Nevralterapi

I nevralterapi set ein injeksjonar med lokalbedøvande middel og saltvatn. Dette skal hjelpe mot smerter og mange andre sjukdomar og helseplager.
Bilete
Bilde av sprøyte mot blå bakgrunn
Foto: Colourbox.com

Nevralterapi tyder ”behandling av nervesystemet”. Terapien er særleg innretta mot smerter og ulike smertetilstandar, men forkjemparane meiner også at terapien er relevant for fleire andre helseplager, som dei meiner oppstår i nervesystemet. 

Behandlingen går føre seg ved å gi pasienten injeksjonar av middel med lokalbedøvande verknad, eller med fysiologisk saltvatn.

I Noreg er dei aktuelle legemidla tilgjengelege kun på resept eller etter søknad om godkjenningsfritak frå lege. Også det å sette injeksjonar med slike medikament krevjer etter lovverket autorisasjon som lege.

I dette høvet vurderer vi at dei definerande krava i Lov om alternativ behandling av sykdom mv §2 ikkje er oppfylde: Nevralterapi blir hovudsakeleg gitt innanfor helsevesenet, av autorisert helsepersonell (lege). Difor reknar ikkje NAFKAM nevralterapi som alternativ behandling i Noreg. 

Hvis ikkje-autoriserte personar gir nevralterapi i Noreg, kan det bli rekna som brot på alternativ behandlingslova sin §5. Medisinske inngrep eller behandling som kan medføre alvorlig helserisiko. Dette kan medføre straff etter lova sin §9.

Vurderer du å få slik behandling i utlandet, bør du vere merksam på at regelverka for hva som reknast som offentleg helsehjelp og alternativ behandling varierer fra land til land. Dette vil si at nevralterapi i utlandet kan tilbys av personer uten dokumentert kompetanse eller offentlig autorisasjon/ lisens; og at deres plikter, krav og begrensinger samt din sikkerhet som pasient kan være annerledes enn i Norge.

Kilder

Other websites from NAFKAM: