Tankefeltterapi (TFT)

Tankefeltterapi er ei behandling som ofte vert brukt for psykiske plager og omarbeiding av vonde minner, i tillegg til fysiske tilstandar som spenningar og smerter.
Image
Bilde av en person som legger to fingre på et håndleddet
Foto: Colourbox.com

Terapien består av samtaleterapi og eit fysisk element kalla tapping. Behandlinga kan gjerast saman med terapeut eller aleine som sjølvhjelpsteknikk. På marknaden finst det fleire variantar og nemningar. I denne artikkelen brukar vi «tankefeltterapi» som eit felles omgrep.

I behandlinga er det vanleg at terapeuten brukar samtale og spørsmål for å få fram negative kjensler eller finne årsaka til eit problem. I tillegg behandlar terapeuten pasienten ved å stimulere forskjellige akupunkturpunkt med ei lett fingerbanking.

Tankefeltterapeuten eller pasienten sjølv bankar med fingrane sine på desse i forskjellige mønster, medan pasienten tenkjer på problemet. Det er denne bankinga terapeutane kallar tapping. Mønstra dei bankar i, vert kalla algoritmar. Kombinasjonen av tapping og konsentrasjon på problemet skal ifylgje terapeutane gjere at uønskte kjensler vert reduserte eller heilt borte. Tapping skal også kunne balansera flyten av pasienten sin livsenergi og redusere vonde kjensler ved at det oppstår ei form for avspenning.

Det finst mange variantar av tankefeltterapi, men dei vanlegaste ein finn på marknaden og i forskinga  er truleg TFT (Thought Field Therapy) og EFT (Emotional Freeedom Technique/s). Båe vert nytta på liknande vis for psykiske plager og uønskte reaksjonar som fylgjer med vonde minner, i tillegg til fysiske utfordringar som smerter og spenningar. Nokre nyttar også ordet "tapping" som omgrep for heile behandlinga, ikkje berre for å meine "lett fingerbanking". 

Opphaveleg stod ideen om tankefeltet sentralt i terapien, men det verkar ikkje å vere like til stade blant norske terapeutar i dag. Dette feltet vert forklart som eit område kring kroppen der all informasjon om mennesket sine erfaringar, oppfatningar og førestillingar vert samla. Du kan lese meir om dette i kapittelet Bakgrunn.

Tankefeltet er eit teoretisk konsept som ikkje er prova etter allmenne vitskaplege prinsipp. Behandling med tankefeltterapi kan likevel syne verknad i helseforskinga. I nokre høve kan dette forklarast ut frå kunnskap om andre mekanismar og samanhengar: 

«Imaginal exposure» vert generelt rekna som eit viktig element i psykologisk traumebehandling. Det er ei form for eksponering der pasienten går inn i traume på ulike måtar: ved å fortelje om eller svare på spørsmål om dei; dramatiserer eller teiknar dei, og liknande.   

Ein veit også at ulike former for sensorisk stimulering og berøring av huda kan påverke hjernen sine prosessar for merksemd, hukommelse og responsar/reaksjonar: Bankinga (tappinga) kan såleis ha verknad på konsentrasjonen og reaksjonar som ein får når ein tenkjer på og talar om vonde minner og kjensler. Ei kunnskapsoppsummering av Feinstein undersøkte i 2023 tappinga si betyding i tankefeltterapien, og fann lovande teikn på at tapping på akupunkturpunkt tilfører verknad ut over samtaleterapien.

Ved søk i kjeldene våre i november 2023 etter systematiske oppsummeringar av forsking på tankefeltterapi, fann vi det fylgjande: 

Ei forskargruppe leda av Purgato publiserte i 2018 ei Cochrane-oppsummering om psykoterapiar for personar som har gjennomgått humanitære kriser. Oppsummeringa inneheld 33 RCT-ar, kor 2 undersøkjer TFT. Som ein generell konklusjon for alle dei inkluderte studiane seier forfattarane at psykoterapiar har effekt for symptom på PTSD, angst og depresjon. Dei understrekar at det er eit behov for meir forsking på feltet grunna lav metodisk kvalitet i dei inkluderte studiane.

I 2016 oppsummerte Nelms med fleire forskinga på effekten av EFT for depresjon. Oppsummeringa inkluderte forskjellige typar studiar, kor 12 av dei var RCT-ar. Forfattarane såg at EFT var like bra eller betre mot depresjon enn standard behandling, og konkluderer difor med at EFT har effekt mot depresjon. 

Ei forskargruppe leda av Clond publiserte i 2016 ei oppsummering om EFT for angst som inkluderte 14 RCT-ar om temaet. Forfattarane konkluderte med at EFT viste effekt mot angst samanlikna med inga behandling. Dei ber om fleire studiar kor EFT blir samanlikna med andre terapiar for å kunne konkludere tydeleg for effekten. 

Ifylgje tankefeltterapeutane er det vanleg at pasientane kjenner seg trøytte eller utmatta, eller at dei vert svimle og kvalme. Dei seier og at pasientane kan oppleve psykisk ubehag ved at andre kjensler og minne om episodar enn dei som vert behandla, kjem opp. Ifylgje terapeutane kan dette vere skremmande, men vert rekna som ufarleg og forbigåande når det vert inkludert i behandlinga.  

Ifylgje NatMed ligg det ikkje føre nok informasjon om biverknader og risiko ved slik behandling til å seie kor trygg den er, men dei skriv samstundes at det ikkje er nokon grunn til å forvente alvorleg risiko ved behandlinga.  

