Tomatismetoden

Tomatismetoden er ei form for lyttetrening som skal hjelpe ved konsentrasjonsvanskar, hukommelsesvikt med meire.
Image
Bilde av en dame med headset hvor det strømmer ut noter.
Foto: Colourbox.com

Tomatismetoden går ut på at ein skal lytte til lydar og musikk som er bearbeida i et spesielt elektronisk apparat. Lyttetreninga er delt opp i aktive og passive lytteøvingar. Medan  pasienten lyttar med hovudtelefonar til lydane og musikken, vekslar behandlaren mellom å spele av låge og høge lydfrekvensar, ved bruk av ein spesiell forsterkar som terapeutane kallar "det elektroniske øyret".

I Tomatismetoden nyttar ein mest barnesongar, gregoriansk song, opptak av stemmer, samt spesielt utvalde musikkstykker av komponisten W.A. Mozart. Terapeutane meiner at spekteret av lydfrekvensar i desse er særleg eigna for å utvikle lytteevna; som metoden rekna som viktig for å utnytte hjernen si kapasitet til å lære.

Tomatismetoden vert brukt både som eit behandlingsverktøy for helseføremål og som eit pedagogisk verktøy. Grensene mellom desse føremåla kan vere flytande. Ifølge teorien kan metoden vere til nytte for personar med autisme, dysleksi, ADHD, Tourettes syndrom, depresjon, svekka læreevne, dårleg motorikk, språk- og talevanskar, nedsett hukommelse og svake kommunikasjonsevner.

Lytteevne er ikkje ein ålment akseptert og målbar storleik i diagnostisering eller behandling av til dømes autisme, ADHD og Tourettes syndrom.

Sjølv om det finst forsking som syner til helsebringande verknad av å høyre på musikk, ligg det ikkje føre solid vitskapleg støtte for Tomatismetoden sine påstandar om at Mozart sin musikk og gregoriansk song er meir helsebringande enn annan musikk. 

Ved søk i kjeldene våre i juli 2023 inneheldt dei ingen oppsummeringar av forsking på Tomatismetoden som oppfylte kriteria våre (I Cochrane-oppsummeringa si frå 2011 om ulike lyd-terapiar ved autisme (ASD), inkluderte Sinha et al berre èin klinisk studie av Tomatismetoden).

Det vil seie at vi ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon til å kunne seie om Tomatismetoden verkar eller ikkje. Det vi kan seie, er at eventuelle påstandar om verknad manglar solid vitskapleg støtte.

Det ligg ikkje føre solid dokumentasjon av tryggleiken ved Tomatismetoden. Det er lite som tyder på at metoden kan gje uønska kroppslege verknadar, så lenge ikkje lydvolumet er for høgt. 

I Noreg kan alle som vil kalle seg Tomatisterapeut, -konsulent eller -utøvar, og gi slik behandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan Tomatismetoden eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvaret som autorisert helsepersonell har. 

Den største risikoen ved Tomatismetoden er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli dårlegare dersom pasienten sjølv eller etter råd frå terapeuten ventar med eller droppar å gå til legen for undersøking av symptom. Denne risikoen gjelder ved alle typar alternativ behandling.

Generelle tryggingsreglar

Den franske øyre-nase-hals-lækjaren Alfred A. Tomatis (1920-2001) meinte at ein kan forbetre nerveforbindingane mellom kropp, hjerne og stemme ved å trene opp lytteevna.

Tomatismetoden søkjer å utvikle eller attvinne lytteevna, minske øyret si overkjensle for lyd, styrke samanhengen mellom øyre og stemme, og auke trangen til kommunikasjon.

Andre namn

Audiopsykofonologi, audio-psycho-phonology/ APP, lyttetrening, lytteterapi, lyttestimulering, The Tomatis Method, Tomatis Sound Therapy.

Søk i februar 2024 etter oppsummert forsking i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: