Slike produkt vert ofte omtala som "medisinsk cannabis", og bruk av dei vert ofte kalla "medisinsk bruk av cannabis". Slik behandling vert rekna som skulemedisin, sidan behandlaren må vere lege og bruken går føre seg i regi av den offentlege helsetenesta.
Bruk av cannabis som ikkje er fått på resept frå lege, er ulovleg ihht norsk narkotikalovgiving. Slik bruk vert ikkje rekna som "alternativ behandling".
Narkotikalovgivinga varierar frå land til land, slik at kva som vert rekna som lovleg medisinsk bruk varierar: Nokre stadar er cannabis regulert som helsebehandling, og ein kan lovleg skaffe seg og bruke det til medisinske føremål også utan resept frå lege.
I eit slikt internasjonalt perspektiv har NAFKAM si internasjonale ekspertgruppe CAM-Cancer oppsummert forskninga på cannabis og cannabinoidar brukt for kreftrelaterte plager og problem (kvalme og oppkast, vekttap/ anoreksi, smaksforstyrringar og smerter). Les konklusjonane deira her.
Kjelder
- Helsedirektoratet: Rekvirering av cannabisrelaterte legemidler og produkter
- Legemiddelhåndboken: G13.6 Cannabis og T5.3.5.1 Medisinsk cannabis