Generelle tryggingsreglar 

  • Snakk med legen din om alternativ behandling som du brukar eller vurderer å bruke.  
  • Snakk med instruktøren/terapeuten/behandlaren om eventuelle helseproblem som du søker hjelp for, og få det klårt for deg korleis metoden skal kunne vere deg til hjelp.  
  • Les gjerne meir om den juridiske trygginga di, og dessutan pasientrettleiinga vår ved bruk av alternativ behandling.  
  • NAFKAM tek ikkje ansvar for pasientar sin eventuelle bruk av alternativ behandling; korkje på basis av NAFKAMs omtalar eller manglande omtalar.  
  • Sjekk om din behandlar står i Registeret for utøvarar av alternativ behandling i Brønnøysundsregistera. 

Tankefeltterapi vart utvikla av den amerikanske psykologen Robert Callahan på 1980-talet. Han forklarte metoden som “en enkel og kortvarig traumeintervensjon som bruker sekvenser av tapping for å stimulere spesifikke akupunkturpunkter mens du tenker på en traumatisk hendelse. Dette letter avspenningsresponsen samtidig med at pasienten eksponeres for problemet ved ganske enkelt å tenke på det”.

I den opphavlege teorien var idéen om tankefeltet eit sentralt element. Denne sa at dersom ein heng seg opp i det som er negativt i opplevingar og førestillingar, kan det føre til ubalansar i kroppen sitt energisystem og forstyrringar i tankefeltet. Dersom desse ikkje vert korrigerte, kan det føre til både psykiske lidingar som fobiar og PTSD, samt kroppsleg sjukdom som kreft og hjartesjukdom. I dag ser ser det ut til å variere kor opptekne norske utøvarar er av konseptet om tankefeltet.

Ifylgje bransjen brukar norske terapeutar i dag fleire, varierte samtaleteknikkar. Nokre brukar det dei kallar positiv affirmasjon, der dei ber pasientane repetere ei setning som til dømes: «Til tross for at eg har/ er...så aksepterar eg meg sjølv fullt ut» medan dei gjennomgår behandling. Andre terapeutar nytter mindre regelbundne teknikkar.   

Tankefeltterapi kan ifylgje terapeutane ha element i seg frå både energiterapicoaching, NLP , EMDR, positiv psykologi, pusteteknikkar og kognitiv samtale- og uttrykksterapi. Dette gjer at ein kan forklare behandlinga på fleire måtar. Mange av terapeutane forklarer ofte behandlinga som ein kombinasjon av psykologi og austleg forståing av kroppen sitt bioelektriske system: Der strøymer livsenergien Qi rundt i kroppen gjennom eit nettverk av meridianar, og skal kunne påverkast i spesifikke akupunkturpunkt rundt om på kroppen.  

Ifylgje norske terapeutar vert TFT-behandling ofte nytta for å behandle stress, angst, depresjon og andre kjenslemessige og psykiske utfordringar; samt til å behandle fysiske tilstandar, som smerter og spenningar.Slik behandling har vore kjent i Noreg sidan idrettspsykologen Mats J. Uldal bringa metoden til landet i 1997, og starta med både pasientbehandling og opplæring av TFT-terapeutar. 

Den internasjonale forskingsdatabasen til Association for Comprehensive Energy Psychology (ACEP) syner til at det gjort forsking på slike teknikkar ved ei rekkje helseproblem: så som ved ulike angstlidingar (agorafobi, tannlækjarskrekk og andre fobiar, prestasjonsangst, posttraumatisk stress/ PTSD), depresjon, demens, autisme, bipolar liding, psykose, sinnestyring og temperament-kontroll, stress, nervøsitet og konsentrasjonsvanskar, eteforstyrringar og søvnproblem.

Ifylgje Nat Med Pro er det også gjort forsking på helsemessig nytte av EFT-behandling ved problem som CFS/ ME, forkjøling, astma, symptom ved fibromyalgi, krampar og anfall, utmatting (fatigue), hovudverk og migrene, stressreaksjonar, kreft, leddplager, frosen skulder, ryggsmerter og andre smertelidingar, psoriasis og andre hudproblem, betennelsar, immunfunksjon og kardiovaskulær funksjon.  

I Noreg krev opplæring/instruksjon i tankefeltterapi verken helsefagleg autorisasjon, offentleg lisens, spesialistgodkjenning eller liknande. Så langt NAFKAM kjenner til, vert slik behandling hovudsakleg tilbode og gitt utanfor den offentlege helsetenesta og det ordinære behandlingstilbodet. Ifylgje terapeutane vert behandlinga også gitt av enkelte psykologar og legar innan den psykiatriske helsetenesta. 

NAFKAM reknar det som alternativ behandling dersom du får behandling eller opplæring i tankefeltterapi frå ein behandlar, eller om du brukar det på eiga hand som ein sjølvhjelpsteknikk.

Variantar 

Mats Uldal Tankefeltteknikker: Idrettspsykologen Mats Uldal (1955-2016) utvikla si eiga retning av tankefeltterapi. Uldal danna skule i Noreg, og forståinga hans av TFT har forma mange av tankefeltterapeutane som verkar i dag.

VT-TFT (Voice technology TFT): Her freistar terapeuten å identifisere kva forstyrring du har ved å lytte til stemma di i telefonen, for så å finne og lære deg kva algoritme du skal tappe med. 

Andre namn og nemningar 

Acupoint tapping, Body Tapping, EFT, Emotional freedom technique, Mats Uldal Tankefeltteknikker, Neurotapping, Psykologisk akupunktur, Tapping, Technique de libération émotionnelle, Técnicas de Liberación Emocional, Thought field therapy, TFT-VT, Voice technology-TFT.  

Søk i desember 2023 etter oppsummert forsking i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Nat Med Pro og Drugs and Lactation Database (LactMed)

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: