Visualiseringsterapi

Ved visualiseringsterapi visualiserer personen at h*n blir frisk fra spesifikke helseproblem, og korleis. Idéen bak terapien er at kroppen blir frisk av denne måten å tenkje på.
Image
Bilde av melaninrik mann i blå skjorte med lukkede øynene.
Foto: Colourbox.com

Visualiseringsterapi er basert på ideen om at ein kan behandle helseproblem ved å sjå føre seg at - og gjerne korleis - ein blir frisk.

Det finst ikkje solid vitskapleg dokumentasjon på at dette verkar mot sjukdom, eller på tryggleiken ved bruk.

Ein reknar visualiseringsterapi som trygt for normalt friske folk, men det er rapportert at personar med visse problem kan oppleve forverring ved bruk av slike teknikkar.

Vi gjer oppmerksam på at denne artikkelen er fleire år gammal og baserer seg berre på oppsummeringer frå The Cochrane Library

Til opplysingar om verknad nyttar vi kunnskapsoppsummeringar av The Cochrane Library. Vi reknar kun slike som tilstrekkeleg for å seie noko om verknad.

Pr. november 2012 var det ingen slike oppsummeringar i Cochrane Library om visualiseringsterapi. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysingar om verknad av visualiseringsterapi. Ut frå våre kriterium, har ein då ikkje tilstrekkeleg støtte frå vitskapen til å hevde at visualiseringsterapi har verknad.

Alle som vil, kan kalle seg t.d. "visualiseringsterapeut" eller praktisere visualiseringsterapi utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i visualiseringsterapi eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Av desse grunnane bør ein vere merksam på at det kan oppstå helseskade dersom den som utfører behandlinga overser viktige symptom, og ikkje rår pasienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle former alternativ behandling.

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleik ved bruk av visualiseringsterapi. Kjeldene våre nemner ingen spesielle grupper som bør unngå å nytte visualiseringsterapi. Visualisering og andre avslappingsteknikkar vert generelt rekna som trygge å bruke for normalt friske folk. 

Biverknadar

Ifylgje kjeldene våre er det ikkje registrert alvorlege biverknadar ved bruk av metoden. Det er rapportert om tilfelle der visualisering og andre avslappingsteknikkar kan ha medverka til forverring hjå epilepsi-pasientar, personar med visse psykiatriske lidingar, eller som har opplevd misbruk eller traume. Dersom ein har slike problem, bør ein snakke med lækjaren sin om det før ein prøvar slike behandlingar.

Generelle tryggingsreglar

Visualiseringsterapi vart gjort kjent i vesten på 1970-talet, av den amerikanske radiologen Carl Simonton og psykoterapeuten Stephanie Matthews-Simonton. Ein meiner at visualisering som behandling òg har røter i eldre kulturar og religionar.

Å visualisere tyder “å sjå for seg”. Når ein freistar å sjå for seg noko for å behandle eit helseproblem, vert det kalla visualiseringsterapi. Til dømes kan du sjå for deg at immunforsvaret går til åtak på sjukdomen, og at du då skal verte frisk. Ifylgje visualiseringsterapeutar kan dette verke positivt på helsetilstanden. 

Visualiseringsterapi kan også femne fleire sansar for å sjå for seg den helsetilstanden ein ynskjer å oppnå. I behandlinga freistar ein å vekkje sanseopplevingar som smak, hørsle, lukt, synsopplevingar og kjensler. Visualiseringsterapi kan gå for seg hjå ein terapeut eller på eiga hand, med hjelp av innspelt lyd. 

Visualiseringsterapi vert ofte kombinert med avslappingsteknikkar som til dømes meditasjon. Ifylgje utøvarane kan slike teknikkar gjere visualiseringa meir effektiv.

Visualisering vert også nytta for å betre prestasjonar, til dømes innan idrett, men det vert ikkje rekna som terapi.

Internasjonalt vert visualiseringsterapi nytta for å behandle fleire typar helseplager. Dette er ikkje det same som at behandlinga er trygg eller har støtte i vitskapen for verknad.

Andre nemningar

Variantar: Styrt meditasjon, guidet visualisering

Engelske namn: Visualization therapy, Guided imagery

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: