Samtale-, psyko- og uttrykksterapiar

Samtaleterapi er ei form for; og vert også kalla psykoterapi. Saman med uttrykksterapiar meiner vi terapiar der samtale og andre måtar å uttrykke seg på vert nytta med helserelaterte føremål.
Image
Kvinnelig samtaleterapeut. Mannlig pasient. Illustrasjon fra Colourbox.com
Illustrasjon: Colourbox.com

Innan slike terapiar ser ein ofte rolla til behandlaren som det å hjelpa pasienten å setja ord på eller på andre måtar uttrykkje tankar, kjensler og emosjonar. Terapiane kan også innehalde element av bevisstgjering og rettleiing av pasienten i det å finna meining med tilværet, i det å setja seg mål og å leggje planar for korleis ein kan nå desse.

Behandlarar som tilbyr forskjellige samtale- og uttrykksterapiar stør seg ofte på klassiske teoriar innanfor psykologien (Store norske leksikon), filosofien (eksistensialisme, Store norske leksikon) eller teoriar som byggjer på desse.

Samtaleterapi (psykoterapi)

Samtaleterapi vert ofte også kalla psykoterapi. Det går i grove trekk ut på at behandlaren opptrer som ein samtalepartnar for pasienten, der behandlaren stiller spørsmål eller ber klienten utbrodere det ein meiner er viktig og problematisk. Samtaleterapiar vert oftast nytta for psykiske eller mentale plager, og fysiske reaksjonar som fylgjer av traumar, angst, depresjon og liknande. Samtaleterapi handlar difor i stor grad om at pasienten gjennom samtale og spørsmål skal reflektera over kva problemet er, ta tak i det på ein konstruktiv og trygg måte, og saman med behandlaren finne moglege løysingar og kva ein kan gjere for å ha det betre.

Dialog, kommunikasjon og samtale mellom pasient og behandlar er tilstades som viktige element i all behandling som ein oppsøkjer terapeut for, men nemninga "samtaleterapi" signaliserar at samtale står sentralt og vert rekna som eit hovudelement i behandlinga.

Uttrykksterapi

For somme kan det vere vanskeleg å setja ord på eller å snakka om problema sine. Då kan ein ha nytte av andre måtar enn samtale og ord å uttrykkja seg på. "Uttrykksterapi" er ei felles nemning for slike aktivitetar som har helserelaterte føremål. Det finst mange variantar av uttrykksterapiar:

Til dømes femner kunstterapi uttrykksmåtar som det å teikne, måle, lage keramikk, syngje, spele eit instrument, danse, mime, framføre drama/skodespel, eller andre former å uttrykkje seg på. Ein viktig del av slik terapi er samtalen mellom pasient og terapeut etterpå, der ein snakkar om og tolkar kva det kunstnariske uttrykket til pasienten betyr.

Dei samtale- og uttrykksterapiane vi har beskrive

I dei følgjande artiklane kan du lesa meir om forskjellige former for samtale- og uttrykksterapiar, og kva forskinga seier om verknad og tryggleik ved bruk av dei:

I Noreg vert mange samtale- og uttrykksterapiar tilbudt både innanfor og utanfor den offentlige helsetenesta. Så lenge dei i hovudsak vert gjeve utanfor, av ikkje-autorisert personell, vert dei handtert som alternativ behandling; i tråd med definisjonen frå Lov om alternativ behandling av sykdom mv.

Her er ei oversikt over dei andre kategoriane av alternativ behandling vi har skrive om, og ei alfabetisk liste med spesifikke behandlingar.  Under finn du også emneknaggen "samtale- og uttrykksterapiar". Ved å trykkja på den kan du følgja arbeidet vårt med å samla og systematisera det vi veit om denne typen behandlingar.

Les meir om kvalitetssikring av artiklane våre.

Generelle tryggingsreglar

Kjelder

Store norske leksikon:

 

    NAFKAM -

    Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

    Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

    Les mer om NAFKAM

    Andre nettsteder fra NAFKAM: