Sølvvatn

Sølv har vore brukt som antibakterielt middel lenge. Sølvvatn er eit kosttilskot av vatn som er tilsett små sølvpartiklar.
Bilete
Bilde av vann som helles i et glass
Foto: Colourbox.com

Sølv (Ag) er eit metallisk grunnstoff, som finst som mineral i naturen. Det har kjend verknad mot bakteriar, sopp og algar, og har vore brukt lenge både mot sjukdom og for andre føremål. 

Fram til kring 2.verdskrigen vart  bakterieinfeksjonar behandla med sølv, då det vart erstatta av antibiotika. Den antibakterielle verknaden kjem av at sølvpartiklar bind seg til og øydelegg protein. I dag vert sølv nytta i behandlinga av sår og utvortes infeksjon, typisk med krem/ salve med sølvsulfadiazin, nano- og ioniserte sølvpartiklar i bandasjar, med meire. 

Sølvvatn er ei type kolloidalt sølv, som vil seie destillert vatn som er tilsett små partiklar av sølv. På marknaden vert dette tilbydd hjå ei rekkje norske og utanlandske nettbutikkar; i flytande form og som krem/ salve. Den flytande utgava vert i Noreg regulert som kosttilskot. Det har og vore reklamert for eigne “sølvvatngeneratorar”, som vil seie maskinar som ved hjelp av elektrolyse let deg produsere sølvvatn sjølv. 

Ifylgje tilbydarar og forkjemparar kan sølvvatn drikkast, dryppast i nasen, øyra eller augene, smørast på huda eller setjast det som injeksjon eller intravenøst. Påstandane om helseverknadar er mange, for ei lang rekkje plager - frå betre sårheling, styrking av immunforsvaret, forebyggje luftvegsplager, forkjøling og influensa, koronavirus/ COVID-19-sjukdom, høysnue og tett nase, lungebetennelse, biholebetennelse (sinusitt), augebetennelse, herpes, prostata-problem, akne, til kreft og HIV/AIDS. 

Mykje av omtalen av sølvvatn har basert seg på folkegrupper utanfor Europa som visstnok ikkje vert ramma av sjukdomar som er vanlege her hjå oss (så som nyrestein, tannproblem, artritt, osteoporose eller hjartesjukdom); og at forklaringa på dette er at drikkevatnet deira inneheld mange mineral - særleg sølv - og at dette verkar forebyggjande mot slike sjukdomar og plager.

Forkjemparar freistar også å støtte seg på kunnskapen vi faktisk har om helseverknaden av sølv, og det vi så langt veit om behandling med nanopartiklar og ionar generelt. Nokre meiner og at sølv/ sølvvatn kan erstatte vaksinar. 

Andre namn

Kolloidalt sølv, ionisert kolloidalt sølv, Argent Colloïdal, Argent Ionique, Argent Natif, Argentum Metallicum, Colloidal Silver Protein, Ionic Silver, Native Silver, Plata Coloidal, Plata coloidal, Protéine d'Argent, Silver, Silver Alginate, Silver Protein, Tetrasilver Tetroxide, Tétroxyde de Tétra-Argent

Samanhengane mellom dei nemnde sjukdomane og naturleg forekomst av essensielle mineral i drikkevatnet er ikkje prova. Sølv er då heller ikkje noko "essensielt mineral" som menneskekroppen treng for å fungere: Mennesket treng ikkje sølv i det heile. Sølv inngår korkje i enzym, hormon, biologiske eller fysiologiske prosessar. Det har ingen kjent rolle i stoffskiftet, og gir ingen helsegevinstar ved inntak.

Vi har god kunnskap om helseverknaden av sølv i legemiddel, og forskinga på behandling med nanopartikler og ionar generelt er lovande. Men kunnskapen vi har om dette, kan ikkje utan vidare overførast til å gjelde for sølvvatn i form av kosttilskot. 

Det er ingen haldepunkt i forskinga for at sølvvatn kan erstatte nokon vaksinar.

I Noreg/ Europa er det ikkje lov å reklamere for sølvvatn eller andre kosttilskot med helsepåstandar.

Placeboeffekten

Som med all anna behandling, kan også denne ha ei placeboeffekt. Dette er ein effekt som vert sett i gang av forventningane pasienten har til verknad av behandlingen. Dette kan du lese meir om i artikkelen vår om Placeboeffekten og alternativ behandling.

Menneske får naturleg i seg små spor av sølv gjennom mat, vatn og luft. Nesten alt sølvet du får i deg vert effektivt skilt ut gjennom urin og avføring. Det finst ikkje noko "tilrådd dagleg inntak" av sølv; fordi kroppen ikkje treng det.

Kroppen klarar imidlertid ikkje å bryte ned metallisk sølv. Lang tids bruk eller høge dosar kan dermed føre til at sølv vert teke opp og lagra i kroppen (i huda, neglane, organ og slimhinner). Dette vert rekna som årsaka til argyri - ein tilstand der huden og neglane vert gråblå, og til synstap (argyrose). 

Oppsamla sølv i kroppen kan føre til skadeleg tungmetallforgifting i organ som lever, nyre og milt, til kognitiv svikt og til nevrologiske plager. Det er og kjent at sølvvatn kan svekke kroppen si evne til å ta opp jod. Sølvvatn som er injisert eller sett intravenøst, vert knytt til lågare serumnivå av kopar, alvorleg blodmangel (anemi) og lågt antal kvite blodceller (leukopeni). 

Forskarar mistenkjer og at langvarig bruk kan skade beinmargen og føre til beinmargskreft. Det er for tidleg å avgjere om sølvvatn kan skade mennesket sitt DNA, slik nokre forskarar fryktar.

Å lage sølvvatn sjølv med såkalla "sølvvatn-generator" vert rekna som risikabelt, fordi det kan være vanskeleg å ha nøyaktig kontroll med mengda av sølvpartiklar i det ferdige produktet.

I 1999 kom det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet FDA med ei fråsegn om at marknadsføring av sølvvatn for medisinske føremål vert rekna som feilmerking og difor ulovleg reklame, fordi det ikkje fanst nok bevis for tryggleik og verknad av sølvvatn. 

På bakgrunn av dette reknar NatMedPro sølvvatn som truleg utrygt å bruke for medisinske føremål, og rår difor folk til å ikkje bruke sølvvatn som medisin mot sjukdom eller helseplager. 

NB ved graviditet og amming

Det er observert unormal utvikling av øyre, andlet og hals hjå babyar der mødrene har hatt høgt sølvnivå under graviditeten. Inntil meir er kjent, vert gravide og ammande kvinner difor rådde til å vere på den sikre sida og unngå terapeutisk bruk av sølv/ sølvvatn.

Vurderer du alternativ behandling? 

Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsregler og tips til korleis du kan ta meir informerte helseval.

Other websites from NAFKAM: