpatologi). Liknande tankegang finn vi framleis innan alternativ behandling som tibetansk medisin og unani-medisin.
Frå midten av 1800-talet har helsearbeidarar gått frå å bruke sansane åleine i vurdering av urinen, til å bruke mikroskop og andre teknologiske hjelpemiddel som kom med framveksten av den evidensbaserte medisinen, moderne kjemi og fysikk. Ifylgje artikkelen «Sykepleiere kan lukte urinveisinfeksjon» på forskning.no brukar helsepersonell framleis sansane sine i møte med pasientar for å finne ut kva som feilar dei, men ikkje i same grad som tidlegare. Meir om diagnostisering ved hjelp av urin i helsevesenet/skulemedisinen kan du lese hjå Store medisinske leksikon.
På den alternativmedisinske marknaden finst det ei rekkje testar av urinen, og mange teoriar om kva helseproblem ein kan påvise med slike. For dei fleste av desse manglar det vitskapleg støtte for samanhengen mellom urinen og dei symptoma ein opplever. Difor reknar ein ikkje dette som tilstrekkeleg eller påliteleg til å avgjere behov for behandling og val av behandlingsmetode.
Vurderer du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helsevalg.
Kjelder
- Tidsskrift for Den norske legeforening: Urin har vært brukt til så mangt, Sverre Myren-Svelstad og Jostein Halgunset (12.12.2017)
- Tidsskrift for Den norske legeforening: Urinundersøkelse gjennom tidene, Sverre Myren-Svelstad og Jostein Halgunset (19.03.2018)
- Store medisinske leksikons artikkel om urin