Desse spørsmåla vil forskarane i det komande STARPOP-prosjektet (Sensorisk Testing i ein Arktisk POPulasjon) å få svar på, fordi dette bety noko for korleis ein skal forstå resultat i smerteforskinga; nærare bestemt i studiar der ein brukar metoden kvantitativ sensorisk testing (KST).
Ein av fordelene med denne forskingsmetoden er nemleg ein stor internasjonal database med måledata frå friske personar sortert etter alder og kjønn. Denne gjer det mogleg å samanlikne resultat i målingar av smertetersklar og kor kjenslevar ei er. Men, så langt har denne databasen mangla referansedata frå folk som bur i arktiske strok.
-Prosjektet kjem til å supplere databasen med slike måledata, og vi vil undersøke om det er viktige forskjelar i desse storleikane utfra kvar ein bur hen i verda, seier professor Frauke Musial som er ansvarlig for prosjektet.
Bidra til forskinga?
Studien vil gå føre seg i Tromsø, og startar opp i 2026. Det skal målast og hentast inn data frå i alt 50 friske studiedeltakarar. Meir informasjon kjem.