Hårmineralanalyse skal kunne seie noko om det manglar eller er for mykje av visse mineral i kroppen, og prove om pasienten har tungmetallforgifting.
Metoden kviler delvis på akseptert kunnskap, ved at stoff i blodet vert bunde opp i hårstrå etter kvart som dei veks, og at inntak av stoff som legemiddel, rusmiddel og liknande kan finnast att gjennom håranalyse.
Denne metoden vert brukt som supplement til andre testar, til dømes i idretten (ved mistanke om doping), i rettsmedisinen (ved identifisering, eller mistanke om forgifting) og ved nokre typar helsehjelp frå det offentlege. Meir om slik håranalyse kan du lese hjå Oslo universitetssykehus.
Innan alternativmedisinen vert det nesten like omgrepet hårmineralanalyse brukt. Utøvarar av dette er opptekne av kva slags og kor mykje mineral dei kan finne i pasienten sitt hår, fordi dei meiner at ei rekkje helseproblem skuldast forgifting frå det ytre miljøet og feilernæring med for lite eller for mykje av visse mineral; og at dette syner seg i pasienten sitt hår.
Hårmineralanalysen skjer ved at utøvaren tek ut hårstrå frå pasienten og sender dei til analyse hjå kommersielle laboratorie, der dei vert brente til aske. Asken vert så analysert for mengda av ulike mineral, og utfrå det vert det laga ein rapport med oversikt over pasienten sine verdiar og nivå på ulike område; sett opp mot kva som vert rekna som normale og optimale verdiar.
Utøvaren brukar denne informasjonen som grunnlag til å føreslå behandling med endringar i kosten eller bruk av kosttilskot, vitamin og mineral. Nokre utøvarar meiner også at metoden kan brukast til å påvise sjukdom eller plage som dei meiner kjem av tungmetall eller giftstoff (toksin) i kroppen. Dette gjeld til dømes allergiar, intoleransar, ADHD og autisme. Dei vil derfor ofte supplere behandlinga med detox, som skal reinske ut og avgifte kroppen for skadelege stoff.
Forkjemperarar for hårmineralanalyse kan og føreslå nye analysar undervegs i forløpet, for å undersøkje om behandlinga deira verkar eller må justerast.
Andre namn
Håranalyse, hair (mineral) analysis, hair mineral profiling.
Her kan du lese om andre alternative diagnosemetodar.
Verkar det?
Det er ikkje støtte i helsevitskapen for at alternativmedisinsk hårmineralanalyse er eit påliteleg verkty til å påvise sjukdom og behandlingsbehov:
Både Barrett (1985), Seidel et al (2001) og Drasch et al (2002) gjorde forsøk der hårprøver frå same, friske personar vart sende til fleire forskjellige laboratorie for hårmineralanalyse. Både "normalverdiane", pasientane sine resultat og dei behandlingsbehova som laboratoria oppga, varierte så mykje at forskarane i alle tre studiane konkluderte at slike tenester var upålitelege, uvitskaplege og økonomisk bortkasta.
Er det trygt?
Sjølve undersøkjinga med å ta nokre hårstrå frå pasienten vert rekna som ufarlig, men forsinka fagleg undersøkjing og verksam behandling kan forverre helsetilstanden din. Hvis du mistenkjer at du er sjuk, bør du difor ikkje velje bort eller utsetje medisinfagleg undersøkjing til fordel for hårmineralanalyse.
Vurderer du alternativ behandling?
Les då pasientrettleiinga vår, med generelle tryggingsreglar og tips til korleis du kan ta meir informerte helsevalg.
Kjelder
- Alternativ.no: Hårmineralanalyse
- Barrett S. Commercial hair analysis. Science or scam? JAMA. 1985 Aug 23-30;254(8):1041-5. PMID: 4021042. Nov;36(3):1077-86. doi: 10.1016/j.etap.2013.09.012. Epub 2013 Sep 30. PMID: 24141206.
- Behandler.no: Hva er hårmineralanalyse?
- Drasch G, Roider G. Assessment of hair mineral analysis commercially offered in Germany. J Trace Elem Med Biol. 2002;16(1):27-31. doi: 10.1016/S0946-672X(02)80005-0. PMID: 11878749.
- Mikulewicz M, Chojnacka K, Gedrange T, Górecki H. Reference values of elements in human hair: a systematic review. Environ Toxicol Pharmacol. 2013
- Seidel S, Kreutzer R, Smith D, McNeel S, Gilliss D. Assessment of commercial laboratories performing hair mineral analysis. JAMA. 2001 Jan 3;285(1):67-72. doi: 10.1001/jama.285.1.67. PMID: 11150111.